Søk i denne bloggen

fredag 30. juni 2023

Månadsoppteljing #97 | Juni i bøker

Juni var: Sommarkjensla har absolutt vore til stades når temperaturen bikker 25 grader på dagtid. Samstundes som eg gler meg over kor enkelt det er å sende ungane ut med lette klede, sko og solkrem så har det vore vanvittig tørt i området mitt. Gardbrukar-dottera kjem alltid fram i slike samanhenger, og eg tenker på graset som ikkje gror, gardbrukarane som ser mørkt på slåtten og bålforbodet. Sistnemnte var det fleire som tenkte på for korleis kunne ein feira sankthans utan bål? Eg har ei søster som har bursdag den dagen så bål har ikkje vore prioritert dei siste 20 åra trur eg. I skrivande stund regner det, og godt er det. Bålforbodet er oppheva, gardbrukaren har vore ute med møkkasprederen, det blir grønare på kjelvene og nok ein gong kan me roa oss litt ned. Til neste gong.

I juni har eg lest: Bokhaugen har blitt lågare, men kvantitet over kvalitet har dessverre vore temaet denne månaden. Det er få titler eg kan tenke meg å lese om igjen, og derfor er det så greit at ingen av disse bøkene tar opp plass i mi bokhylle.

* Trond Norén Isaksen: Ingrid Alexandras arv (papir frå biblioteket)
* Heidi Marie Vestrheim: Jenny Fender (papir frå biblioteket)
* Georgi Gospodinov: Naturlig roman (papir frå biblioteket)
* Elizabeth Strout: Lucy ved havet (Amgash #4) (papir frå biblioteket)
* Selma Lagerlöf: Gösta Berlings saga (lyd frå Storytel) 1001
* Helene Torvund: Det lille vi vet om Sib (papir frå biblioteket)
* Benjamin Baarli Silseth og Kine Yvonne Kjær (ill.): Stolt (papir frå biblioteket)
* Ellen G. Simensen: Den navnløse arven (papir frå biblioteket)
* Matias Faldbakken: Stakkar (papir frå biblioteket)
* Sunniva Relling Berg og Vidar Flak (ill.): Alfabetjakten (papir frå biblioteket)
* Maia Kobabe: Gender Queer (papir frå biblioteket)
* Katti Anker Møller: Moderskapets frigjøring (papir frå biblioteket)
* Georgi Gospodinov: Time Shelter (papir frå biblioteket) IBP
* Robert Seethaler: Siste sats (papir frå biblioteket)
* Janne Stigen Drangsholt: Ingrid Winters makeløse mismot (Ingrid Winter #1) (papir frå biblioteket)
* Janne Stigen Drangsholt: Winter i verdens rikeste land (Ingrid Winter #2) (papir frå biblioteket)
* Janne Stigen Drangsholt: Winterkrigen (Ingrid Winter #3) (papir frå biblioteket)

I juni fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Barbara Kingsolver: Demon Copperhead (lyd frå Storytel)
* Lucinda Riley: The Murders at Fleat House (lyd frå Storytel)

I juni har eg kjøpt:

* Marilynne Robinson: Gilead
* Marilynne Robinson: Hjem
* Marilynne Robinson: Lila
* Cora Sandel: Alberte og Jakob
* Cora Sandel: Alberte og friheten
* Cora Sandel: Bare Alberte
* Donna Tartt: The Secret History

I juli skal eg: Ferien starter i dag, 30. juni, kl. 16.00. Det gledes til ei lita veke i Oslo. Eg har lause planer i hovudstaden, men Tove Jansson-utstilling og omvisning på Slottet er bestemt. Elles skal eg nyte å ha ferie og kun gjere ting eg har lyst til, og muligens ta ein tur til Dyreparken med gode venner. 1. august kjem langlista til Booker-prisen, og eg er i gang med Goodreads Eligible-liste.

XOXO

6 kommentarer:

  1. Skal si du er en god ambassadør for biblioteket (og Storytel)! Kjenner igjen den gode følelsen av å levere tilbake bøker, så de ikke tar mer plass. Jeg har lest Stakkar, Gøsta Berling og Den navnløse graven, tror de havnet på 4-5 alle sammen.
    Ser du har handlet inn til nye leseprosjekter, for sommeren kanskje?
    Selv om jeg digger Janne Stigen Drangsholt fant jeg ikke tonen med romanfiguren hennes Ingrid Winter, hm... det er en stund siden, så kanskje jeg må prøve meg igjen?
    Jeg begynner også på ferie i dag, knakk tåen for en uke siden, så jeg har vært hjemme denne uken, men nå skal jeg inn på jobb og ønske alle en god sommer.
    Kos deg i Oslo, hvor er den Tove Jahnsson-utstillingen? Jeg får en dag i Oslo også, har planer om jubileumsutstillingen på Astrup Fearnley. Du må få med deg edderkoppen, så den i Bilbao utenfor Guggenheim, søsteren er på plass i Oslo :)
    God sommer Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Biblioteket er min beste venn og verste fiende. Altfor mange bøker på lån heile tida, men sjukt greit å kunne levere middelmådige bøker tilbake.

      Cora Sandel kom i nye hefta utgåver denne våren og dei måtte eg bare ha. Eg har lest den første boka for fleire år sidan til 1001-sirkelen, men dei to andre i trilogien er uleste. Marilynne Robinson er ein favoritt, og dei norske utgåvene er så fine.

      Eg digger Drangsholt på scene, i podcast og som litteraturprofessor, men som forfatter finner eg ikkje tonen. Mi søster elsker humoren i bøkene om Ingrid Winter - eg finner den irriterende.

      Takk for tips om Astrup Fearnley. der har eg ikkje vore tidlegare. Edderkoppen har eg sett på bilete, men må nok finne den.

      God sommar, Tine!

      Slett
    2. Det er lov å snope seg noen favoritter innimellom, jeg tenker bibliotekslån er + i margen, så da har du mye å gå på. Ser vi er hjertens enig ang. Drangsholt :)
      Sjekket akkurat ut åpningstider og sånt på Astrup, og da leste jeg litt om utstillingen, jeg gleder meg allerede til mandag :)

      Slett
    3. Donna Tartt-boka har eg lest tidlegare og likte den ikkje. Men så har eg vore på fleire arrangement med nemnte Drangsholt (blant anna eitt om akkurat den boka) og då roser ho boka opp i skyene. Så då tenker eg at den burde leses på ny, sånn ca 10 år etter.

      Slett
  2. Mye lest her ja..
    Ikke alltid man er like fornøyd med innholdet, men synes du har noen gode bøker her også, men det er sjelden jeg vil lese bøker om igjen, det er en annen skål. For meg.
    Har lest fem av dine, blant annet 2 X Winther- og de liker jeg godt.:) Pluss Kobabe, Simensen og Faldbakken:)

    Ønsker deg en fin sommer Elida:)

    SvarSlett