Søk i denne bloggen

mandag 1. februar 2016

Bok: "Hobbiten"

Forfatter: J.R.R. Tolkien (1892-1973)
Utgitt: 1937
Min utgåve: 2005
Format: Lydbok frå Storytel, lest av Knut Røe, 9t22min34sek
Forlag: Fono

Den britiske forfatteren John Ronald Reuel Tolkien, betre kjent under sine initialer, er kjent for sine romaner om hobbiter og trollmenn, alver og mennesker. Dei siste åra har regissøren Peter Jackson gjort sitt til at Hobbiten og Ringenes Herre har blitt levande på kinolerretet.

Hobbiten Bilbo Baggins lever eit stille og fredeleg liv i hobbithula si, og ein dag får han besøk av trollmannen Gandalf. Dette er ingen ukjent trollmann for Bilbo då han kan erindre fyrverkeri frå sin barndom som Gandalf sendte opp. Gandalf ønskjer å ansette Bilbo som innbrudstjuv for eit oppdrag som han og ein gjeng med dverger skal ut på. Same kveld kjem dvergane til Bilbos hule, dei et, drikk og har det lystig og neste dag blir Bilbo med dei på tur. Det er ikkje utan kvaler Bilbo drar frå den koselege hula si, og fleire gonger i løpet av reisen drøymer han seg tilbake til spiskammerset, senga og komforten i hula si. Dvergane, anført av Thorin Oakenshield, er på veg til sin heim i The Lonely Mountain. Heimen deira vart for nokre år sidan overtoke av dragen Smaug, og skatten til dvergane har blitt Smaugs symjebasseng. I løpet av reisa treffer Bilbo og dvergane på mange rare skapninger, og mang ein kamp må utføras på godt og vondt.


Historien er kjent for meg gjennom filmatiseringane til Peter Jackson, og i utgangspunktet var Hobbiten tenkt som ei barnebok for Tolkiens barn. Etterkvart vart den populær blant vaksne, og reknes nå som forløparen til Ringenes Herre. Eit spørsmål eg stilte meg i løpet av lyttinga til boka var korleis i alle dager har Jackson klart å skrape saman nok stoff til tre lange (!) filmer. Så lang er ikkje boka! Uavhengig om du er kjent med historien eller ikkje så er dette ei god bok å lytte til, den har behaldt sin barnlege sjarm og Knut Røe har gjort ein god jobb med innspelinga. Det mest sjarmerande med heile lytteprosessen var at du kan tydeleg høyre at Røe blar i manuskriptet sitt og tar pauser innimellom. Det eg imidlertid ikkje liker med boka er oversetjinga. Eg syns ikkje at egennamn, altså førenamn, etternamn og stedsnamn, skal oversetjas. I denne utgåva som er oversatt av Finn Aasen heiter Bilbo Sekker til etternamn, og Thorin har og fått "nytt" etternamn utan at det skal repeteras her. Då eg fyrst høyrte namna som er nemnt her måtte eg sjekke oversetjarens namn for å sjekke om han står bak dei norske Harry Potter-bøkene. Uansett, min tirade om oversetjingar.

Hobbiten anbefales! Og er ei relativt kort 1001-bok.

XOXO

6 kommentarer:

  1. Denne skal jeg så definitivt putte inn mellom årets 1001-bøker. Har den tynne lefsa hjemme i hylla, og kan heller ikke fatte hvordan Jackson har klart å tyne denne ut i 3 filmer. Her melker han Lord of the Rings suksessen maksimalt. Ok, jeg så alle tre filmene da... men likte igrunnen kun den første og siste sånn greit nok. Setter min lit til det skrevne ord, jeg. Fin omtale!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har og sett alle filmane, men eg fant ikkje så mykje felles med romanen. Tusen takk, Marianne!

      Slett
  2. I min norske versjon av Ringenes Herre heter Bilbo Lommelun til etternavn, fremdeles ille - men marginalt bedre enn Sekker. Det er Torstein Bugge Høverstad aka mannen som oversatte HP.

    SvarSlett
    Svar
    1. Og Lommelun har eg høyrt, men Sekker var grusomt! Høverstad var det han het, mannen som er ansvarleg for Wiltersen, Grang og Ding :-O

      Slett
  3. Skal lese noe av Tolkien i år, og tror jeg skal starte med Hobbiten. Ringenes Herre føler jeg er et prosjekt som jeg må bruke litt lenger tid på å psyke meg opp til.

    SvarSlett
    Svar
    1. Lurt val! Ringenes Herre har eg vore gjennom, og det krever litt :-)

      Slett