Søk i denne bloggen

tirsdag 1. mars 2016

Tematysdag #13: Å lytte til bøker

Kjelde: Pinterest
Bok365 kunne ein i dag lese at fleire vil ha bok på øyret. Strømmetjenestene til Storytel og Lydbokforlaget veks jamnt og trutt, og meir kan ein lese i siste nummer av magasinet BOK (eg er på ingen måte sponsa av verken nettsted eller magasin). Då eg var yngre høyrte eg til tider Barnetimen på radioen, men eg var absolutt ingen ihuga lyttar slik som søstra mi. Ho høyrte i ung alder seg gjennom alt om Anne Cath. Vestlys Knerten, og lyden av Grete Haagenruds stemme som fortalte om Sofie & Kathrine ringer endå i øyrene den dag i dag (omtrent 15 år seinare). Eg har alltid vore livredd for å gå glipp av noko ved å lytte til bøker, og kan den dag i dag ikkje høyre Radioteateret som mi mor og søster har vore store fan av i mange år. Unntaket var påska i fjor då Jørn Lier Horsts Jakthundene gjekk som radioteater for den boka har eg lest.

Etter smarttelefonens inntog har det blitt enklere å ta med seg ei bok på øyret. Bilferier for min familie var alltid synonymt med Discman (og me har slitt ut fleire), CD-er (musikk eller lydbøker) og eit lass med batterier. I dag er det nok med ein smarttelefon, nedlasta lydbøker og ein telefonlader og du er good to go. Eg høyrer tidvis lydbøker på veg til jobb, men flest medan eg gjer andre ting som å blogge, gjere husarbeid eller lese aviser. Det hender eg les ei bok og høyrer ei anna, men det er ei eiga evne eg har utvikla.

Lydbøker har eksplodert dei siste åra, og då Storytel først vart lansert var det meininga at den skulle basere seg på ebøker med innslag av lydbøker. Det viste seg fort at lydbøker var meir populært, og det er kun det eg bruker appen til. Eg har ikkje telt over kor mange lydbøker eg har lytta til dei siste månadane, men det er ein del og bare sist månad hadde eg sju Roald Dahl-lydbøker på lista. Eg liker det faktum at eg ikkje har tapt penger viss eg ikkje liker boka - eg kan bare levere den inn igjen (på ein måte). Eg kan ikkje stadfeste når eg for alvor begynte å like lydbøker, men i dag har eg som regel alltid ei lydbok på gang. Det er avslappande å bli lest for, samtidig som du faktisk får lest i dei øyeblikka ein ikkje har mulighet til å ha papirboka i fanget.

Det er ikkje alle lydbøker som passer og eg har avbrutt fleire for handlinga vart for komplisert for lytting, men då finner eg ei anna som passer betre. Det mest geniale med Storytel for meg er at det er fullt av engelskspråklege lydbøker, og det er eg stor fan av. Mitt abonnement får køyrt seg, det er sikkert!

Lytter du til bøker?

XOXO

5 kommentarer:

  1. Jeg er helt avhengig av lydbøker ja - lesetiden min er under gåing, sykling, trening. Begynte med dette da de første "walkman" kom, og har vært gjennom flere stadier, videre til diverse MP3 spillere, og senere da iPod kom, og nå de siste årene med iPhone.(Tror det snart dreier seg om rundt 25 år med lytting nå) - har ikke regnet helt på det, men jeg tror ca 95% av "lesingen" min er i lyd nå.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har merka meg at du lytter stort sett til bøker, og då må utviklinga til tider vera til din fordel då "lyttetingen" er blitt stadig mindre :-)

      Slett
  2. Jeg elsker Storytel og hadde kun dårlig erfaring med lytting før jeg lastet Storytel-appen ned på telefonen. Hadde en tendens til å sovne til lydbøker de få gangene jeg testet tidligere. Har nå lært, at å sitte i soffen med lydbok IKKE fungerer for meg. Som RandiaA så beveger jeg meg alltid til lydboka, evt strikker. Da blir det bøker lest. Roald Dahl har jeg ikke startet på enda. Notert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å høyre frå deg, Marianne. Mi lydbokerfaring var ikkje negativ, men den var heller ikkje bare positiv. Du kjem til å like, Roald Dahl :-)

      Slett
  3. Jeg har skaffet meg Storytel etter din anbefaling. For meg har det vært fantastisk å høre lydbok når jeg går tur med hunden. Turene har blitt ca 20 minutt lengre på grunn av det :-)Men jeg får ikke hørt så mye utenom turene siden jeg enda foretekker å lese selv.
    Akkurat nå hører jeg på Stoner og har kommet til et punkt hvor jeg kjenner jeg ikke har lyst å vite hva som skjer, men hunden må ha tur og det blir jo kjedelig å gå uten lydbok :-D

    SvarSlett