Søk i denne bloggen

søndag 4. februar 2024

3 x Penguin Little Black Classics | Leskov, Balzac og Gilman


#40 The Steel Flea er ein satirisk historie frå ein av Russlands komiske genier. Det er interessant å lese russiske klassikere etter fleire britiske då stilen er annleis og forholdet Russland har med Vesten blir synleg. Om det blir meir Nikolay Leskov er usikkert, men nå veit eg at denne russeren og skreiv bøker.

#41 The Atheist's Mass er to historier frå den franske forfatteren Honoré de Balzac. The Atheist's Mass handler om troen på det som er større enn oss, medan The Conscript handler om familierelasjoner under den franske revolusjon. Eg har tidlegare lest romanen Père Goriot og syns det er interessant med andre nyanser frå Balzac.

#42 The Yellow Wall-Paper er ein kort klassiker og figurerer på lista 1001 bøker. Det er ein delvis biografisk feministisk historie om å vera innesperra på grunn av det mannen definerer som galskap. Dessverre var dette ein metode fleire viktorianske kvinner vart behandla med, og måtte bare godta. Boka inneheld og historiene The Rocking-Chair og Old Water og begge er like sterke som tittelhistorien. Anbefales!

 
XOXO

| Forfattere: Nikolay Leskov, Honoré de Balzac og Charlotte Perkins Gilman | Utgitt: 1881, 1836, 1831, 1892, 1893, 1911 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar