Søk i denne bloggen

fredag 28. juni 2019

Lesesirkel 1001 bøker | Oppsummering av juni

Eg hadde funne fram juni-boka, men den vart aldri lest, så framover skal eg lese både april- og juni- og juli-bok. Dette er oppsummeringa for juni og kategorien Forfattar frå Asia, Afrika eller Oseania (inkludert Australia).

På Instagram kan dykk fylgje hashtaggen #elidas1001lesesirkel og bruker dykk den i innlegg får eg det opp i feeden eller ved å trykke på taggen.

I lista under står alle som eg veit har lest og som skal lese. Står du ikkje her (eller har bytta bok innimellom) legg igjen ein kommentar. Alle linker (og instagram-namn) ligger i fanen Lesesirkel 1001 bøker.

* Anita: Chimamanda Ngozi Adichie - Americanah (2013) (Nigeria) X
* Ann Helen KI: Arundhati Roy - The God of Small Things (1997) (India)
* Anne Jorunn: Haruki Murakami - Kafka på stranden (2002) X
* Astrid Terese: Chimamanda Ngozi Adichie - En halv gul sol (2006) (Nigeria)
* Elida: Nadine Gordimer - Julis folk (1981) (Sør-Afrika)
* Ida B: Jung Chang - Wild Swans (1991) (Kina)
* Ida: Janet Frame - Ansikter i vann (1961) (New Zealand)
* Monica: Haruki Murakami - 1Q84 (2009) (Japan)
* Monika: Ngugi wa Thiongo'o - Petals of Blood (1977) (Kenya)
* Tine: Aravind Adiga - Hvit tiger (2008) (India)

Mykje spennande her, og lite eg har lest frå før, så her er det mange gode tips! Håper alle har fått noko ut av lesesirkelens femte månad, og velkommen til ny kategori om få dager.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Denne gangen er jeg kraftig på etterskudd, siden jeg var på feriereise halve juni. Starter nok på Chimamanda i løpet av juli , tenker jeg..Har jo kjøpt boka og alt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det går så fint, eg er eit par bøker på etterskot sjølv ;-)

      Slett