Søk i denne bloggen

torsdag 10. oktober 2024

Nobelprisen i litteratur 2024


Årets Nobelprisvinner i litteratur er sør-koreanske Han Kang!

Midt i arbeidsdagen så kjem nyheten om at sør-koreanske Han Kang har vunnet årets Nobelpris i litteratur! Eg hadde førebudd meg på fleire scenarioer der ei kvinne vant prisen, og hadde mine favoritter, men Han Kang var ikkje på lista mi over moglege kandidater. Kang har vore ein favoritt sidan verdsgjennombrotet i 2016 der ho vant det årets Booker-pris, og eg har dei fem bøkene som er omsett til norsk i bokhylla.

Sjokket mitt var stort, og eg som i fjor hoppa og dansa rundt då Jon Fosse vant, stod heilt stille og bare gapte. Eg har sett video frå det norske forlaget Pax, og dei var like sjokka som meg.

Det er 12 år sidan ein forfatter frå Asia vant prisen, og første gong ein forfattar frå Sør-Korea vinner. I tillegg er ho kvinne som er med på å utjamne den altfor skeive fordelinga.

I Noreg er det som nemnt Pax forlag som gir ut bøkene, og så langt er Vegetarianeren (2007, norsk 2018), Leksjoner i gresk (2011, norsk 2023), Levende og døde (2014, norsk 2017), Hvit (2016, norsk 2019) og Dette er ikke farvel (2021, norsk 2022). Eg har lest alle bortsett frå den siste så den skal eg ha lest innan prisen blir delt ut.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar