I januar har eg lest: Den største snakkisen i utenlandsk media har vore britiske prins Harrys biografi, og den tok ein del tid og krefter. Eg har i tillegg høyrt ferdig Dickens' Barnaby Rudge og det gjorde godt å kunne krysse av ei bok som har stått som currently-reading sidan oktober i fjor.
I helga som var høyrte eg professor i litteratur og forfatter Janne Stigen Drangsholt snakke om Cormac McCarthys The Road på Sølvberget i Stavanger. Meget interessant, og i ekte Janne-stil. I går kveld var eg på mitt lokale bibliotek og høyrte journalist og forfatter Sven Egil Omdal snakke om nordmennene som var fanger i Sachsenhausen under andre verdskrig. Det var eit meget sterkt foredrag, og eg får lyst til å lese boka foredraget er basert på, Nordmennene i Sachsenhausen.
* Mina Loy: Engelsk kjøter (papir frå biblioteket)
* Prince Harry: Spare (digitalt med kindle)
* Alan Rickman: Madly, Deeply. The Diaries of Alan Rickman (digitalt med kindle)
* Dulce María Loynaz: Svart vin (papir frå biblioteket)
* Muriel Spark: Frøken Jean Brodies beste alder (papir frå biblioteket) 1001
* Gabriela Epstein: Claudia and the New Girl (BSC Graphic #9) (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Stengd gitar (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Blod. Steinen er (papir frå biblioteket)
* Mririda N'ait Attik: Froskens sanger (papir frå biblioteket)
* Charles Dickens: Barnaby Rudge (lyd frå Storytel)
I januar fullførte eg ikkje og fortsetjer med:
* Charlotte Brontë: Villette (papir frå hylla) OTS
* Ann Radcliffe: The Mysteries of Udolpho (digitalt med kindle)
* Lucinda Riley: The Murders at Fleat House (lyd frå Storytel)
* Chimamanda Ngozi Adichie: Americanah (lyd frå Storytel) 1001
I januar kjøpte eg:
* Prince Harry: Spare (digitalt til kindle)
* Helene Uri: Han, hun og hen - håndbok i språk og makt (papirbok)
I februar skal eg: Eg skal tilbake til Sølvberget i slutten av februar og høyre Maria Navarro Skaranger snakke om Ringenes Herre. I år er det 50 år sidan den britiske forfatteren J.R.R. Tolkien døde, og eg har lyst til å lese bøkene om igjen. Det er 6 år sidan eg las trilogien sist, og eg har høyrt rykter om lydbøker med Andy Serkis (Gollum i filmene) som innleser. Det trur eg blir bra.
XOXO