Søk i denne bloggen

torsdag 12. mai 2022

Nynorskdagen 2022

Nynorskdagen vert markert den 12. mai kvart år, som er datoen for jamstellingsvedtaket i 1885, då Noreg fekk to jamstelte skriftspråk. Dagen vert nytta til ei feiring av nynorsk som bruksspråk, der bedrifter, organisasjonar og privatpersonar vert oppmoda til å skriva nynorsk offentleg, til dømes i sosiale medium.
Eg er fødd og oppvaksen i ein nynorsk-kommune, og skriver nynorsk kvar dag. Det er det skriftspråket som ligg nærast mi jær-dialekt, og eg vil kjempa for fleire nynorsk-brukarar til den dagen eg ikkje er meir.

Frå min instagram: elidaleser

Då eg vaks opp var det lite bøker på nynorsk å oppdrive, og det syns eg har blitt betre dei seinare åra. Akkurat som representasjon blant kjønn, hudfarge og legning trenger barn og unge gode bøker på nynorsk for å føle tilhørighet og bli interessert.

Samlaget gir kvart år ut om lag 200 bøker på nynorsk, og dei gjorde eit varp då dei kjøpte rettighetene til den italienske forfattaren Elena Ferrante. Den bestselgande Napoli-kvartetten har eg sjølv lest, og det synger blant sidene. Vår tids største norske dramatiker, Jon Fosse, skriver og på nynorsk og har i tillegg omsett fleire romaner til nynorsk for forlaget Skald.

Hurra for nynorskdagen, og dette er ikkje siste gongen nynorsk kjem fram her.

XOXO

2 kommentarer: