Søk i denne bloggen

fredag 17. juli 2015

Bok: "Little Dorrit"

Forfatter: Charles Dickens (1812-1870)
Utgitt: 1857
Min utgåve: 2008
Format: Lydbok frå Storytel, lest av Anton Lesser, 35t4min
Forlag: Naxos Audiobooks

Charles Dickens er eit kjent namn for mange, og eg er på pluss-sida når det gjelder kor mange eg har lest og kor mange eg har igjen. I oktober i fjor byrja eg friskt på Little Dorrit, men den vart stadig nedprioritert. I midten av mai bytta eg frå kindle til Storytel, og då vart det fart i sakene. Sist helg høyrte eg den ferdig, og sjølv om eg veit kva det går ut på så er det fint å ha meir kjøtt på beina. Etter litt omorganisering på klassikerutfordringa vart denne innlemma i kategorien A Very Long Classic Novel, og eg har med det fullført 9 av 12 kategoriar.

Little Dorrit går i første del føre seg i gjeldsfengselet Marshalsea. William Dorrit har vore fengsla i mange år, og hans tre barn, Fanny, Edward (populært kalt Tip) og Amy (populært kalt Little Dorrit) har vokse opp i fengselet. Dei tre har lov til å være utanfor fengselet uansett kva tid på døgnet, men Amy bur der ganske fast og bidrar til hushaldninga ved å sy for andre. Arthur Clennam har budd i Kina dei siste tjue åra og kjem heim til London etter sin fars død. På farens dødsleie fekk han ei klokke og orda "Your Mother". Arthur som trur dette betyr hans mor, Mrs. Clennam, viser den til ho saman med eit papir, men då mora nekter å forklare kva det betyr blir forholdet deira anstrengt. Då Arthur lærer at Mrs. Clennam betaler Little Dorrit for syegenskapene sine mistenker han at ho har noko med klokkemysteriet å gjere. Clennam går inn i forretninger med Daniel Doyce og bestemmer seg for å etterforske Dorrits gjeld. Etter mykje om og men finner Clennam ut i lag med gjeldskreveren Pancks at William Dorrit er den sakna arvingen til ein stor formue og Dorrit-familien flytter ut av Marshalsea. Under etterforskinga har Amy forelska seg i den tjue år eldre Arthur, men sistnemnte er blind for slikt.

I andre del reiser Dorrit-familien på tur i Europa. Dei tilbringer tid over Alpene, i Venezia og til slutt i Roma. Amy er den som syns minst om penger, og får til stadighet høyre at ho ikkje setter pris på den nyerverva formuen. Onkelen, Frederick Dorrit, er den einaste som tilsynelatende forstår ho. Brørne Dorrit døyr i Roma, Fanny blir gift, og Amy reiser heim til London åleine. Her har ein skurk ved namn Rigaud (som har vore tidlegare nemnt i boka) funne ut at Mrs. Clennam ikkje er Arthurs biologiske mor og presser ho for penger. Det viser seg at Amy er arving til ein stor formue på grunnlag av Arthurs biologiske mor, ei ung sangerinne, og Mrs. Clennam mister både stemme og bruk av kroppen i sin søken etter Amy. Little Dorrit får vite sanninga, men med Arthur i Marshalsea på grunn av at banken gjekk konkurs bruker ho all si tid på å pleie ham etter sjukdom. Amy vil ikkje ha penger og formue, ho vil bare ha Arthur, og seier nei til arven. Då Clennams forretningspartner returnerer til London som ein rik mann, blir Arthur satt fri, og Arthur og Amy gifter seg.

Eg har sett Little Dorrit (ekstern lenke) filmatisert, og det var interessant å få meir kjøtt på beina. Det er så klart ein del som må vekk når tjukke bøker filmatiseres, men då er det godt å ha lest boka enten før eller etterpå. Little Dorrit er ei meget god bok, og som alle Dickens-bøker med mange karakterer og fleire historier. Amy og Arthur er bare ein av dei; Rigaud har meir plass i boka enn eg har skrevet her, og du har og historien om familien Meagles som Arthur traff i Kina. Eg har som sagt høyrt den via Storytel, men når du søker opp bøker i Storytel pass på å få med den uavkorta versjonen. Bøkene i Storytel er dårleg merka med abridged/unabridged og eg har brent meg minst ei gong. Charles Dickens anbefales alltid uansett kva bok du gir deg i kast med!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Little Dorrit er en av Dickens bøker jeg ikke har lest. (Jeg har lest en god del, men det er også en god de igjen :-)). Det er så bra at disse bøkene er på Storytel for da er det en mye større sjanse til at jeg får "lest" dem :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det tenkjer eg og om Storytel :-)

      Slett