Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 16. april 2016

Bok: "The Giraffe and the Pelly and Me"

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1985
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 45min10sek, lest av Hugh Laurie
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

I The Giraffe and the Pelly and Me møter me unge Billy som ønsker seg ein gammeldags godtebutikk. I nabolaget hans er det eit gammalt hus som tidlegare var ein godtebutikk og til salgs-skiltet har hengt på veggen i lang tid. Ein dag er skiltet bytta ut med eit seld-skilt og Billy møter ein sjiraff, ein pelikan og ein apekatt. Dei er vinduspussere; sjiraffen er stige, pelikanen er bøtte og apekatten har kluten. Medan Billy står og snakker med dei nye vennene sine dukker det opp ein stilig bil og ut kjem hertugen av Hampshire. Han har 677 vindauge i Hampshire House, har ikkje sett ut av dei på 40 år og hyrer vaskeballetten til vinduspussing.

Trioen og Billy blir med hertugen, og sjiraffen, pelikanen og apekatten setter i gang. Etter ei stund oppdager trioen ein innbrotstjuv som forsyner seg med hertuginnas diamanter. Politiet blir straks tilkalt, men pelikanen veit råd og fanger tjuven i nebbet sitt. Då politiet kjem kan dei fortelje at tjuven er ein kjenning av dei, populært kalt The Cobra, og er veldig farleg. Hertugen er storfornøgd med innsatsen til Billy og trioen og vil gje dei påskjønnelse. Vaskeballetten ønsker seg maten dei er vant med frå der dei kjem frå, medan Billy og hertugen opner ein godtebutikk i det gamle huset.

The Giraffe and the Pelly and Me er heilt ukjent for meg, men det er ein herleg historie. Hugh Laurie får liv i den med sang og musikk, og eg tviler på at det hadde vore så kjekt å lese den som det har vore og høyre den. Ein gjenganger på Pinterest er til tider at du kan finne Disney-prinsesser og -figurer i filmer dei eigentleg ikkje høyrer heime i, og noko av dei siste som blir sagt i denne lydboka er at i godtebutikken til Billy fins det godteri frå Willy Wonkas fabrikk. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar