Søk i denne bloggen

søndag 7. juli 2019

Grafisk roman: "Anne of Green Gables - A Graphic Novel" av Mariah Marsden og Brenna Thummler

Den amerikanske forfatteren Mariah Marsden er tidlegare bibliotekar, har ein universitetsgrad i Creative Writing, og er stadig på utkikk etter feer.

Den amerikanske illustratøren Brenna Thummler har illustrert for store aviser og magasiner, har grad frå college og Anne of Green Gables er hennar første illustrerte roman. Ho illustrerer for tida sine eigne grafiske romaner, Sheets (publisert 2018) og Delicates (forventa publisert 2020).

For nokre veker sidan kom eg over den grafiske romanen av Anne of Green Gables hjå den danske bokbloggeren Ann-Kristine og eg bestilte den sporenstreks på nett. Eg husker ikkje når eg begynte å lese om Anne Shirley, men eg veit eg leste heile serien som 16-åring. Dei siste åra har grafiske romaner grodd på meg, og tidlegare i år las eg og To Kill a Mockingbird som grafisk roman (ein anna favoritt).

Anne of Green Gables er velkjent for mange, men det handler om søskenparet Matthew og Marilla Cuthbert frå Prince Edward Island i Canada som bestemmer seg for å adoptere ein foreldrelaus gut frå ein barneheim for å få hjelp på garden. Då Matthew (som ikkje snakker for mykje, og i alle fall ikkje med kvinner) skal hente den foreldrelause på togstasjonen er det ei jente som venter der. Anne Shirley får etter litt om og men bu på Green Gables, og historien er i gang. Anne har snakketøy og fantasi i rikt monn, og sjølv om Marilla irriterer seg grønn over begge deler ender dei opp meget glad i kvarandre til slutt. Bøkene om Anne of Green Gables er klassikere, og ligger meget nærme mitt hjarte.
To Lucy Maud Montgomery , who reminds us that nothing is more powerful than a girl with an imagination. 
Mariah Marsden har gjort eit godt stykke arbeid med å samle dei viktigaste historiene om Anne, som då ho skjelte ut Rachel Lynde, farga håret grønt og feidene med Gilbert Blythe. Heldigvis vart dei venner igjen i denne versjonen og.

Brenna Thummler har ein strek eg ikkje blir heilt fortrolig med, men den er godt gjennomført.

XOXO

| Originalforfatter: Lucy Maud Montgomery | Utgitt: 2017 | Format: Heftet, 231 sider | Forlag: Andrews McMeel Publishing | 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar