Søk i denne bloggen

lørdag 19. mars 2016

Bok: "Historia om det nye namnet" (Napoli #2)

Forfatter: Elena Ferrante
Originaltittel: Storia del nuovo cognome
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2015
Format: Eiga bok, innbundet, 574 sider
Forlag: Samlaget, frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner Elena Ferrantes identitet, men bøkene om Napoli har gitt Ferrante eit internasjonalt gjennombrot. Tredje bok i kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir har akkurat kome ut på norsk, og den fjerde vart heidra med plass på den internasjonale bookerprisens langliste.

I Historia om det nye namnet er me framleis i Napoli, og går direkte frå hendingane i Mi briljante venninne. Lila har gifta seg med Stefano, og flytta til nybydelen medan Elena går på gymnaset. Samlivet mellom Lila og Stefano er ikkje rosenraudt, og det tar ikkje lang tid før Lila forstår at ho har valgt feil. Elena er kjærast med Antonio, men heller ikkje det er utan skjær i sjøen. Venninnene er ikkje perlevenner heile tida, og eg syns det er ein slags maktkamp mellom dei. Då sommaren kjem blir Elena invitert med på ferie saman med Lila, mor hennar og svigerinna Pinuccia mot at Lila betaler ho kva Elena ville tent på ein sommarjobb. Ferien blir eit vendepunkt i historien, og med mennene vekke heile veka har Lila, Elena og Pinuccia klar bane til all moro. Strandturer og bading blir meir interessant med gamle og nye venner på besøk, og meir enn noko anna lærer Lila at Stefano verkeleg ikkje er mannen for ho.

Ved gymnastidas slutt får Elena ein mulighet til å studere vidare i Pisa, medan Lila er på god veg inn i barndommens fattigdom for å redde seg sjølv. I denne perioden ser venninnene kvarandre lite, men med Elenas besøk i Napoli får ho høyre nytt om alle dei gamle vennene sine. Ingen av dei gjer det på langt nær så bra som Elena, men likevel klarer Lila på sin måte å forpurre tankane til Elena. Akkurat det irriterte meg i denne boka. Misunnelse ligger tjukt utanpå i denne boka, og det er ikkje bare i forholdet mellom dei to venninnene. Det er fleire som seier at Historia om det nye namnet er betre enn Mi briljante venninne, men eg syns det var vel mykje syt og styr i denne boka. Mogleg det blir betre i tredje som ligger klar. Hadde eg syns det same om eg ikkje visste at det var fleire bøker? Spennande spørsmål i alle fall. Anbefales, om ikkje anna så for nynorskens del!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Eg måtte skumme litt i fall du spoila litt, for eg har akkurat begynt på første boka (OMSIDER!). Eg har alle tre, men har liksom ikkje kome i gang. No er eg i alle fall på side 200 og likar det godt. Litt mange namn å halde styr på, og eg les ho i eBokBob-appen (sjølv om eg har boka i papirform, jaja..?) og kan ikkje drive å bla fram for å sjå kven som er kven. Det sit vel etterkvart. God påske!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg starta først med lydbok på denne og høyrte heile førsteboka på lydbok. Når alle leser samme bok blir eg litt denne-skal-i-alle-fall-ikkje-eg-lese og les den to år etter alle andre ;-)

      Tredjeboka ligger klar, men nå har eg hengt meg opp i den internasjonale bookerprisen så alt håp er ute for Ferrante 3 denne månaden.

      eBokBob hadde vore eit kult namn :-)

      Slett