Søk i denne bloggen

onsdag 2. september 2020

Bok: "Tro meg når jeg lyver" av Ellen G. Simensen

Den norske forfatteren Ellen G. Simensen (f. 1975) er ein av debutantene hjå Cappelen Damm denne hausten. På heimesida til forlaget står det at Simensen er utdanna lektor og arbeider for Viken fylkeskommune. Ho har deltatt på Cappelen Damms krimforfatterskule, er programleiar i podcasten Helt kriminelt med Elin Brend Bjørhei og har haldt fleire skrivekurs for ungdom. Eg ser til å følge dette forfatterskapet for eg håper Simensen kjem med fleire bøker.

I Tro meg når jeg lyver møter me politimannen Lars Lukassen. Nyleg skilt og med ei dotter i barneskolealder ser han muligheten til forfremmelse då hans overordna må tre til sida av private årsaker. Samstundes kjem det ein ny lærar til byen, Johanna Brekke, og det er ikkje vanskeleg for Lukassen å forstå at Johanna skjuler ein heil del. Så dukker det opp eit lik, og ein betent lærarsak på barneskolen, og ballen ruller. Kven har skuld i kva? Korleis henger sakene saman? Og kven er Eventyrfortelleren som oppsøker barn og deler sine mørke hemmeligheter? 

Eg leser veldig sjelden krim etter ein overdose kriminallitteratur for godt ti år sidan. Når eg derimot gjer det nå så ønsker eg at det skal vera kvalitet over det. Tro meg når jeg lyver leverer til gangs. Ellen G. Simensen har skrevet ein velfungerande kriminalroman, eg har ingenting å utsette på skrivinga, og det er heile tida noko som ulmer under overflaten. Simensen spenner eit vidt lerret, og klarer å hente inn alle trådane til slutt. Familiehemmeligheter er noko av det mest interessante i romaner, og eg får full uttelling i denne krimromanen. Den er i tillegg full av gode bi-personar, og det må vera litt av ein jobb å halde orden på alle karakterane sine historier. Eg sitter med ei kjensle av at nå braker det snart laust, og til slutt gjer det jo det. Eg blir ikkje lei meg om det kjem fleire krimbøker om Lars Lukassen og Johanna Brekke. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 383 sider | Forlag: Cappelen Damm |

2 kommentarer:

  1. Leser ikke veldig mye krim jeg heller men akkurat denne ser jeg frem til å lese,den ligger klar her 🙂 Tror det er første krimbokomtalen jeg leser på bloggen din.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er nokon år sidan eg har skrevet krimbokanmeldelser, men eg veit det ligger nokon i arkivet. Blant anna Agatha Christie, Jørn Lier Horst og Jo Nesbø. Las ein del Riverton-vinnere for fleire år sidan og nokon av dei vart anmeldt. Men det er ei stund si. Og det sier litt om hvilken retning min lese-interesse har tatt.

      Slett