Søk i denne bloggen

onsdag 6. april 2016

Bok: "A General Theory of Oblivion"

Forfatter: José Eduardo Agualusa (f. 1960)
Originaltittel: Teoria Geral do Esquecimento, frå portugisisk ved Daniel Hahn
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2015
Format: Lånt på biblioteket, innbundet, 245 sider
Forlag: Harvill Secker

Den angolske forfatteren José Eduardo Agualusa er i følge Man Bookers heimeside ein av dei leiande stemmane i Angola og den portugisisktalande verda. Han har fleire bøker på samvittigheten, og minst fire andre er oversatt til engelsk (frå bokas innside). Han har vunnet fleire priser for sine tidlegare bøker, deler tida si mellom Angola, Portugal og Brasil, og er med A General Theory of Oblivion på Man Booker International Prize longlist 2016.

I A General Theory of Oblivion blir me kjent med Ludovica, populært kalt Ludo, som samme natt som Angolas frigjøring frå Portugal stengte seg inne i leiligheten i Luanda. Frå den dagen og nesten 30 år fram i tid var Ludo mutters aleine bortsett frå hunden Ghost. Ludo hadde ikkje budd lenge i Angola, men då søstera Odete gifta seg vart Ludo med på flyttelasset frå Portugal til Angola. Etter kort tid forsvant søstera og svogeren utan at Ludo visste korleis, og ho vart aleine. I løpet av romanen blir me kjent med fleire ulike karakterer, men det einaste Ludo veit om omverda er det ho ser frå terrassen og høyrer bittelitt av på radioen. I 30 år levde Ludo på duer, kyllinger og grønnsaker, og brant møbler, golvplater og bøker for å halde varmen. Romanen teikner eit bilete av Angolas frigjering frå Portugal, samtidig som den fortel om ei kvinne som er redd for å gå utav døra. Som regel er det alltid ein årsak til at folk ikkje går utforbi døra, og den kjem for ein dag. Først må du bare lese deg gjennom eit lappeteppe av andre hendingar.

Min kunnskap om afrikanske kolonier er verkeleg ingenting å skryte av. Eg husker ein overivrig historielærar på videregåande som ba oss ta med fargeblyanter til neste historietime. Då fekk me utdelt eit kart over Afrika, og i løpet av timen fargela me kartet etter hans instrukser. I dag husker eg fint lite av korleis det såg ut. José Eduardo Agualusa vart spurt i 2004 om å skrive eit filmmanus som skulle bli innspelt i Angola. Bakteppet skulle vera om ei kvinne som i 1975 stengte seg inne i leiligheten dei neste 30 åra. Filmen vart det aldri noko av, men Agualusa har skrevet bok om det. A General Theory of Oblivion er ein roman som burde lesas i eitt strekk og eg burde ha tatt notater undervegs. Den er for mitt kronologiske hode irriterande, men den er meget godt skrevet, karakterene er interessante og den har ein sår undertone. Det er mange skjebner i denne romanen, og den er ein sterk kandidat til shortlist 14. april.

XOXO

5 kommentarer:

  1. Høres ut som en interessant historie og det skal blir spennende å se om den kommer videre.Virker som det er en historie hvor det helper å notere litt underveis,er det mye frem og tilbake i handlingen? Har ikke fått "The vegetarian" (ulempen med å bestille bøker på nett) ennå og har bestilt "Ladivine" men rekker nok ikke å lese begge to før den 14.Har du begyn

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe...litt ivrig i tjenesten og trykket meg videre før jeg var ferdig. Jeg lurte på om du var begynt på Ladivine?

      Slett
    2. Eg ville ha notert om eg skulle ha lest den om igjen, det er ikkje mykje fram og tilbake, men det er mange detaljer som eg er usikker på om eg har fått med meg :-) Eg har såvidt begynt på Ladivine, så det blir den og med litt flaks Orhan Pamuk eg får med meg som dei siste bøkene før shortlist.

      Slett
  2. Så spennende å lese om Angola. Det landet har ikke dukket opp i noe jeg har lest. Jeg har heller liten kunnskap om afrikanske kolonier. Men jeg regner med du vet litt mer nå :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg veit ikkje så veldig mykje meir enn før eg las boka, men nå veit eg i alle fall at Angola var portugisisk koloni ;-)

      Slett