Søk i denne bloggen

mandag 21. mars 2016

Bok: "White Hunger"

Forfatter: Aki Ollikainen (f. 1973)
Originaltittel: Nälkävuosi, oversatt frå finsk ved Emily Jeremiah og Fleur Jeremiah
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2015
Format: Kindle, 128 sider
Forlag: Peirene Press

Den finske forfattaren Aki Ollikainen debuterte med eit brak i 2012 med denne romanen, og mottok det meste av finske litterære priser. Nå er den tilgjengelig på engelsk, og med oversettelsen har Ollikainen fått plass på Man Bookers internasjonale langliste. Ifølge Goodreads ga Aki Ollikainen ut ein roman i fjor, men foreløpig ser det ut til at den er på finsk.

I 1866-68 gjennomgikk Finland hungersnød. Avlingane i 1866 var dårlege, sommaren 1867 var kald og avlingane vart ikkje betre det året. Matmangel førte til hungersnød over heile linja, frå fattig til rik og så mykje som 15 prosent av befolkninga døydde i løpet av åra det varte. I romanen White Hunger møter me fleire karakterer som på kvar sitt vis sliter seg gjennom matmangelen. Ei bondekone frå det nordlege Finland, Marja, forlater sin døande mann, tar med seg ungane og legger ut på den lange vegen til St. Petersburg. Ho har høyrt at tsaren ønskjer at ingen skal sulte. Etterkvart blir dei tiggere på landevegen, men i husa dei kjem over er det ikkje mykje å få. Legen Teo bur i byen, men har ikkje meir enn dei fattige. Han er filosofisk og makter å sjå hungersnøden frå to sider, fattig og rik. Vegane deira krysses etterkvart, men ikkje på ein god måte.

Då eg fant ut at White Hunger var debutromanen til Aki Ollikainen vart eg imponert. Romanen er velskrevet, meget sitatvennlig og berører eit tema som mange debutanter ville haldt seg langt vekke frå. Hungersnød i Finland er heilt nytt for meg, og det er eit interessant perspektiv Ollikainen presenterer. Eit tips om du skal lese denne er å ta den i eit strekk. Eg las første halvdel i rykk og napp, og andre halvdel i eitt. På det viset fekk eg meir utav andre enn første halvdel, medan andre bloggere har lest i eitt strekk og er godt fornøgd med det. På tross av sitt mørke og såre tema er det ein meget god roman, og den anbefales!



XOXO

Les gjerne anmeldelsene til Ann Helen og Beathe.

6 kommentarer:

  1. Tenk at den er fra 2012. Så stor makt har overesettelser. Vi vandrer rundt i mørket. Prisgitt de få språk vi kan. Fortærende å tenke på. Det mer jeg tenker på det - det mer fan blir jeg av denne nye internasjonalbookerordninga. Den setter lyset på bøker jeg aldri ville hørt om. Mange av de på den ordinære lista har det med å dukke opp uansett.

    Uansett: Jeg er igang. Og jeg liker den foreløpig godt. (på svensk).

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er heilt vilt. Eg trur eg leste på Goodreads at A Cup of Rage er enda eldre *sjekker* jepp, publisert første gong i 1976 (!). Boka er 40 år!

      Du har rett i at dei normale Bookerprisbøkene har det med å dukke opp, sist veke fant eg ein norsk oversettelse av ei Bookerbok eg las for 3-4 år sidan. Eg fant bare ebøker av dei du nemnte på storytel og eg bruker ikkje appen til det, kun lydbøker her i gården.

      Slett
    2. 40år gammel er insane. Tror faktisk jeg skal satse mer på internasjonal booker framover. Lister må lages. Kryssverdi opprettes. Nødåret er min første e-bok på storytel. Liker det egenlig ikke, men siden den var kort og jeg har øvd meg litt på e-boklesing i app på eBokBib, prøver jeg likevel. Det er håpløst i forhold til kindle, men grådigheta slo til.

      Slett
    3. Lister må lages her og ;-) Så grådig var eg ikkje. Hadde det vore lydbok så skulle eg ha utsett meg for det svenske språket.

      Slett
  2. Fin omtale av boken og godt å se at du likte den også! Omtale kommer altså - jeg er bare så treg om dagene. Skulle kjøpe "The Vegetarian" som ebok men den koster over 300,- kr så da droppet jeg den foreløpig - mulig jeg kjøper den som pocket eller innbundet i stedet sammen med A Cup of rage for den fikk jeg også lyst til å lese. Ønsker deg en fin påske, Elida :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hadde og droppa den med den prisen ;-) Ser fram til anmeldelsen din, og god påske!

      Slett