Søk i denne bloggen

torsdag 30. mars 2017

Vinnaren av Rivertonprisen 2016

Kjelde: Bok365
I dag kl. 12 vart Rivertonprisen for 2016 delt ut i Amalie Skram-salen i Litteraturhuset i Oslo. 9. mars vart dei nominerte annonsert, og i dag vart det kjent at Torkil Damhaugs En femte årstid er fjorårets beste kriminalroman. Dette er Damhaugs andre Rivertonpris, eller Den gyldne revolver. Han mottok prisen første gang i 2011 for Ildmannen. Les gjerne Bok365s artikkel.

Gratulera så mykje til forfatteren og forlaget Cappelen Damm!

XOXO

søndag 26. mars 2017

Krimfestivalen 2017

Kvardagen går i raskt tempo, og mykje har skjedd dei siste fire vekene. Eg bruker fire veker som utgangspunkt for livet vart med eit trylleslag litt mørkare, og kyrkjegarden får oftare besøk. I januar begynte eg å tenke på om økonomien strakk til eit besøk i Oslo og Krimfestivalen. Reisemåte og hotell er eit kapittel for seg, men når det var betalt var det bare å glede seg. Det gjorde umåteleg godt å komme vekk for nokre dagar, og det kunne ikkje ha passa på eit betre tidspunkt.

Torsdag 9. mars satt eg klar klokka 10 veldig underernært på søvn, men proppfull av kaffe, klar til festivalopning ved Knut Gørvell. Jørn Lier Horst, som var årets festivalforfatter, haldt prolog. Horst er ein forfatter som var ansatt i politiet i nærmare 20 år, men som for få år sidan sa opp jobben og vart forfatter på heiltid. Hans helt heiter William Wisting, og han skriver og for barn og ungdom. Eg har lest samtlige bøker både i Wisting-, Clue- og Detektivbyrå-serien, og det er ikkje rart han blir tatt imot som ei popstjerne når han er på skulebesøk (meir om det seinare). Horst snakka om at me leser krim for å forstå og for å slippe inn på stader som elles er lukka. Det er ein flukt frå virkeligheten, og me lar oss fascinere av drap sjølv om me tar avstand frå det. Jørn Lier Horst sine bøker har ikkje mange drap per bok, dei handler meir om kriminalitetens årsaker.

Knut Nærum er ein kjent mann frå TV, men han er og i styret for Rivertonprisen. Han las krimdikt og eit sitat sitter igjen: "Kriminallitteraturen forutsetter at en hel yrkesgruppe ikke kan jobben sin." Diktene kan du lese HER (ekstern lenke).

Ein tradisjon ved Krimfestivalen er at andre får si nokon velvalgte ord om festivalforfatteren. Krimforfatter Gunnar Staalesen har foretatt opptelling av Lier Horsts utgivelser og kom til 41 titler sidan debuten i 2013. Han sa videre at krimforfattere leser andre krimforfattere for å bli inspirert, og at han har Lier Horsts Clue-serie på hytta til barnebarna. Den islandske krimforfatteren Yrsa Sigurdardóttir fortalte at Jørn Lier Horst er svigermoras favoritt, og erstatter dermed ho sjølv. Anne Gaathaug i Kagge forlag har vore med på mange bokturnéer med Lier Horst, og fortalte at Lier Horst blir tatt imot som Justin Bieber når han entrer klasserom og aulaer. "Rett og slett en bra fyr" er eit sitat frå ein elev.

Så er det tid for dagens første avsløring: Kven er nominert til Rivertonprisen 2016? Tidlegare president i Rivertonklubben, Hans H. Skei, oppsummerte krimåret 2016 og med Tom Egeland i spissen kom dei nominerte inn på scenen. Torkil Damhaug, Unni Lindell, Chris Tvedt, Karin Fossum og Bjørn Olav Nordahl er nominert. Om fire dager (30. mars) blir det avslørt kven av dei fem som får Den gyldne revolver. Den andre avsløringa for dagen stod Fredrik Wandrup og Ola Heggdal for. 27 bøker vart sendt inn som forslag til kven som skulle stikke av med den nyoppretta prisen for beste oversatte kriminalroman, Gullkulen. Vinnaren vart franskmannen Michel Bussi og oversetter Thomas Lundbo. Bussi var forhindra frå å kome til Oslo, men Øyvind Hagen i Bazar (Bussis norske forlag) takka på vegne av Bussi.

Det går slag i slag på Krimfestivalen med nye arrangement kvar halvtime/45 min. Nå er klokka blitt 12 og det var tid for mestermøte mellom Jørn Lier Horst og Gunnar Staalesen. Dette hadde eg sett fram til då begge forfatterne er kunnskapsrike og gode å høyre på. Sarah Natasha Melbye ledte an, men det var ikkje mykje ho fekk sagt etterkvart. Det første dei prata om var kontakten med leserne og moglege feil i bøkene. Lier Horst avslører at han har null peiling og interesse for bil, og blir ofte arrestert av lesere for sin manglande kunnskap. I ei av bøkene sparker Line Wisting seg ut av bagasjerommet på ein Mercedes, men dette var ein leser klar på at var ikkje mogleg då den typen Mercedes vart produsert med ei heil stålplate bak. Staalesen skapte diskusjon om eit stedsnamns skrivemåte på Karmøy i si siste bok, og avsenderen var ikkje lite frekk då han ønska seg heile Staalesen-samlinga i gave som takk for at han rydda opp i skriverotet. Same forfatter har aldri brukt levande personer i bøkene, Varg Veum har få likhetstrekk med forfatteren, og bortsett frå ei lita bygd i Ryfylke i siste bok er alle stader i Bergen og Haugesund autentiske i bøkene hans. Jørn Lier Horst var lei av drikkfeldige hovudpersoner då han skapte familiemannen William Wisting, og Gunnar Staalesen humrer i stolen ved siden av. Samtalen dreide hit og dit og det var umogleg å få med seg alt. Jørn Lier Horst skriver som tidlegare nemnt for barn og unge, og Detektivbyrå-serien er illustrert av Hans Jørgen Sandnes. Lier Horst skriver dei bøkene ganske kjapt, og han meiner at Sandnes bruker nok dobbelt så lang tid på å teikne.

Nå var eg meget klar for ein pause, og forlot Cappelen Damm-huset. Lunsj og kaffe stod på planen, og etter ein god time på kafé var eg bortom hotellet for innsjekking. Neste stopp var Teaterkjeller'n der Tom Egeland har fått utvida sin fredagspils til og å heite torsdagspils med krimkometer. 6 nye ansikt innan krimverda får sine 15 minutt i rampelyset og denne ettermiddagen var det Terje Bjøranger, Eirik Husby Sæther (som strengt tatt har fire krimromaner på si liste), Jenny Rogneby (SV), Lars Mæhle, Trond Henriksen og Olav W. Rokseth. Egeland er belest og virker genuint interessert i kva dei ulike skriver om, og det er interessant å høyre på. Etterpå kom Anne Grosvold (ein av Noregs beste programledere) med Rivertonklubbens styre i hælane. Tom Egeland, Knut Faldbakken, Knut Nærum, Nils Nordberg og Else Barrat-Due skulle prate om kva dei elsker og hater ved krim. Styret var ofte enige og til tider uenige, og Faldbakken er bekymra for sjangeren då det er ein meget makaber utvikling ute og går. Den danske krimforfatteren/paret Lars Kepler er få i styret positive til, og det siste i hat-diskusjonen sa Knut Nærum som meiner at Stieg Larsson er ikkje lest av verken forfatter, redaktør eller forlag (eg har ikkje lest Larsson så eg har ingen meining). I elsk-diskusjonen kom det fram både gamle og nye bøker. Ein av årets krimdeltakere, Peter Swanson, vart omtala i rosande ordelag av Nordberg. Det same med kjente namn som Kerstin Ekland, John le Carré og Umberto Eco. Det svenske forfatterparet Sjöwall og Wahlöö blir så ofte omtalt som meget gode at eg blir nødt til å lese dei snart.

Nå var min første dag på årets krimfestival over, for det er grenser for kor lenge du kan halde ut på kaffe og pur hekkan. Tidleg kveld på hotellet gjorde at lørdagen opprant med sol!

Fredag 10. mars starta eg med Gunnar Staalesen som programleder og han hadde med seg fem nordiske krimforfattere på scenen for å diskutere kven som er best i Norden. Ein konklusjon trur eg aldri dei kom fram til, men det er interessant å høyre på dei ulike meiningane. Elles den dagen fekk eg med meg ein diskusjon om krimromaner og norsk virkelighet, og Kari Birkeland intervjua tre forfatterpar som meiner dei skriver betre i tospann enn dei ville gjort åleine. Nils Nordberg er ein interessant mann (som forøvrig er 75 år i dag!) og når hans namn står i programmet er eg førstemann til åstedet. Han hadde med seg amerikanerne Peter Swanson og John Hart, samt svenske Martin Österdahl til Tanums krimkafé. Det eg var mest spent på var om Nordberg kan snakke engelsk. Søstra mi var klar på at sjølvsagt kan han det, han oversetter jo frå engelsk. Det er imidlertid ikkje det same for uttale er og viktig. Nordberg kan snakke engelsk med god uttale, og alle var fornøgde med seansen. Nå var det tid for middag med søstra mi og som alltid velger ho Tullins café. Der har me vore mange gonger, men med riving og vegarbeid mange stader i området klarte eg å gå feil to gonger på min veg frå Akersgata til Tullinløkka. Då me gjekk ned igjen til Akersgata forstod eg kvifor eg hadde gått feil, for den vegen eg pleier å gå (forbi gamle Tronsmo) var nesten blokkert. I Teaterkjeller'n fekk me med oss OP-5-timen med Asbjørn Slettemark og Aslak Nore, og i Centralteateret intervjua Anne Grosvold ulike forfattere samt sønnen til den colombianske narkobaronen, Pablo Escobar, Juan Pablo Escobar. Under det siste intervjuet var det musestille i salen, og eg trur alle hadde godt av krimteatersport etterpå. Helen Vikstvedt, Kim Haugen og Jan-Paul Brekke lager improvisasjonsteater og det var ikkje få gonger eg vreid meg i stolen av latter.

Lørdag 11. mars starta litt seint for min del då formiddagen var via dei yngre leserne til Jørn Lier Horst. Barnekrimfestivalen var meget populær fekk eg høyra etterpå, og det viser igjen kor god Lier Horst er med sine barnekrimbøker. Den tidlegare TV2-programlederen Kari Birkeland intervjua thrillerforfattere, og Jørn Lier Horst fortalte og viste bilete frå politisaker han har etterforska og som han seinare har brukt som elementer i bøkene sine. Eg valgte å ta ein pause etter det, tok meg ein tur på Eldorado og satte meg i ro og fred i Teaterkjeller'n og las ei stund før krim-matiné med Nils Nordberg og Radioteateret Live. Arrangement i Teaterkjeller'n pleier å vera veldig populært, og både eg og søstra mi var vel fornøgde med arrangementet. Nils Nordberg er meget god å høyre på, og den mannen kan alt om krim. Eg pleier ikkje å høyre så mykje på Radioteater, men det er spennande å høyre det live. Etterpå forflytta me oss til Centralteateret der Fredrik Wandrup snakka med Eirik Jensen og opphavsmennene bak podcasten Svartelista. Chris Tvedt fekk ein halvtime til rådighet der han snakka om vegen frå advokat til krimforfatter. Ny OP-5-time og nye intervjuer med Anne Grosvold. Kvelden vart avslutta med krimteatersport og nachspiel i forlagshuset.

Søndag 12. mars var heimreisedag, men ikkje før eg hadde vore på tvangslesekafé på Oslo S med Line og Silje. Kofferten var stappfull av nye bøker, og ei perfekt helg i Oslo var over idet flyet tok av frå Gardermoen. Håper det blir ny tur neste år!

XOXO

fredag 24. mars 2017

Bok: "Fever Dream"

Forfatter: Samantha Schweblin (f. 1978)
Originaltittel: Distancia de rescate, oversatt av Megan McDowell
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2017
Format: Lydbok lest av Hillary Huber, 3t13min
Forlag: Oneworld (Audible)

Den argentinske forfatteren Samantha Schweblin har fire utgivelser på spansk ute, men romanen Fever Dream er den første på engelsk. Schweblin har studert film i Buenos Aires, og sist veke vart det kjent at ho er på langlista til Man Booker International Prize med nemnte roman.

Handlinga i Fever Dream går føre seg på eit sjukehus. Den unge mora Amanda er døande, og ved sida av ho sitter David. Han er ikkje sonen hennar, og ho er ikkje mor hans. David prøver så godt han kan å halde Amanda innføre temaet om kor dottera hennar er, medan Amanda til stadighet svinser hit og dit med tankane sine. Saman fortel dei to ein historie med psykologiske undertrekk og beviser romaner kan bli skumle sjølv om ingen kryper rundt hushjørner nattestid.

Det var igrunnen heilt tilfeldig at Fever Dream vart førstemann ut av 13 romaner på longlist då denne var tilgjengelig hjå Audible. Eg trur romanen er mykje betre enn mitt inntrykk er, og det har med formatet eg valgte og innleseren. Kjem denne boka på shortlist blir eg nødt til å lese den om igjen rett og slett for å finne ut kva som eigentleg føregår, men samtidig så trur eg at viss boka er såpass god at den hamner på Bookers liste så hadde eg fulgt med. Det andre eg har problem med er innleseren. Hillary Huber er meget flink og ho har ein behageleg stemme, men eg høyrte for ei stund sidan ho då ho les siste roman i Napoli-kvartetten til Elena Ferrante. Eg er ganske lei av Napoli-kvartetten, og Hubers stemme var det siste eg hadde lyst til å høyre.

Eg ser på Goodreads at det er mange fornøgde lesarar, og eg skulle så gjerne vore med i den klubben. Samstundes veit eg at det hadde vore frykteleg kjedeleg viss alle likte dei same bøkene. Eg håper andre leser denne boka (og at eg ikkje har skremt vekk nokon) for eg vil gjerne høyra andres meining om Fever Dream.


XOXO

onsdag 15. mars 2017

Man Booker International Prize 2017 - Longlist



I pausen på jobb var eg såvidt innom Instagram og Facebook og eg visste godt at i dag var dagen for longlist, men eg visste ikkje når på dagen den kom ut. Då eg sjekka hadde den kome, og eg brukte pausen til å sjekke biblioteket for norske oversettelser (det er alltid lettare med denne prisen enn den til sommaren). Nerføre er det 13 titler fordelt på 11 land, fire utanom Europa, og 3 nordiske (blant anna Noregs Roy Jacobsen).
  • Mathias Enard (France) Compass (Fitzcarraldo Editions) Charlotte Mandell
  • Wioletta Greg (Poland) Swallowing Mercury (Portobello Books) Eliza Marciniak
  • David Grossman (Israel) A Horse Walks Into a Bar (Jonathan Cape) Jessica Cohen
  • Stefan Hertmans (Belgium) War and Turpentine (Harvill Secker) David McKay
  • Roy Jacobsen (Norway) The Unseen (Maclehose) Don Bartlett, Don Shaw
  • Ismail Kadare (Albania) The Traitor's Niche (Harvill Secker) John Hodgson
  • Jon Kalman Stefansson (Iceland) Fish Have No Feet (Maclehose) Phil Roughton
  • Yan Lianke (China) The Explosion Chronicles (Chatto & Windus) Carlos Rojas
  • Alain Mabanckou (France) Black Moses (Serpent's Tail) Helen Stevenson
  • Clemens Meyer (Germany) Bricks and Mortar (Fitzcarraldo Editions) Katy Derbyshire
  • Dorthe Nors (Denmark) Mirror, Shoulder, Signal (Pushkin Press) Misha Hoekstra
  • Amos Oz (Israel) Judas (Chatto & Windus) Nicholas de Lange
  • Samanta Schweblin (Argentina) Fever Dream (Oneworld) Megan McDowell
Eg har ikkje lest nokon av bøkene tidlegare, men det er fleire forfattere eg har høyrt namnet til tidlegare. Yan Lianke var blant anna nominert i fjor og så det er tydeleg at han blir fokusert på for tida. Eg har funnet fire i norsk oversettelse på biblioteket (Oz, Stefánsson, Hertmans og Jacobsen) og har lasta ned 6 samples til kindle. 

Min umiddelbare tanke er å lese flest mogleg og eg håper eg ikkje detter av etter to-tre stykker. Den lengste boka er uten tvil Clemens Meyer (600+ sider, men til ein meget snill pris hjå Amazon) og det er 6 stykker som er på 200+-. Det liker me når kortlista kjem allerede 20. april. Påsken dette året kan fort bli Booker-prega!

Skal dykk lese nokon av disse?

XOXO

tirsdag 14. mars 2017

Bok: "Talking as Fast as I Can"

Forfatter: Lauren Graham (f. 1967)
Utgitt: 2016
Format: Innbundet, 209 sider
Forlag: Virago

Den amerikanske skodespelaren Lauren Graham er mest kjent for sine 7 sesonger som Lorelai Gilmore i tv-serien Gilmore girls (2000-2007). I 2016 kom det fire 90-minuttersepisoder, og mitt håp er at det kjem fleire for det kan umogleg slutte slik det gjorde. I tillegg til å vera skodespelar har Graham skreve fleire bøker, og vore produsent for Gilmore girls.

Eg kan framleis huske første gong eg såg Gilmore girls. Det må ha vore i slutten av tenåra, ca 2002-2003. I dei tider fekk eg eige tv på soverommet mitt og videospelar, og Gilmore girls gjekk på TVNorge mandag til torsdag. Eg fant fort ut av serieopptak, og tok opp fire episodar i veka, såg dei enten kvar dag eller fire i helga, spolte videokassetten tilbake og tok opp fire nye neste veke. Slik haldt eg på ei god stund fram til eg oppdaga at Gilmore girls kunne kjøpes på DVD (og foreldra mine faktisk kjøpte DVD-spelar). Den dag i dag er Gilmore girls noko av det beste som har kome av amerikanske TV-serier, og eg snakker ikkje mange utanlandske språk, men til tider snakker eg Gilmorsk ;-) I ettertid har eg sett det fleire gonger, nå sist på Netflix.

I Talking as Fast as I Can - From Gilmore girls to Gilmore girls (and Everything in Between) fortel Lauren Graham om barndom og oppvekst, om skole og arbeid, om 7 sesonger av Gilmore girls og om korleis det var å bli spurt om å spele sin favorittrolle ein gong til. Det er underholdande og interessant, og første gong eg las denne boka høyrte eg den på lydbok med Lauren Graham sjølv som innleser. Det var ein opplevelse! Det som eg trur etter å ha lest eit par anmeldelser er at du har mest utbytte av boka om du er ganske god fan av Gilmore girls. Eg ser føre meg Lorelai Gilmore når eg både høyrer og leser boka, og det trur eg ikkje alle gjer. Lauren Graham har forma rolla si ganske godt kjem det fram i boka, og ho har nok hatt mange runder med regissører og produsenter.

Eg misunner heilt ærleg alle som nå setter seg ned og ser Gilmore girls for første gong (nå er heile serien tilgjengelig på Netflix), men eg syns og dei 3-4 første sesongane er best. Det er delte meiningar om Gilmore girls: A Year in the Life (90-minuttersepisodane), men eg syns dei er gode. Det er gode og dårlege øyeblikk akkurat som i serien, men då dei kom på Netflix i november i fjor var eg kjempeklar. Den ettermiddagen kom eg heim frå jobb, satte pizzaen i ovnen, satte på første episode, såg ein halv time før mi mor ringte (veldig ubeleilig, burde hatt flymodus på telefonen), prata med ho ein halv time før resten av episodane vart slukt. I 01-tida den kvelden/natta la eg meg då siste episode var ferdig. Binge-watching deluxe!

XOXO

torsdag 9. mars 2017

Dei nominerte til Rivertonprisen 2016 + vinnaren av Gullkulen

I føremiddag var eg i Cappelen Damm-huset på Krimfestivalen, og ca 11.15 vart dei nominerte til Rivertonprisen offentliggjort. Det er ei solid gruppe krimforfattere og ikkje mindre enn fire tidlegare vinnarar. Tidlegare har ikkje ein forfatter hatt muligheten til å bli nominert fleire gonger, men så vart det endringar i reglane. Nå kan tidlegare vinnarar bli nominert når styret i Rivertonklubben meiner at den aktuelle boka markerer ein ny start for forfatteren. Eksempelvis: Gunnar Staalesen har vunnet to gonger; ein gong for ei Dumbo og Maskefjes-bok, og ein gong for ein Varg Veum-roman.

Dei nominerte er:

  • Torkil Damhaug: En femte årstid (Cappelen Damm)
  • Karin Fossum: Hviskeren (Cappelen Damm)
  • Unni Lindell: Jeg vet hvor du bor (Aschehoug)
  • Bjørn Olav Nordahl: Dødvinkel (Gyldendal)
  • Chris Tvedt: Den som forvolder en annens død (Cappelen Damm)
Neste programpost etter Tom Egelands intervju med dei nominerte var utdelinga av den nye bokprisen til Krimfestivalen: Gullkulen. Den går til den beste oversatte kriminalromanen gitt ut i Noreg i 2016. For ei veke sidan kom kortlista, og medlemmer i juryen blant anna Fredrik Wandrup kom opp på scenen og las begrunnelsen. Eg har ikkje lest nokon av dei nominerte bøkene, men eg høyrte i salen under opplesinga at det var mange som gjetta vinnaren underveis.

Vinnaren av den aller første Gullkulen er Michel Bussi med romanen Etter styrten. Bussi hadde ikkje mulighet til å komme til Oslo, men leder i Bazar forlag (som gir ut den norske oversettelsen) las opp ein melding frå Bussi.

XOXO

tirsdag 7. mars 2017

Prosjekt: Å lese eit heilt forfatterskap

Fristerinnen (og kjent som Labben/Ann Helen) gjer det igjen. Ho har gitt seg sjølv utfordringa med å lese eit heilt forfatterskap, og sidan eg blir frykteleg inspirert av alt andre gjer så har eg funne nokre moglege kandidater til mitt prosjekt.

Eg har scanna bokhyllene, og til tider er eg i sjokk over korleis eg hamstrer bøker av ulike forfattere for så å la dei støve ned i hyllene. Det skal det bli ein endring på, og sannheten er at det er ikkje umogleg at eg leser alle tre forfatterne etterkvart.

Etter vurdering står det mellom disse tre: 

Julian Barnes - Den britiske forfatteren har skrevet 12 romaner samt litt diverse non-fiction som eg ikkje ser bort frå at kan bli lest. Eg har lest eit par av bøkene hans tidlegare utan at det ga så veldig mersmak. Eg veit at mannen kan skrive, og skulder litt på tvangslesing og stemning då eg las bøkene hans.


Bøkene - Metroland - Before She Met Me - Flaubert's Parrot - Staring at the Sun - A History of the World in 10 1/2  Chapters - Talking it Over - The Porcupine - England, England - Love etc. - Arthur and George - The Sense of an Ending - The Noise of Time - Levels of Life

Salman Rushdie - Den indiske forfatteren har skrevet 11 romaner (kjem ny dette året) samt diverse non-fiction og eit par barnebøker. Av ein eller anna grunn har eg fem uleste romaner i hylla, og dei har stått der ei stund. Eg har inntrykk av at Salman Rushdie er ein god forfatter, og ein variert sådan.
Bøkene - Grimus - Midnight's Children - Shame - The Satanic Verses - Haroun and the Sea of Stories - The Moor's Last Sigh - The Ground Beneath Her Feet - Fury - Shalimar the Clown - The Enchantress of Florence - Luca and the Fire of Life - Two Years Eight Months and Twenty-Eight Nights - The Golden House

Irene Nemirovsky - Dei siste timane har eg nå brukt til å finne ut av kvifor nokre bøker ho har skrevet, den eventuelle oversatte tittelen og om dei er å få tak i. Eg har fem uleste bøker i bokhylla, har funnet fleire til kindle, men må sjekke biblioteket ved ein seinare anledning. Det vesle eg har lest av Nemirovsky er veldig bra.

Bøkene (dei franske titlane er dei eg ikkje har funnet på norsk eller engelsk) - L'Enfant prodige - David Golder - Le Bal - The Misunderstanding - Les Mouches d'automne - The Courilof Affair - Le Pion sur l'échiquier - Films parles - The Wine of Solitude - Jezebel - La Proie - Deux - Sjelenes herre - The Dogs and the Wolves - La Vie de Tchekhov - All Our Wordly Goods - The Fires of Autumn - Dimanche and Other Stories - Destinées et autres nouvelles - Storm i juni - Hett blod

Og nå er det store spørsmålet: Kven skal eg lese først?

XOXO

torsdag 2. mars 2017

Ny bokpris: Gullkulen/The Golden Bullet


Krimfestivalen har i år oppretta ein ny pris: Gullkulen. Den skal gis til den beste oversatte krimromanen utgitt i 2016. Kortlista er som følger:


Forfatter: Tittel (Originaltittel, først utgitt) Oversetter (Forlag)
  • James Lee Burke: Verdens lys (Light of the World, 2013) Hilde Lyng (Vigmostad & Bjørke)
  • Michel Bussi: Etter styrten (Un avion sans elle, 2012) Thomas Lundbo (Bazar)
  • Philip Kerr: Det ene fra det andre (The One from the Other, 2006) Rune Larsstuvold (Pegasus)
  • Pierre Lemaitre: Irene (Irène, 2006) Christina Revold (Aschehoug)
  • Peter Swanson: De som fortjener det (The Kind Worth Killing, 2015) Kari Engen (Cappelen Damm)
Meir info om prisen og bøkene finner du HER (ekstern lenke).

Prisen skal delas ut torsdag 9. mars kl. 11:45 i Cappelen Damm-huset.

XOXO