Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1966
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 26min 15sek, lest av Kate Winslet
Forlag: Puffin
Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eir prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.
I The Magic Finger møter me ei ung namnlaus jente som sterkt misliker jakt og skyting, men nabofamilien Gregg liker det godt. Det dei oftast skyter er fugler, og jenta prøver å snakke dei utav skytinga. Jenta har ein løyndom, og den går ut på at ho blir oppbrakt og sint kan ho med sin magiske finger gi folk ein lærepenge. Ho har tidlegare brukt den på læraren sin og ho vart aldri den same igjen. Nå kjem den magiske fingeren fram utan at ho vil det, og neste dag vakner familien opp som bittesmå mennesker med vinger. Fire ender i menneskestørrelse har tatt over huset deira, og familien Gregg blir nøydd til å bygge eit reir og sove ute neste natt. Etter ei rådslagning med endene dagen derpå kjem jenta til familien Gregg og oppdager at dei knekker samtlege gevær og mater fugler med stor iver. Ho bestemmer seg for å ikkje bruke fingeren meir, men fyker avgårde til ein anna familie då ho høyrer geværskot. Reiret står tross alt klart til fleire fugleliknande mennesker.
Kate Winslet er ein stor favoritt hjå meg, og ei lydbok til med hennar stemme er perfekt (ho les og Matilda). Jenta er standhaftig i si tru, og The Magic Finger er ein god historie. Anbefales!
XOXO
Så gøy å høre om denne boken, som jeg knapt har hørt om før. Artig at han skriver om en navnløs jente, dette er jo triks moderne forfattere bruker. Skrev om SVK i dag, og har Gutt på lur, mens novellesamlingen til Roald Dahl ligger og venter, jeg har bare lest den første av novellene, som til gjengjeld var veldig bra. Lykke til med fortsettelsen av prosjektet :)
SvarSlettEg var og overraska over mangel på namn då boka er 40 år ;-)
Slett