Søk i denne bloggen

lørdag 5. mars 2016

Bok: "James and the Giant Peach"

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1961
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 3t17min38sek, lest av Julian Rhind-Tutt
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit nytt prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

James and the Giant Peach handler om unge James Henry Trotter som bur i lag med sine slemme tanter, Spiker og Sponge. Foreldra hans vart spist av eit nesehorn, og han måtte flytte til tantene sine. Her blir han behandla som ein slave, slag er omtrent dagligdags og det er ikkje mykje mat å få. Etter ein lang dag der han har gjort litt fanteskap møter han ein eldre mann som gir han ingredienser til ein trylledrikk som skal gjere han glede og store eventyr. Dessverre mister han ingrediensene rett ved plommetreet i hagen, og trur alt håp er ute. Dagen etter har det vokst fram ei diger plomme på treet, like stor som eit hus, og dei griske tantene sel billetter til naboene for at dei skal få sjå plomma.

Då det blir kveld sender tantene James ut i hagen for å rydde opp etter dagens besøk, og der oppdager James eit hemmeleg rom i plomma. Her treffer han ein samling insekter i menneskestørrelse som alle vart forstørra på lik linje som plomma. James og insektene rømmer med plomma ut i den store verda, og James oppdager glede og store eventyr akkurat som den eldre mannen sa. Som konklusjon skriver Roald Dahl at det var James som skreiv historien, og eg tenkjer at kven andre skulle gjort det ;-)

Det er som er mest interessant med dette prosjektet er at det er svært få titler av Roald Dahl eg faktisk har høyrt om. Det gjer at det blir heilt nytt for meg, og absolutt ikkje om eg skulle satt i gang med forfatterskapet til Astrid Lindgren eller Anne Cath. Vestly. James and the Giant Peach er like morsom som dei føregåande bøkene eg har høyrt, og legg merke til at dei fleste handler om barn som ikkje har det så greit. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar