Søk i denne bloggen

torsdag 20. desember 2018

Lesesirkel 1001 bøker | Kategorier 2019

For nokre år sidan då Kindle'n kom i hus las eg ein heil del 1001-bøker. Over natta hadde eg tilgang til ein masse bøker eg ikkje hadde før og til meget gode priser. Dei siste åra har eg ramla litt av lasset og tenkt at det er ikkje verdt det, men så kommer interessen tilbake etter ei stund. I 2018 har eg lest fire-fem stykker, og eg kjenner at det er ikkje nok. Siljeblomst snakka om forventningar til lesemål i snaplioteket ein dag, og fallgruver og korleis utforme lesemål. Eg kjenner meg godt igjen, men tenker og at det er ikkje verdas undergang om lesemåla går i vasken. Dette året har vore reine lystlesingskaféen så litt skjerpings må eg legge på meg.

Då eg for nokre dagar siden annonserte lesesirkel både her og på Facebook-sida mi, og det er fleire interesserte. Det gler mitt 1001-hjarte! Min erfaring er at eg har problem med å lese det andre bestemmer, men mindre problem med det eg sjølv har valgt så då velger eg kategorier også velger deltakerne bok ut frå gitt kategori.


I korte ordelag blir dette retningslinjene:

  • Boka må finnes på 1001-lista. Mi liste her på bloggen er grundig gjennomgått og oppdatert så bruk gjerne den som referanse.
  • Eg ønsker eit vink om at du har lest ei bok. Enten via eit blogginnlegg, eit Instagram-bilete eller frå ein video på YouTube.
  • Eg bryr meg ikkje om du leser april-boka ferdig i mai, eller januar-boka i mars, men dei kategoriane du har valgt deg ut må vere ferdiglest innen 31.12.2019.
  • Til slutt har eg ein gulrot! Eg ønsker ikkje å pressa nokon til å lese kvar månad, men eg kjem til å notere ned kven som har lest kva, og kor mange gonger kvar deltaker har deltatt innen 31.12.2019 for det kan vanke premier. Eg er ikkje heilt sikker på premiering ennå, men det blir premier til den eller dei som har deltatt flest gonger. 

Over til kategoriane:
  • Januar: Bok på under 250 sider. Starter stille og forsiktig.
  • Februar: Ein heilt ny forfatter for deg (og ikkje bare ny slik at du har lest av forfatteren før, men ikkje 1001-bøkene).
  • Mars: Kvinneleg forfattar.
  • April: Europeisk forfattar.
  • Mai: Bok utgitt mellom 1700 og 1800. Mi liste inneheld utgivelsesår.
  • Juni: Forfatter frå Afrika, Asia eller Oseania (inkludert Australia). Dette er eg igrunnen veldig dårlig på sjølv, så det kan bli interessant.
  • Juli: Bok på 500 sider eller meir. Sommerferie for mange, god tid til å lese.
  • August: Mannleg forfatter.
  • September: Amerikansk forfatter (både Nord-, Mellom- og Sør-Amerika gjelder).
  • Oktober: Bok utgitt mellom 1801 og 1900.
  • November: Bok med eit namn i tittelen. Helst personnamn som Ethan Frome og liknande.
  • Desember: Bok utgitt mellom 1901 og listas ende.

Ser det greit ut? Er du gira? Har du spørsmål eller kommentarer, fyr laus i kommentarfeltet!

XOXO

13 kommentarer:

  1. Dette ser veldig overkommelig ut, og siden den vanlige bloggingen har blitt ganske så traurig, kjenner jeg at det hadde vært gøy å fokusere på 1001. Jeg er med!

    SvarSlett
  2. Var med på Line sin 1001-sirkel, og da fant jeg mye spennende. Dette er åpnere kategorier, dengang leste vi samme boka. Liker varianten din, så jeg er med!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt! Av erfaring detter eg fort av når andre bestemmer bok, men er det ein suksess dette året så er det ingenting som er i vegen for å endre på ting året etter :-)

      Slett
  3. Dette ser jeg virkelig frem til å være med på!Skal sjekke ut bøker i romjulen og satser på at de fire første kan bli nobelkvinner så får jeg lest litt på det prosjektet også. Veldig kjekt at du tar initiativ til dette,Elida 🙂

    SvarSlett
    Svar
    1. Å, så kjekt å høyre at du syns det er eit godt initiativ! Aldri dumt å koble eit prosjekt til eit anna :-)

      Slett
  4. Jippi! Gjett om jeg er med! Skal vi lage ei liste over hvilke bøker vi planlegger å lese eller tar vi det på sparket?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan du velga heilt sjølv, Monika! Eg har begynt på ei liste, men eg tviler på at den er satt i stein ;-) Bare eg får ein påminnelse om at du har lest så er det nok for meg.

      Slett
  5. Eg er gira! Dette er sopass lause mål, at sjølv eg må vel greie det. Ønsker deg eit strålande 2019, og eit framifrå godt leseår.

    SvarSlett
  6. Ja, jeg skal hive meg over denne lista.
    Den skal jeg nok klare mesteparten av. Har lest : Resten av Dagen av Nobelsprisvinneren Ishiguro på 224 s: 2017https://kleppanrova.blogspot.com/2019/01/ishiguro-kazuo-resten-av-dagen.html

    SvarSlett
  7. Hei
    Kommer du til å fortsette med dette i 2020?
    Jeg har ikke sett denne Lesesirkelen før. Jeg synes det høres kjekt ut å være med på.
    Jeg pleier også å velge ut noen 1001-bøker i løpet av et leseår :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei. Eg kjem absolutt til å fortsetje i 2020. Kategorier er på veg og eg håper du finner det motiverende :-)

      Slett