Søk i denne bloggen

mandag 31. oktober 2016

Leserefleksjoner #11: Magiske oktober

Oktober var: Den begynte ekstremt bra med innflytting i eigen leilighet, det er ein draum som har ulma bakerst i hovudet mitt lenge, men som ikkje har fått kome fram for ein trenger penger til leilighet. Nå er alt på plass, sofaen kom i helga, og til dei som spør (eller ikkje spør, eg fortel det villig vekk at eg har flytta) så har eg blitt ei holden kvinne med boliglån. Det har blitt delt ut to bokpriser eg fylgjer: Man Booker Prize og Nobelprisen i litteratur. Verdige vinnere begge plasser!

Elles har eg vore på Damenes aften på mitt lokale kjøpesenter. Som namnet tilseier er det ein kveld kun for damene med god mat, underhaldning og premieutdeling til heldige mottakere. Eg har vore på kino og sett Børning 2 og endte opp med ein dundrande forkjølelse og halsbetennelse i ei veke. Førre veka var tung, men nå kjem energien sakte, men sikkert tilbake. Oktober har vore prega av Rosa sløyfe. Eg og mor var på Lindex Kvadrat i starten av månaden, og eg støtta via Mester Grønn ved kjøp av roser. Eg er veldig stolt over at det same lokale kjøpesenteret gir masse penger til Rosa sløyfe!

I oktober las eg: Leselysta er på veg oppover, det er ingen tvil om det. Det er både fordeler og ulemper ved å bu så nærme biblioteket som eg nå gjer for eg hadde ei bunke på 10 bøker liggande frå biblioteket. Dei er nå levert for eg har ingen interesse av norske 2016-bøker dessverre, så istadenfor les eg bøker frå Man Booker International Prize: Eligible Books 2017-lista til Goodreads. Eg har ført opp 14 bøker for oktober. Det er eit høgt tal for ei med leselystproblemer, men når 9 av dei er Operasjon-bøkene til Jørn Lier Horst så forklarer i alle fall det noko for meg. Veldig greit å gjera eit innhugg i målsetninga om 150 bøker i år.

I oktober kjøpte eg: 2 bøker pluss 2 frå SolumBokvennens bokboks.

Månadens store leseoppleving: Andre hadde nok sagt War and Peace, men eg likte betre Anna Karenina. Stor leseoppleving drøyes til november-oppsummeringa.

Månadens lesesirkler/utfordringar: Eg har lest ferdig septembers lesesirkelbok utan å blogge om den (korleis blogge om noko du ikkje forstår?) og sneik oktober-boka inn som ein skugge i natta. Alt anna har eg hoppa bukk over!

På novembers leseliste står det: Eg har to bøker frå nemnte Goodreads-liste, Lucinda Riley kjem med ny bok (på engelsk vel og merke, den norske oversettelsen kjem i januar) og Jørn Lier Horst kjem med ny bok. Datoane for sistnemnte bok har vore all over the place. Først var det dagen etter bursdagen min (om ein månad), så var det i dag og nå er det i slutten av veka. Den som lever får sjå!

Kva har du lest og opplevd i oktober?

XOXO

6 kommentarer:

  1. Gratulerer med boliglån og leiligheit og flytting og heile den pakka. Eg er imponert over lesemengda, til tross for at det er ein del barnebøker.

    Eg likte og Anna Karenina best av dei to. Den kjem eg til å ha med meg resten av livet trur eg og eg kjem ganantert til å lese ho fleire gonger.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Bjørg! Anna Karenina har eg kjempelyst til å lese om igjen, muligens i juleferien :-)

      Slett
  2. Gratulerer så masse med ny leilighet!:-) Anna Karenina har jeg akkurat kjøpt på norsk til kindle, hadde den på engelsk, og har planer om å lese den som desember sin lesesirkelbok. Tviler på at jeg leser den ferdig i år, men målet er ihvertfall å begynne på den. Lurer på å ha et eget mursteinmål i 2017, slik at jeg får lest noen av de tykkere bøkene på leselisten. Lett å prioritere de tynneste når man har mange mål og liten tid. Hvilken bok leste du i september som du ikke forstod?

    International Booker eligible høres spennende ut, gleder meg til å se om du finner noe bra der. Her er det norskelesing og Bookerlesing det går i, pluss at jeg leser litt til en annen pris, Printz, som deles ut av den amerikanske bibliotekforeningen i januar, en litterær pris for YA-bøker.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Silje! Eg las den på norsk første gongen, men tenker å lese den på engelsk neste gong. Hvilke mursteiner har du på din leseliste?

      Eg las Catch-22 som eg ikkje forstod. Eller eg forstår delvis kva den handler om, men eg forstår ikkje meininga med den, og då blir det vanskeleg å skrive noko fornuftig.

      Eg håper og å finne noko spennande til internasjonal Booker. Agnes Ravatn er faktisk på den lista, og ho hauster lovord i Storbritannia om dagen, så kanskje får me ein norsk forfatter på Booker-lista? Lykke til med prisen for YA-bøker.

      Slett
    2. Gratulerer 😃 Du er heldig, håper du trives godt i leiligheten din. Jeg så Børning 2 også. Likte den filmen veldig godt :-) Jeg bor også nærme biblioteket nå og låner alt for mange bøker, jeg leverer ofte mange av dem igjen ulest he he.

      Slett
    3. Eg trives veldig godt i leiligheten. Børning 2 er bra, men ikkje så bra som den første, men slik er det som regel med oppfølgere. Eg leverer og ofte tilbake uleste bøker, men det fine er at det går an å låne dei fleire gonger :-)

      Slett