Søk i denne bloggen

lørdag 19. oktober 2019

Bok: "The Warden" av Anthony Trollope

Den britiske forfattaren Anthony Trollope (1815-1882) vart ein av dei mest suksessrike forfattarane innføre den viktorianske litteraturen. Utenom serien om Barsetshire har han skrevet romaner eg kun har sett som film/miniserie som He Knew He Was Right (1869) og The Way We Live Now (1875). For eit par år sidan såg eg ein miniserie basert på tredje bok i Barsetshire-serien, Doctor Thorne, og bestemte derfor at eg skulle lese serien. Det skjedde ikkje, men nå har eg i alle fall lest første bok, og min første Trollope-roman.

The Warden er første bok i serien og handler i stor grad om Mr Septimus Harding. Harding er ein eldre mann som passer godt på Hiram's Hospital (eit fattighus) i sin stilling som oppsynsmann. Krefter vil ta bort denne jobben og fattighuset, og Harding blir ståande mellom barken og veden. Hardings ugifte dotter, Eleanor, er interessert i John Bold som står i spissen for å revolusjonere Hiram's Hospital, men som ein grei viktoriansk roman så blir det bra til slutt.

Eg har lest litt fram og tilbake om denne romanen, og det er fleire som påpeiker at dette er langt frå Trollopes beste roman, og at dei påfølgande bøkene i serien blir betre. The Warden er ikkje dårleg, men den er ikkje noko eg går og tenker på etter den er ferdighøyrt. Innleseren eg høyrte på i lydboka, David Shaw-Parker, var behageleg å høyre på, men eg måtte skru opp hastigheten for det var litt tregt. Uansett var det ein god introduksjon til serien, og eg ser fram til å lese/høyre fleire av Trollopes romaner.

XOXO

| Utgitt: 1855 | Min utgåve: 2013 | Format: Lydbok frå Storytel, lest av David Shaw-Parker, 7t34min25sek | Forlag: Naxos Audiobooks | Kjelde: Storytel | 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar