Søk i denne bloggen

mandag 31. juli 2017

Leserefleksjonar #21 | Juli i bøker

Juli var: Så utroleg avslappande å ha ferie! Burde ha ferie oftere, men med ei veke igjen kjenner eg på saknet etter rutiner. Det har ikkje blitt så altfor mykje sol, men dei få dagane eg har fått har eg brukt ute med bok i solveggen. Eg har og kjent på at eg er mindre rastlaus enn eg har vore ved tidlegare sommarferier. Eg bur tross alt meir sentralt nå enn eg gjorde før, og med biblioteket rett nedi vegen så har det ofte blitt besøkt - og gjerne kvar dag. I helga har eg derimot ikkje lest noko særleg, då eg har hatt overnattingsbesøk av eit brødrepar på 3 og 1 1/2 år, då foreldrene gifta seg på laurdag. Veldig kjekt, men eg pleier ikkje stå opp kl 7 på søndager så i går kveld var eg ganske ferdig.

I juli las eg: 22 bøker er ny rekord for ein månad, og eg er så glad for at leselysta er på topp igjen.
  • Colm Tóibín: House of Names
  • Jane Harper: Tørke OTS
  • Mohsin Hamid: Exit West MBP
  • Agatha Christie: Peril at End House (Poirot #8)
  • Heidi Helene Sveen (red.): Evig barnefri
  • Egon Holstad: Den norske kaffesjela OTS
  • Chris Tvedt: Rimelig tvil (Mikael Brenne #1)
  • Agatha Christie: Lord Edgware Dies (Poirot #9)
  • Ninni Schulman: Gutten som sluttet å gråte (Hagfors #2)
  • Neel Mukherjee: A State of Freedom
  • Astrid Lindgren: Ronja Røverdatter
  • Agatha Christie: Murder on the Orient Express (Poirot #10)
  • Astrid Lindgren: Koste-Kari og de andre ungene
  • Ninni Schulman: Svar hvis du hører meg (Hagfors #3)
  • Astrid Lindgren: Per Pusling og åtte andre fortellinger
  • Ninni Schulman: Vår egen lille hemmelighet (Hagfors #4)
  • Agatha Christie: Tragedie i tre akter (Poirot #11) OTS
  • Colson Whitehead: Den underjordiske jernbanen OTS MBP
  • Agatha Christie: Death in the Clouds (Poirot #12)
  • Chimamanda Ngozie Adichie: The Arrangements
  • Nathan Hill: Nøkken 
  • Emily Fridlund: History of Wolves MBP

I juli kjøpte eg: Ein stabel med Bokvennens klassikere har flytta inn, samt ei bok eg fekk frå eit forlag.

Månadens store leseoppleving: Ronja Røverdatter var eit besøk av ein gammel venn, men eg må nemne Hercule Poirot. Eg har vore borti dei fleste bøkene før både i bok- og film-form, men det er så gøy å høyre dei. I dei fleste eg har høyrt det siste halve året er det Hugh Fraser (han som har rolla som Hastings i David Suchet-filmatiseringane) som leser og det er klasse over det.

Månadens lesesirkler/utfordringar: Booker-sesongen har starta, og eg er godt i gang. I juli har eg og lest fleire bøker frå bokhylla.

I august skal eg: Ha ferie ei veke til og lese Booker-bøker.

Kva har du lest og opplevd i juli?

XOXO

4 kommentarer:

  1. 21 bøker er litt av en bragd! Agatha Christie og Astrid Lindgren er jo som regel sikre kort og byr på fine leseopplevelser. Selv er jeg oppe i 16 nå, tror jeg. Veldig godt å se at sidene flyr unna (mye takket være Harry Potter og lydbøker for min del.) Håper booker-lesinga går bra!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har hatt ein meget god ferie for å sei det slik :-)

      Christie og Lindgren er som regel bra, det er heilt sikkert. Finner ikkje mykje ukrutt der. Til nå går Booker-lesinga meget godt. Har fått to nye i hus i dag så eg mangler ikkje lesestoff for å sei det slik :-)

      Slett
  2. Svar
    1. Hehe! *lerhøgt*

      Leselysten har vore meget oppadgåande, og eg har lest det eg har hatt lyst til, og det vart 22 bøker :-)

      Slett