Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1978
Min utgåve: 2013
Format: Storytel-lydbok, 23min52sek, lest av Stephen Fry
Forlag: Puffin
Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.
I The Enormous Crocodile møter me den enorme krokodillen som ein dag bestemmer seg for at han skal ete barn til lunsj. Andre dyr som flodhesten, elefanten, apekatten og fuglen håper at han blir fanga og kokt som suppe, men den enorme krokodillen har fleire triks på lager. Han oppsøker steder med barn som ein kokosnøttskog, ein skule, eit tivoli og ein park og forkler seg som ein barneaktivitet. Dei andre dyra sørger for at han blir avslørt, og må bøte med livet.
Festleg lita bok lest av eminente Stephen Fry, og etterkvart er det fleire eg høyrer for første gong enn faktisk dei eg har høyrt om tidlegare. Som i The Giraffe and the Pelly and Me er det namn som dukker opp i andre Roald Dahl-bøker, og det er nok interessant for ivrige Roald Dahl-lesere. Anbefales!
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar