Søk i denne bloggen

onsdag 23. april 2014

Lydbok på CD eller app?

Min nye aviskjærleik heiter Aftenposten. I mange år har eg lest VG med stor interesse, men etter fleire forsider og oppslag som vitner om visse vekeblad (som ingen innrømmer at dei les, men alle veit kva som står i) har det blitt mindre og mindre VG-lesing. På hotellet "mitt" i Oslo kan du lese Aftenposten gratis til frukosten, og det er ein gode eg liker.

For eit par dager sidan kom Aftenposten med artikkelen Lydboksalget på CD stuper. Eg kan med handa på hjartet seie at lydbøker på CD er noko eg svært sjelden kjøper. Med svært sjelden meiner eg at dei siste ti åra har eg kun kjøpt lydbøker til mi mor i presang (eksempelvis Åsa Larsson og Agatha Christie), og til meg sjølv har eg kjøpt barnebøker (eksempelvis Thorbjørn Egner og Anne Cath. Vestly). I mitt tilfelle handler det om at eg ynskjer ikkje å ha bøker i bokhylla som eg ikkje kjem til å lese meir enn ei gong. På det settet er eg nok litt kresen, men bokhyllene mine er likevel overfylte og det fins minst 50 bøker eg ennå ikkje har lest.

Det er ikkje mange åra sidan eg starta å høyre på lydbøker. Mi lillesyster vaks opp med barnetimen på morgonradio, då var det ofte Anne Cath. Vestly det gjekk i. Eg er tre år eldre, og las heller bøkene på det tidspunktet. Det tok fleire år før eg høyrte det på lydbok. Ho fekk og Knerten-kassetter (ja, kassetter) i bursdags- og julepresang og det var ikkje sjelden den koselige stemmen til Vestly kom ut av rommet til lillesyster. Som vaksen er det som sagt ikkje så mange åra sidan starten min på lydbøker, og i dag kan eg godt høyre ei god lydbok. Mitt problem med lydbøker på CD er at det ofte tar for lang tid. Då eg las Barnepiken for nokre år sidan starta eg med den på lydbok (sjølv om eg har to utgåver i bokhylla), men eg avslutta den i bokformat fordi det tok for lang tid. Det beste syns eg er å høyre krimbøker. Med min pysete sjel passer det fint å ikkje ha moglegheit til å hoppe over skumle ting.

Eg har ingen problem med å forstå at lydboksalget stuper. I dag har dei fleste smarttelefon, og eg har ikkje mindre enn tre apper som støtter lydbøker (og det til tross for at eg ikkje er sikker på om eg liker lydbøker!). Då eg fekk walkman til jul for godt 20 år sidan var det store greier. Discman var enda betre, men då måtte du og dra med deg CD-ane. Det er ikkje få musikk- og lydbok-CDer eg og syster mi har dratt med oss rundt på biltur. Med smarttelefon og godt nett har du tilgang til eit heilt bibliotek. Er lydboka lasta inn treng du ikkje nett for å spele den av eingong. Eg har eigt ein digispiller. I utgangspunktet syns eg digibok var noko stort tull for du måtte jo ha ny spiller for kvar bok, men så kom digikortet. Det var ein slik spiller eg hadde som ein kunne ha digikort til. Eg fant aldri kjemien med den, og ga den vekk i premie.

Lydbokapp på smarttelefonen syns eg derimot er genialt. I artikkelen står det at USA har hatt sterk vekst i det digitale lydbokmarkedet. Det er nettopp dette eg vil fram til. Min mest brukte lydbokapp heiter verken Lydbokforlaget eller Ordflyt, den heiter Audible. Audible er eit systerselskap frå Amazon, og du kan bruke same innloggingsinformasjon begge steder (stort pluss). Dei har eit variert utvalg, masse nyheter og tilbud over ein lav sko. Eg kan kjøpe ei lydbok hjå Audible, gå gjennom heile betalingsprosessen, og eit minutt etterpå laste den ned på telefonen (med nett sjølvsagt). Når boka er lasta ned kan du slå av nettet om du ynskjer, og høyre boka overalt. Det er vel ikkje mange i dag som går langt frå heimen utan telefonen på innerlomma.

Norske nettbokhandlere er langt frå klar for nedlastbare lydbøker, men det jobbes iherdig. Dessverre er prisene framleis for stive (syns eg) til at eg kjøper norske lydbøker. Gje meg heller katalogen til Audible og eg blir blakk. Då føler eg hvertfall at eg har fått meir for pengane!

Kva er ditt forhold til lydbøker? CD eller app?

XOXO

20 kommentarer:

  1. Jeg hører en sjelden gang på lydbøker, da låner jeg de på biblioteket :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har og gjort det mykje, og til dels ennå. Problemet med å låne lydbøker på biblioteket er at det dessverre ofte er hakk i CD-ane:-(

      Slett
  2. Når eg begynte med lydbøker var det nokre få på CD, men det tok jo so lang tid å legga inn på dataen og so ut att på iPoden at det gav eg meg fort med. So lasta eg ned nokre gratis, men det var gjerne dårleg kvalitet og/eller ulovlege nedlastingar. So oppdaga eg audible, og verda endra seg! No tek eg ikkje bussen utan å høyra lydbok - det er jo ei genial oppfinning. Men det gjer jo at eg ikkje høyrer norske bøker - som deg synes eg ordningane er for dårlege og lydbøkene for dyre, rett og slett fordi å låna ein pakke med cd'ar på biblioteket ikkje er eit alternativ lenger.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg låner og mindre og mindre lydbøker på biblioteket, CD-ane er det ofte hakk i har eg erfart:-( Audible er heilt genialt, og det er mykje billigare (utan at eg skal sei sikkert for eg har ikkje rekna på det), men eg vil tru det er billigare. Også har de i grunnen veldig godt utvalg:-)

      Slett
  3. Jeg har sterke barndomsminner til lydbøker, og har en liten forkjærlighet for det. En skikkelig god lydbokopplevelse sitter lenge!
    Til tross for dette hører jeg minimalt med lydbok nå om dagen. Det er ikke alle situasjoner der lydbok funker så godt, jeg trenger å gjøre noe, men ikke noe som krever så mye oppmerksomhet at jeg ikke klarer å følge med. Biltur eller pendling passer meg bra, men er begge noe jeg ikke driver særlig med om dagen.
    App eller cd er ikke så viktig for meg, jeg tar det som er for hånden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er heilt sant at ein skikkelig god lydbokopplevelse sitter lenge. Eg høyrte Anne Karin Elstads "Hjem" på lydbok for to år sidan, og då var eg glad eg høyrte det på CD for eg satt og hulka og tårene rant. Eg bruker lydbok på veg til jobb (eg sykler), nå medan eg les blogger og kommenterer, og når eg går tur med hunden. Eg tar og som regel det som er for hånden, eg kan fint låna mor sine lydbøker på CD, men Audible er aldri langt unna.

      Slett
  4. Jeg har det akkurat slik selv! Cd'er orker jeg ikke å holde på med lenger, da jeg blir så stedbunden av det (den gamle walkmannen min er nok dø for lenge siden) og digibok ble jeg aldri helt fornøyd med - uten at jeg kan sette fingeren på hvorfor. Audible økte antallet leste bøker i fjor med ca. 10. Jeg er noen ganger misfornøyd med utvalget i den "norske" Audiblen, veldig mange bøker som "ikke er tilgjengelige i din region". Kjipt. Ellers er jeg storfan.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er det med stedbunden eg og har problem med. Eg vil ha mulighet til å høyre litt på veg til jobb, litt på tur med hunden og resten i sofaen. Audible er dessuten mykje flinkere til å halde rede på kor i boka ein er. Høyrer ein CD må ein merke hvilket spor ein er på, eller høyre ferdig CD-en.

      Eg har ikkje lagt merke til om eg har "norsk" audible, og har ikkje kome over nokon som er utilgjengelige i min region, det må eg sjekka ut.

      Slett
    2. Når jeg er logget inn på min egen konto kommer ikke disse bøkene opp en gang, men hvis jeg søker uten å være logget inn finner jeg plutselig mange flere bøker f.eks Freedom av Jonathan Franzen som jeg sååå gjerne vil høre. Når jeg så prøver å kjøpe den, får jeg beskjed om at den ikke er tilgjengelig i min region. Norsk står i hermetegn fordi jeg ikke aner hvorfor det er sånn...

      Slett
    3. Eg har aldri tenkt over at det er bøker eg ikkje får tak i, og forstår kvifor du skreiv det med hermeteikn. Nå søkte eg etter Jonathan Franzen og fekk opp 3 boktitler då eg var innlogga, og 12 (!) då eg hadde logga ut. Litt irriterande at ikkje alle får tak i det same uavhengig av kor ein bur! Har du kjennskap til om det er same tilfellet med Kindle-bøker?

      Slett
    4. Oh my god. Håper virkelig ikke at det er på samme måte med kindle bøker. Tanken skremmer meg så mye at jeg nesten ikke har lyst til å sjekke det. Utrolig irriterende at bokutvalget skal begrenses av hvor jeg bor, når det er snakk om digitale filer.

      Slett
    5. Når det er snakk om digitale filer burde det vera tilgjengeleg for alle, uansett kor i verda ein bur:-)

      Slett
  5. Så festlig at du skrev om dette. Har tenkt litt på lydbøker i det siste. Hører mye på lydbøker men bare i bil. Jeg har ikke helt funnet en lur måte å få norske lydbøker på mobilen min ennå...dvs en som er forholdsvis rimelig. Har brukt litt digispiller tidligere + ipod, men etter å ha vasket diverse ipoder i vaskemaskinen x-antall ganger, så har jeg vel gitt opp det prosjektet.
    Lydbøker på engelsk har jeg faktisk aldri vurdert. Men kanskje det var et godt tips? Kanskje du kan lage et "hvordan høre på lydbok for dummies kurs"?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har aldri kjøpt ei norsk lydbok til telefonen, rett og slett fordi eg syns dei har ein horribel pris. Eg har både Ordflyt og appen til Lydbokforlaget på telefonen, men av dei er det kun Ordflyt eg har brukt, og då er det gratis bøker eg har høyrt.

      Digispiller fant eg aldri kjemien med. Det største problemet mitt med den var at den var så ømfintlig for bevegelse (syns eg) at kortet hang aldri skikkelig på. Den ga eg til slutt vekk då eg syns det er tullete å ha ting liggande rundt som ikkje blir brukt.

      For å høyre lydbok på engelsk (eller eit anna språk for all del enn ditt eige) må ein sjølvsagt ha ein viss forståelse for språket. Eg har ingen aning om ditt forhold til engelsk, men eg elsker lydbøker på audible. Når eg les eller høyrer norske bøker så er det aldri på Kindle'n eller via audible, då er det frå eiga bokhylle eller biblioteket.

      'Lydbok for dummies-kurs' høyres spennande ut. Kanskje med burde ha truffes live for at eg skal få litt kjennskap til kva du er ute etter?

      Slett
  6. Dei få lydbøkene eg har hørt har eg for det meste lånt på biblioteket og lagt over på pc/mobil. Men såpass tungvint at det ikkje skjer så ofte... Høyrde nokre lydbøker mens eg hadde fødselsperm, m.a. fleire av Tarjei Vesaas sine bøker, og har gode minner frå dei:) Siste bok eg høyrde var Vanære av Coetzee, og då kom slutten altfor overraskande på meg. Fordi eg høyrde via pc og ikkje følgde med på kva spor eg var komt til så trudde eg ikkje boka var slutt, og måtte sjekke at det ikkje var noko feil med cd-ane eller brenninga... Les du boka så ser du heile tida kor langt du er kome!

    Har installert Ordflyt og lasta ned eit par gratis lydbøker derifrå. Prøvde å høyre Tolstoj mens eg gjekk tur ein kveld, men eg "datt ut" så lenge av gangen at eg mista heilt samanhengen. Usikker på om det var turen som var for spennande, innlesinga som var for lite engasjerande (frå 70-talet ein gong, det er minuset med gratisbøkene) eller boka som ikkje fall heilt i smak. Får prøve igjen til veldig kjedelig og einsformig husarbeid... Har jo lyst å utnytte den tida der eg gjer husarbeid eller går tur til å få med litt litteratur også:)

    Engelskspråklege bøker har eg nok med å lese skriftleg trur eg, så det blir nok ikkje så mykje audible på meg i første omgang;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg og har brent meg på det eit par gonger med tanke på om boka er slutt eller ei. Den kjensla er ikkje grei! Ofte er dei gratis innspelingane så gamle at du har verken kjennskap til kven som les (og om han/ho er flink til å lese), og det liker ikkje eg heller.

      Eg sa det til ei anna og lenger oppe at det er klart ein må ha eit visst kjennskap til eit anna språk (td engelsk) for å forstå innhaldet av boka. Eg er ikkje så opptatt av om eg utnytter all tida mi til litteratur, men eg liker å vite at muligheten er der, og at eg ikkje treng så mykje ekstrautstyr for å få det til å gå rundt;-)

      Slett
  7. Jeg sliter generelt med lydbøker. Det skal mye til for at jeg ikke mister fokus og begynner tenke på noe helt annet. ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kan fint lese ei bok og høyre ei anna, og eg kan lese eit magasin medan eg høyrer lydbok. Å miste fokus er noko eg er vant med, men eg trur og det er ein treningssak:-)

      Slett
  8. Hei Elida! Takk for kommentar på Lydbokbloggen, og for tips til lenke vidare hit. Det er eit interessant innlegg du skriv.

    Aftenposten har vald å vinkle artikkelen sin på at CD-salet stuper, utan å framheve vidare at Lydbokforlaget samtidig opplever ein veldig sterk vekst i digital-salet. Vi sel lydbøker på fil som aldri før, og pr i dag har fleire enn 30.000 lasta ned vår lydbok-app. For å oppmuntre enda fleire til å høyre lydbøker på fil, har vi satt ned prisen permanent på lydfiler - slik at dei alltid skal ligge 25 % lågare i pris enn CD-lydboka. Det betyr at du får tak i dei fleste lydfiler for voksne (som ikkje er gitt ut inneverande år) til ca kr 149,-. For lydbøker som er nye av året, ligg dei fleste lydbøker på lydfil på ein god del lågare pris enn den same boka i trykt format. Jo Nesbø-boka "Sønnen" får du til dømes til 299,- på lydfil, og til 399,- som tryktbok.

    Vi forstår godt at du liker Audible si løysing, utval og priser. Men å samanlikne norske lydbok-aktørar med Google-eigde Audible er ikkje heilt rettferdig. Å produsere lydbøker er kostbart. Vi betaler for studio-leige, vi lønnar produsentar, teknikarar og profesjonelle skodespelarar, som alle jobber i dagar og veker for å produsere ei einaste lydbok. Og på lik linje med tryktbokforlaga, betaler vi sjølvsagt royalty til forfatter. Desse utgiftene har Audible også. Men så kjem forskjellen. Marknaden for norske lydbøker er ikkje større enn talet på sjeler som behersker det norske språk. Marknaden til Audible er derimot talet på alle som behersker det engelske språk. Og jo fleire lydfiler ein sel, jo lågare prisar kan ein setje.

    At stadig fleire går frå fysiske format som CD og Digikort til digitale filer, er ei heilt naturleg utvikling som vi i Lydbokforlaget ønsker velkommen. Det er også derfor vi har utvikla vår eigen lydbok-app, slik at det skal bli enklare å laste ned og høyre lydbøker når og kor du sjølv vil. Og vi ser at i salet frå vår eigen nettbutikk har lydfiler vore det dominerande formatet i mange år. No skal det seiast at vi er forbausa over kor godt CD-salet faktisk held seg (sjå sitat frå forlagssjef Paul Hedlund nederst i Aftenposten-artikkelen), men at stadig fleire går digitalt, er noko vi er glade for. På digitale filer kan vi også tilby ein betre pris enn på fysiske format.

    Og om nokon har lyst til å prøve ut nedlasting/lytting med app, kan vi anbefale å først prøve å til dømes høyre våre lydbok-singlar, som er korte kvalitetstekstar til kr 39,-. Då får du prøve-smake litt på app-opplevinga, og sjå om det er noko for deg, utan at det kostar skjorta.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har forstått at digitalt sel Lydbokforlaget enormt, og det er jo den vegen eg trur det går. Å samanlikne Audible og Lydbokforlaget er ikkje rettferdig, men eg har nok heller ikkje tenkt over problemstillinga med det norsktalende vs det engelsktalende folk.

      Seinast i går såg eg ein reklame for ein CD og då annonserte dei at den var å få tak i på CD og digitalt. Eg kjøper framleis mykje musikk på CD, og ser ikkje at det salet stagnerer noko særleg. Eg har sett at dykk tilbyr korte kvalitetstekstar, og det er veldig bra for dei som muligens ikkje er heilt kjent med formatet ennå.

      Tusen takk for god kommentar, og mykje nytt å tenke på:-)

      Slett