Søk i denne bloggen

torsdag 13. september 2018

Bok: "Svartstilla" av Susanne Skogstad

Den norske forfatteren Susanne Skogstad er ein av fleire debutanter på det nyoppstarta forlaget Gloria. Skogstad går til dagleg ved manuslinja på Westerdals.

I Svartstilla møter me ei aldrande namnlaus kvinne som for ei tid tilbake vart enkje. Dei vaksne barna hennar meiner at nok er nok, og vil rydde både ting og mor si ut av det altfor store huset. Den eldre kvinna er ikkje samd i dette, og vil helst få vere i fred. Problemet med det er at ho tar ikkje vare på seg sjølv i sorgen. Skogstad teikner opp eit lerret av eit kjærleiksliv og det er ikkje tvil om at det var eit lukkeleg ekteskap og samliv. Sorgen kom brått og brutalt, og lesaren får eit sterkt innblikk i den stillheten som oppstår når den eine parten går bort.

Då eg begynte å lese var eg ikkje fullstendig klar over kva eg hadde begitt meg ut på, men til lenger inn i romanen eg kom til sterkare vart det for meg. Fleire av dykk veit at min farfar gikk bort for halvanna år sidan, og eit 60 år langt samliv med mi farmor tok slutt. Eg har sjølv vore vitne til sorgen mi farmor har gått gjennom, og dei første månadane var utfordrande. Mi farmor og hovudpersonen i romanen er absolutt ikkje like, men måten sorgen vart framstilt på i romanen kunne eg kjenne igjen. Hovudpersonens barn syns eg ikkje noko om, dei gjekk fram med freidig mot uavhengig av kva mor deira syns. Akkurat der syns eg farmor mi vant for ho har barn med andre oppfatninger og eit tilsynelatende lysere sinn. Når det er sagt så går det utroleg mykje betre med mi farmor i dag, heldigvis.

Svartstilla er på knappe 150 sider, men den rommer ein del som ga meg mange ting å tenke på. Det som står fremst er korleis ein går fram i andres sorgprosess. Akkurat der har mange ein veg å gå trur eg. Takk til Gloria for leseeksemplar!

| Utgitt: 2018 | Format: Innbundet leseeksemplar, 154 sider | Forlag: Gloria | 

XOXO

2 kommentarer:

  1. Ja,sant denne var fin? Jeg likte heller ikke barna til den gamle damen i boken,de overkjørte henne totalt og det føltes som de ikke lot henne få sørge ferdig i fred. Jeg forstår godt at du fant likhetstrekk i boken og det er helt klart at det blir tøft for den som sitter igjen etter hele 60 års samliv- det tar tid å innstille seg på at man skal leve videre alene og de trenger nok å få ro og ta den tiden som trengs før hverdagen blir noe lettere igjen.
    Det er nok sikkert ikke enkelt for de som står rundt og er vitne til en annens sorg og de i boken var kanskje redd for at moren skulle "grave seg ned i sorgen" men de gikk jo ikke riktig frem.

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne var fin! Det er ikkje enkelt, men eg syns mi farmor vant over hovudpersonen med tanke på korleis barna oppførte seg. Nå skal det og sies at mine besteforeldre hadde ein lettstelt leilighet då farmor vart åleine, men eg har likevel ikkje følt at farmor vart overkøyrt og burde inn på eldreheim slik hovudpersonen i romanen.

      Slett