Søk i denne bloggen

tirsdag 12. mai 2020

Bok: "Morrigans forbannelse" (Ingenlund #1) av Jessica Townsend

Den australske forfatteren Jessica Townsend (f. 1985) debuterte i 2017 med første bok om Morrigan Crow i serien om Nevermoor. Andre bok kom i 2018 og tredje bok dette året. Bøkene blir samanlikna med Harry Potter, og har visse likheter. Så langt er første og andre bok omsett til norsk.

Morrigan Crow lever med ein forbannelse: Ved midnatt på sin 11-årsdag vil ho dø. I sine nesten elleve år har ho levd med dette og på grunn av forbannelsen blir ho sett på som den som får galne ting til å skje. Folk døyr - Morrigans feil. Faren har låg oppslutning - Morrigans feil. Barna i barnehagen oppfører seg ikkje - Morrigans feil. Og slik går no dagan. Så skjer det: Rett før midnatt på 11-årsdagen blir Morrigan redda av Jupiter Nord frå den skjulte byen Nevermoor. Jupiter har valgt Morrigan som sitt fadderbarn og deltaker i konkurransen om ein plass i Det Vunderlige Selskap. Men kvifor? Morrigan har ingen spesielle evner og ferdigheter å skryte av. Kva gjer ho eigentleg i Nevermoor?

Først av alt må eg sei at eg har høyrt denne boka tur-retur jobb dei siste dagene og dei turane vart aldri lange nok. Eg har kost meg med denne boka og det var akkurat det eg trengte etter hang-over med lørdagsboka. Den er morsom, godt skrevet, kreativ og passe rar og anbefales både til vaksne og barn/ungdom.

Så over til det eg ikkje liker med boka (eller bøkene for eg må så klart lese videre). Eg begynte faktisk på denne boka allerede i 2018. Kjøpte både bok 1 og 2 på engelsk, leste 50 sider i første bok, fant ut at det var ikkje for meg og solgte dei til ei bok-venninne. Kvifor spør du? Fordi dei vart samanlikna med Harry Potter. Fordi det var midt i den høgaste hypen. Fordi det var ikkje riktig tid og sted. Bøkene om Morrigan Crow har visse likheter med Harry Potter: 11-årsdag med påfølgande overraskelser, fæl familie, konkurranser, nye venner, eit hemmelig sted for dei spesielle og ein mogleg erkefiende. Og disse likhetene er ikkje galne, dei er faktisk veldig gode, men det stopper der. Eg føler ikkje at Jessica Townsends nye verd er like gjennomtenkt som J.K. Rowlings er. Og for all del du trenger ikkje vera samd med meg, men eg kjem nok aldri til å lese Nevermoor på same måten som Harry Potter. Det får den oppveksande generasjon ta seg av.

Det andre eg ikkje liker med boka (evt serien) er at alt er omsett. Alt! Historien er så klart omsett til norsk, men på same måten som Harry Potter er det funne på norske omsetjingar til namn, steder og hendingar. Det liker eg ikkje. Eit egennamn er eit egennamn, og burde respekteras for det. Om det er eit triks for å få barn/ungdom til å lesa så trur eg ikkje dei hadde blitt skremt vekk frå engelske namn og stader i ein norsk tekst. Eg har vore det barnet og ungdommen som las bøker, og fortsatte å lese sjølv med originale namn i ein omsett tekst.

Viss du ennå henger med setter eg pris på ein kommentar om kva du syns om mine synspunkter. Eg tar imot både for og imot. I morgon blir andreboka tilgjengelig i Storytel, så eg veit kva eg skal høyre på veg til jobb i morgon tidleg.

XOXO

| Originaltittel: The Trials of Morrigan Crow (Nevermoor #1) | Utgitt: 2017, norsk 2018, omsett av Kirsti Vogt | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok frå Storytel, 10t9min42sek | Forlag: Vigmostad og Bjørke |

2 kommentarer:

  1. Nekter ikke for at jeg har likt bøkene, men som deg, har jeg vært noe frustrert over sammenligninga med Harry Potter, samt oversettingen av navn. Morrigan Krå og Morrigan Crow har ikke helt samme lyden, i tillegg til at jeg synes det nærmest er bittelitt fordummende. Barn/ungdom er vel ikke så tette i pappen at de klarer å lese noen navn på engelsk?

    SvarSlett
  2. Jeg er helt enig i det der med egennavn. Et navn er et navn, det burde ikke bli endret på.
    Jeg likte disse bøkene godt, men de er som du sier ingenting i forhold til Harry Potter. Men klarer en lese de uten HP i hodet er de underholdende og fine :-)

    SvarSlett