Søk i denne bloggen

tirsdag 30. april 2019

Leserefleksjonar #46 | April i bøker

April var: Ein meget god vårmånad, og ein forsmak på sommaren. Dagane blir stadig lenger, og kleda blir færre. Om ikkje skodda er på besøk slik som i dag. For i dag var det tilbake til overtrekksklede og hansker. Eg har rydda i bokhyllene, solgt og gitt vekk bøker til nye heimer, og det kjennes så bra!

I april las eg: Litt sånn kvantitet over kvalitet denne månaden, men samstundes har eg lest nokon virkelig gode bøker som boka om Torstein Lerhol, og eg har fullført biografien om Michelle Obama. Det skal ikkje stikkas under ein stol at for meg var det ein seig affære då det har tatt meg 5 mnd å lese 500 sider. Den første halvparten var definitivt best med barndom, oppvekst og diverse, men presidentkampanje og president-frue-delen var heller keisam.

* Isabel Sánchez Vegara: Maria Montessori (Little people, big dreams)
* Isabel Sánchez Vegara: Vivienne Westwood (Little people, big dreams)
* Ola Henmo og Torstein Lerhol: Hemningsløs. Historien om Torstein Lerhol
* Siri Helle: Matmakt på butikken (Norsk Røyndom)
* Kristin Fridtun: Homoflokar (Norsk Røyndom)
* Ine Marie Wilmann og Ingebjørg Faugstad Mæland: Sonja Henie (Min første biografi)
* Henning Rasmussen: Du skal bli elsket lenge
* Isabel Thomas: La oss redde verden
* Arthur Conan Doyle: The Return of Sherlock Holmes (SH #6)
* Michelle Obama: Becoming
* Bonnie R. Paulson: Broken Trails (Montana Trails #1)
* Kristin Grue og Lina Raknes (ill.): Gro Harlem Brundtland (Min første biografi)

I april fullførte eg ikkje: Eg er ikkje halvveis eingong i 1001-boka for april, men det betyr ingenting. Tar den med meg utover i mai.

I mai har eg planer om: Ny bok i lesesirkelen!

Kva har du lest i april?

XOXO

onsdag 24. april 2019

Lesesirkel 1001 bøker | Oppsummering av april

Eg er ikkje halvveis i mitt valg for april, men den skal leses ferdig. Eg er veldig glad i Charlotte Brontës Jane Eyre, men Villette er eit nytt bekjentskap og bra så langt. Dette er oppsummeringa for april og kategorien Europeisk forfattar.

På Instagram kan dykk fylgje hashtaggen #elidas1001lesesirkel og bruker dykk den i innlegg får eg det opp i feeden eller ved å trykke på taggen.

I lista under står alle som eg veit har lest og som skal lese. Står du ikkje her (eller har bytta bok innimellom) legg igjen ein kommentar. Alle linker (og instagram-namn) ligger i fanen Lesesirkel 1001 bøker.

* Anita: Miguel de Cervantes Saavedra - Don Quijote (1605) X
* Anne Jorunn: Patrick Süskind - Parfymen (1985)
* Ann Helen KI: Irvine Welsh - Trainspotting (1993)
* Astrid Terese: Oscar Wilde - The Picture of Dorian Gray (1890)
* Birthe: A.S. Byatt - The Children's Book (2009)
* Elida: Jonathan Swift - Gulliver's Travels (1726)
* Ida B: Karen Blixen - Out of Africa (1937)
* Ida: Jane Austen - Northanger Abbey (1818)
* Ingalill: Jane Austen - Persuasion (1817)
* Marianne: Frank Schätzing - The Swarm (2004)
* Monica: George Orwell - Nineteen Eighty-Four (1949)
* Monika: Francoise Sagan - Bonjour Tristesse (1954)
* Tine: Ian McEwan - Saturday (2005)

God variasjon denne månaden og med både kjente og ukjente bøker. Håper alle har fått noko ut av lesesirkelens fjerde månad, og velkommen til ny kategori om ei vekes tid.

XOXO

søndag 14. april 2019

10 ikkje-boklege fakta om meg

God søndag!

Eg er inspirert av den danske bokbloggeren Nikoline som delte 10 ikkje-boklege fakta om seg sjølv. Det er ingen stor hemmelighet at eg brenner for litteratur både på jobb og fritid, og det eg bruker mest tid på. Men kva anna bruker eg tid på?


  • Eg elsker tv-serier og akkurat nå går det i Hawaii Five-0 på dvd, How I Met Your Mother på Netflix og Frasier på Viaplay.
  • Yndlingsseriene er Gilmore girls, CSI NY, Hart of Dixie, Friends, West Wing og Criminal Minds. Eg leser forøvrig like godt med noko på skjermen.
  • Podcast har eg eit elsk/hat-forhold til og det har stor samanheng med kven som prater og korleis dei prater og viss eg kan noko/mykje om temaet og podcasten kan ingenting så gidder eg ikkje meir. 
  • Yndlingspodcasten akkurat nå er The West Wing Weekly.
  • Eg baker ein heil masse, men det begynte eg ikkje med før for ca 9 mnder sidan. 
  • Min yndlings-Disneyfilm er Skjønnheten og Udyret.
  • Eg kan fort bruke ein halv dag på å surre rundt i MyHeritage og finne folk som er i slekt med meg.
  • Eg bruker sjelden sminke. Ikkje fordi eg ikkje veit kva som skal kor, men fordi eg gidder ikkje å bruke tid på det.
  • Kaffe er eit must! Blir gretten og vond i hodet uten kaffe. Og nei, det hjelper sjelden med andre typer koffein.
  • Eg kan framstå som ekstrovert, men innerst inne liker eg best mitt eige selskap.

Har du nokon ikkje-boklege fakta eg ikkje veit om deg?

XOXO

onsdag 10. april 2019

Bok: "Du skal bli elsket lenge" av Henning Rasmussen

Den norske forfatteren Henning Rasmussen (f. 2000) studerer til vanleg på Stavanger Katedralskule, og skriver dikt på fritiden når han ikkje jobber på Norli. Du skal bli elsket lenge er hans debut som forfatter. Det må påpeikas at eg kjenner ikkje Rasmussen personlig derfor har eg ingen vanskeligheter med å skrive om denne diktsamlingen.

For ei god veke sidan var eg på "Strikk og lytt" på biblioteket som er eit arrangement biblioteket gjer i samarbeid med Norli. Bokhandelsjefen, Mari, tar med seg eit knippe nye bøker og publikum tar med seg strikketøyet og lytter til Mari som fortel engasjert om dei nye bøkene. I dette tilfellet har Mari nesten ikkje gjort anna enn å lese dei siste vekene så researchen er i alle fall i orden. Ei av bøkene ho hadde med seg var bokdebuten til ein av sine deltidsansatte, og Mari som kjenner Rasmussen godt etter fleire år veit kor mykje det har kosta han å få vere den han er.

Eg leser svært lite dikt, men akkurat Du skal bli elsket lenge plukka eg med meg frå biblioteket fordi den er lokal. Diktsamlinga inneheld små og store dikt om det å oppleve kjærleik som god og fin, men og den vanskelege kjærleiken. Den om kjærleik til det same kjønn, og kva med om den kjærleiken ikkje blir gjengitt? Eller når den du trudde kunne bli glad i deg mishandler deg?

Alle vet at Norge er trygt
alle kan være seg selv
snakke for seg selv
elske for seg selv

hvorfor ble jeg
nesten
truffet av
kniven i bakgata 
(s. 32) 

Kor mykje av diktene som er sjølvopplevd veit eg ikkje, men at det er sterke saker er det ingen tvil om. Det er ikkje bare såre dikt i samlingen, tvert imot, men det er dei som gjer sterkast inntrykk. Kvifor er det så vanskelig for mange å la folk få vere den dei er uten at det må lages kvalm? Det er ofte det eg sitter igjen med når folk blir urettferdig behandla for noko dei faktisk ikkje kan for. Når til og med kongen vår har skjønt det at gutter kan vere glad i gutter, og jenter i jenter så kan vel fleire følge hans eksempel. Håper fleire leser Du skal bli elsket lenge for dette kan Rasmussen. Anbefales!

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 72 sider | Forlag: Publica | 

XOXO

tirsdag 9. april 2019

Man Booker International Prize 2019 - Shortlist


Klokka kvart over åtte begynte direkteoverføringa frå Somerset House i London på Facebook! Eg var veldig klar då langlista kom ut, motivasjonen dalte sakte, men sikkert, men håper å finne den med denne kortlista.

Kortlista ser slik ut:

Author (Original Language –Country/territory), translator, title (publisher/imprint)
  • Johka Alharthi (Arabic / Omani),  Marilyn Booth, Celestial Bodies (Sandstone Press Ltd)
  • Annie Ernaux (French / French), Alison L. Strayer, The Years (Fitzcarraldo Editions)
  • Marion Poschmann (German / German), Jen Calleja, The Pine Islands (Profile Books, Serpent's Tail)
  • Olga Tokarczuk (Polish / Polish), Antonia Lloyd-Jones, Drive Your Plow Over The Bones Of The Dead (Fitzcarraldo Editions)
  • Juan Gabriel Vásquez (Spanish / Colombian), Anne McLean, The Shape Of The Ruins (Quercus, MacLehose Press)
  • Alia Trabucco Zeran (Spanish / Chilean and Italian), Sophie Hughes, The Remainder (And Other Stories)

Vinnaren blir kåra 21. mai!

XOXO

søndag 7. april 2019

Bok: "Hemningsløs. Historien om Torstein Lerhol" av Ola Henmo og Torstein Lerhol

Den norske forfatteren Ola Henmo (f. 1965) er frilanser og har tidlegare jobba 15 år i Aftenposten. Tidlegare utgivelser er Kreftforeningens 75-årsjubileumsbok Krefter (2013) og biografien Kampene. Et portrett av Kim Friele (2015).

Torstein Lerhol (f. 1986) har sjukdommen SMA, veger 20 kg, har ein pustekapasitet på 11 prosent, bruker respirator om natta, tilbringer livet liggande i ein rullestol, kan bare bevega ein finger og avhengig av assistanse heile døgnet. Med alt dette hadde dei fleste lagt seg ned og blitt der. Lerhol er av eit heilt anna kaliber. Han har studert på universitet, er i full jobb, er aktiv politiker, næringslivsleder, foredragsholder og reiser verda rundt. Til hausten håper han å bekle rolla som ordførar i heimkommunen for Senterpartiet.

Lerhol er ein mann eg kun har sett på TV, i typisk nyhetene. Sakprosa-boka Hemningsløs skrevet i samarbeid med Ola Henmo gir eit unikt innblikk i oppveksten til Lerhol i Vang, korleis han løyser kvardagslige utfordringar og kampen for eit fullverdig liv. Drøymen om å bli spesialsoldat måtte kjapt legges i grus, men ringer Forsvarsdepartementet takker han ja på flekken (s. 75). Torstein Lerhol er fødd med eit positivt sinn og ei tru på at alt går og med den innstillinga har han nok levd ganske mange år på overtid. Foreldrene, Jon og Sigrun Lerhol, fekk beskjed på sjukehuset då diagnosen vart stilt at det ikkje var troleg at han vart meir enn to år. 30 år på overtid og still going strong er ingenting anna enn fantastisk.

Eg har fulgt Løvemammaene ei stund på snap, og kjenner igjen mange av utfordringane dei har i sin kamp mot samfunnet for å betre deira barns livsvilkår. Lerhols bok burde lesas av mange, og kanskje særleg folk som bestemmer i dette landet. Velskrevet med mykje humor, og eit godt bilete på annerledeshet. Anbefales!

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 220 sider | Forlag: Cappelen Damm |

XOXO

Read-a-thon minutt for minutt (#9)

Dette innlegget blir oppdatert underveis i maratonet!


Laurdag 6. april:

Kl. 11.25 | Eg meldte meg på akkurat nå for dette read-a-thonet har eg registrert også gjekk det meg hus forbi før Ann Helen (ekstern lenke) snakka om det i snaplioteket i morges. Eg har nå meldt meg på, eg har haugevis med bøker som kan leses, men trenger muligens litt snacks. Eg er på veg ut døra for å heie fram unge håpefulle fotballspillere i turnering, men sidan read-a-thonet ikkje begynner offisielt før klokka 14 så har eg god tid i ettermiddag og kveld.

Håper du er med og leser, og legg gjerne igjen ein kommentar!

Kl. 15.30 | Fotballkampene er over for denne gong, og eg er klar til å lese. Oppdaterer meg på sosiale medier med lydbok i bakgrunnen, og har stoppeklokke på.

Kl. 19.00 | Eg har lest ferdig Ola Henmos Hemningsløs. Historien om Torstein Lerhol og har fått eit godt innblikk i livet og kvardagen til ein mann eg kun har sett på TV. Lerhol har SMA og ligger heile dagen, men har likevel full jobb og sikter seg inn på ordførar-vervet til hausten. Det står det respekt av. Nå har eg satt på lydboka igjen og skal varme rester frå i går og sjå nyheter saman med middagen.

Kl. 22.45 | Går og legger meg saman med Michelle Obamas Becoming.

Søndag 7. april:

Kl. 07.40 | God morgon! Måker og tjeld har fest utføre på naboens hustak og i det ståket er det umogleg å sove. Kaffien er kokt, lydboka er på, og eg skal snart finne ei bok i sofaen.

Kl. 09.18 | Kaffien er borte, eg har lese to korte bøker på iPad (og blitt minna på kor lite eg liker å lese på iPad) og nå må eg ha frokost.

Kl. 13.40 | Frokosten vart lagd og åte, eg surra litt rundt med klesvask, lydbok og oppdatering på sosiale medier. I halv tolv-tida tok eg ut sykkelen og tok ein tur til Bryne og drakk kaffi på kafé. Har omtrent akkurat kome inn døra igjen og har satt på lydboka. Eg hadde sjølvsagt med kindle'n i veska og fekk lest litt i Becoming.

Kl. 14.00 | Klokka er slagen og readathonet er over for denne gong. Eg har lest i 7 og ein halv time  med 3 timer lydbok og 400 sider i ulike bøker. God søndagsettermiddag til alle!

Neste readathon er 26. oktober!

I løpet av read-a-thonet har eg lest/høyrt i følgjande bøker: The Return of Sherlock Holmes | Hemningsløs. Historien om Torstein Lerhol | Becoming | Villette | Matmakt på butikken | Homoflokar |

Du kan følge mitt lesedøgn her:

XOXO

mandag 1. april 2019

Lesesirkel 1001 bøker | Europeisk forfatter


Det er 1. april, og tid for årets fjerde kategori i lesesirkelen. Kategorien i april er europeisk forfatter. Eg har ingen regler for kvinne eller mann, årstall eller sidetal, kun at forfatteren er frå Europa og at boka fins på 1001-lista. Som eg skreiv i forrige oppsummering så sjekker eg bøkene dykkar og det er kun til dykkar hjelp. Eg har fått eit par noteringer om kva som blir lest, og setter stor pris på det. Eg oppdaterer lesesirkelfana fortløpande så gi gjerne ein lyd om noko mangler. På Instagram er taggen #elidas1001lesesirkel oppe og går, og fleire av dykk er flinke til å bruke den.

Eg har tenkt ei stund på kva eg skal lese denne månaden, og med Booker-nominasjonane i hjernebarken trenger eg noko anna enn noko i same kategori. Det er godt mogleg eg leser Charlotte Brontë med romanen Villette, men som dykk veit er eg ikkje noko god til å halde løftene mine.

Eg veit at eit par stykker er i gang med april-kategorien, og det er kjekt. Om du ikkje har funne ei passande bok ennå så håper eg du gjer det, og blir med oss og leser. Setter pris på eit vink når boka er ferdiglest så noterer eg deg ned. God lesnad!

XOXO