Søk i denne bloggen

Laster inn...

mandag 9. januar 2017

Astrid Lindgren 1907-2002

Kjelde: Goodreads
I år som i fjor (og året før) skal eg lesa bøker av ein kjent barnebokforfattar. Det er få, om ingen, som har eit så breitt spekter av karakterer og historier som svenske Astrid Lindgren, og ho har eg valt å fokusere på dette året. Eg har lest dei fleste bøkene som barn, men eg veit det er hôl i min Lindgren. Blant anna har eg aldri lest Mesterdetektiven Blomkvist, og Karlsson på taket har eg skygga unna for han var så vanvittig irriterande på film.

14. november 2017 er det 110 år sidan Astrid Anna Emilia Ericsson vart fødd i Vimmerby i Sverige, og 28. januar er det 15 år sidan ho døydde i Stockholm. Eg hugser faktisk 90-årsdagen hennar veldig godt i 1997. Det var i dei tider mor kjøpte Donald kvar veke, og i det eine bladet fulgte det med eit kort der ein kunne skrive bursdagshilsen, og sende til Sverige. Astrid Lindgren var opptatt av barn, så den dag i dag syns eg det var ein meget fin gest.

Astrid Lindgren har fulgt meg i alle år, og eg vil i første omgang lese bøkene, ikkje biletbøkene. Eg har sett såpass mange filmatiseringer av bøkene hennar at det er mange scener eg kan spele meg gjennom, og det er kun ein liten månad sidan eg las fleire juleforteljingar frå bøkene hennar. Pippi Langstrømpe, som eg vil påstå er den mest kjente karakteren, kjem litt uti prosjektet då eg las Pippi-bøkene i 2015 i anledning 70-årsdagen. Dei siste åra har det kome fleire dokumentarbøker om Astrid Lindgren, og eg har lest bøker som Krigsdagbøkene, Brevene dine legger jeg under madrassen og barnebiografien Astrid Lindgren. Eg håper på tid og overskot til å lese fleire dokumentar- og biografibøker om Lindgren i løpet av 2017.

XOXO

7 kommentarer:

  1. Astrid Lindgren er en sånn forfatter som jeg føler jeg kjenner godt, men jeg er sikker på at hvis jeg følger med på prosjektet dit så dukker det opp titler jeg ikke har hørt om. Gleder meg til å bli bedre kjent med henne, Brevene under madrassen og Lisa Aisato sin bok har jeg lest, kanskje du kommer med flere gode tips? Lykke til med dette flotte prosjektet!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg gler meg og til å bli betre kjent med Astrid og bøkene, og skal gjere mitt beste med tips :-)

      Slett
  2. Så fint prosjekt! Jeg har begge bøkene som Tine nevner her hjemme, ulest enn så lenge. Synd du ikke tar med bildebøker, for "Kjære søster" bør virkelig leses :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Mari! Eg er open for forslag og noterer meg "Kjære søster" :-)

      Slett
    2. Så bra! Den er lest på 1, 2, 3.

      Slett
  3. Så herlig å høre, Elida! Jeg tror du kommer til å få mange gode opplevelser i året som kommer.
    Beste hilsen Agnes :-)

    SvarSlett