Søk i denne bloggen

mandag 18. april 2016

Bok: "Esio Trot"

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1990
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 33min31sek, lest av Quentin Blake
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

I Esio Trot møter me Mr. Hoppy som bur i etasjen over Mrs. Silver. Han er ein sky eldre mann som har vore forelska i Mrs. Silver i årevis utan å gjere noko med det. Ein dag tilstår Mrs. Silver til Mr. Hoppy at hennar kjære skilpadde, Alfie, har ikkje vokst noko særleg og ho er redd for at det kan vera maten han får. Då øyner Mr. Hoppy ein mulighet og fortel Mrs. Silver at han har vore i Afrika og studert skilpadder og veit om ein måte for å få Alfie til å vekse. Han gir Mrs. Silver ein lapp med ei regle som ho skal kviskre til Alfie tre gonger om dagen, og går så ut til alle dyrebutikkene og kjøper skilpadder i varierande størrelser, men alle over vekta til Alfie. Då Mrs. Silver går på jobb neste ettermiddag firer Mr. Hoppy ned ei skilpadde og tar Alfie med opp i sin leilighet.

Dei neste 8 vekene held han på slik, heilt til ein dag skilpadda ikkje kjem gjennom døra til huset sitt. Mrs. Silver blir veldig lei seg, og veier skilpadda. Den har nå "vokst" til det dobbelte av originalvekta, men Mrs. Silver vil gjerne at den skal kome inn i huset sitt. Då endrer Mr. Hoppy litt på regla, finner ei skilpadde som er litt mindre og løysinga er klar. Mrs. Silver blir kjempeglad, inviterer Mr. Hoppy på te, og dei gifter seg eit par veker seinare. Skilpaddene leverer Mr. Hoppy gratis til alle dyrebutikkene. Og den originale Alfie? Han blir kjøpt av ei lita jente, blir ca 30 år og på dei tretti åra blir han dobbelt så stor som då han vart kjøpt.

Dette er den første Roald Dahl-boka eg har høyrt som ikkje handler om barn, og det var rørande å høyre om måten Mr. Hoppy gleder Mrs. Silver på. I forordet fortel Roald Dahl at barna hans hadde skilpadder i hagen i årevis heilt til loven om eksotiske dyr trådde i kraft. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Så artig å lese om både denne og den om Giraffen, jeg hadde ikke hørt om noen av dem. Selv har jeg begynt på novellesamlingen hans i dag, og etter første novelle å dømme blir dette bra :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å høyre! Nå er eg om ikkje lenge ferdig med barnebøkene så då blir det andre Dahl-bøker :-)

      Slett