Søk i denne bloggen

torsdag 22. april 2021

The International Booker Prize 2021 | Shortlist

 
6 bøker har fått plass på kortlista, og den er som følger:

* At Night All Blood is Black by David Diop, translated from French by Anna Mocschovakis, Pushkin Press

* The Dangers of Smoking in Bed by Mariana Enríquez, translated from Spanish by Megan McDowell, Granta Books

* When We Cease to Understand the World by Benjamín Labatut, translated from Spanish by Adrian Nathan West, Pushkin Press

* The Employees by Olga Ravn, translated from Danish by Martin Aitken, Lolli Editions

* In Memory of Memory by Maria Stepanova, translated from Russian by Sasha Dugdale, Fitzcarraldo Editions

* The War of the Poor by Éric Vuillard, translated from French by Mark Polizzotti, Pan Macmillan, Picador

Eg har framleis lyst til å lese meir frå denne lista, og ser fram til gode leseopplevingar. Vinnaren blir annonsert 2. juni.

XOXO

tirsdag 20. april 2021

Bok: "Beautiful Things. A Memoir" av Hunter Biden

Hunter Biden (f. 1970) er ein amerikansk advokat og lobbyist, og den andre sonen til USAs president Joe Biden. Beautiful Things. A Memoir er hans første utgivelse.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at me som ikkje er ein dagleg del av verdspressa syns at kjendiser er artige å lese om. Og når kjente mennesker kjem med bøker om seg sjølv så lar me oss rive med. Biden-familien kom inn i min sfære då Joe Biden vart visepresident under Barack Obama, men har lest og høyrt lite om resten av Biden-familien. Så vart Joe Biden president, barn og barnebarn ankom innsettelsen, og min interesse skaut fart.

Hunter Biden har vore eit relativt stille blad i norsk presse. Du har igrunnen måtte søke opp namnet i utenlandsk presse og det har ikkje eg prioritert. Så kom nyheten (via Guardian Books trur eg) at Biden skulle gi ut bok. Min tanke var at eg skulle ikkje lese den med det første, men så kom den i Storytel. Då var vegen kort.

Då Hunter Biden var to år døyr hans mor og veslesyster i ei bilulukke. Biden sjølv og hans eitt år eldre storebror, Beau, hamna på sjukehus med diverse skader. Fleire år seinare døyr Beau Biden av hjernekreft. Grunnen forsvant under Hunter Bidens liv fleire gonger, men det eskalerte då Beau døydde. Eit trøblete ekteskap og stadig større narkotikaavhengighet var livet til Hunter Biden i nokon år. Det gjer vondt å høyre Biden fortelje om korleis han køyrte gatelangs i Los Angeles på jakt etter kokain og crack; om lugubre hotellrom med diverse sengepartnere; og om avmakten som hans foreldre og døtre må ha kjent på. Det går heldigvis betre til slutt, og det ender godt. Eg satser på at det held seg slik det ser ut nå i livet til Hunter Biden. Forfattaren leser sjølv, og eg pleier å like det for det gir ein større dybde og personlighet i biografier/memoarer. Denne gongen derimot ynskja eg meg ofte ein anna innleser for Hunter Biden er monoton i stemmen, og virker uengasjert. Teksten og språket er godt, men innlesinga var platt og keisam.

XOXO

| Utgitt: 2021 | Format: Lydbok lest av forfattaren, 6t34min14sek | Forlag: Gallery Books |

mandag 5. april 2021

Bokanmeldelse: "The Perfect Nine" av Ngugi wa Thiong'o (IBP21)

Den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong'o (f. 1938) er ein hylla forfattar. Hans første roman kom allerede i 1964, og han har fleire romanar på min elska 1001-liste. I tillegg til å vera forfattar er Thiong'o lærar og dramatiker, og han skriver essay. Etter eit fengselsopphald på slutten av 70-talet slutta Thiong'o å skrive på engelsk, og bruker førstespråket sitt, Gikuyu, i all si skriving. The Perfect Nine har han sjølv omsett frå Gikuyu til engelsk, og er nå på langlista til den internasjonale Booker-prisen.

The Perfect Nine er skrevet i verse-form om ein rik kulturell tradisjon i Kenya. Boka fortel om eit ektepar som leiter etter den perfekte mann for sine ti døtre, og utfordringane dei potensielle ektemennene får. Det er fullt av eventyr, fantasi, mysterier og spenning.

Eg har høyrt den på lydbok og det var nydelig lest, men eg er usikker på kor mykje eg har fått med meg. For meg er det ofte tilfellet med afrikanske bøker at dei fungerer best i bok-form, så eg må spørje Booker-venninne Ann Helen om korleis ho opplevde boka. Ho leser på kindle og får sikkert med seg meir enn meg.

Forfattar Ngugi wa Thiong'o

XOXO

| Originaltittel: Kenda Mũiyũru, omsett av forfattaren | Utgitt: 2018 | Min utgåve: 2020 | Format: 2t30 min, lest av Benjamin A. Onyango (papirboka er på 240 sider) | Forlag: Harvill Secker |

søndag 4. april 2021

Bok: "De fattiges krig" av Éric Vuillard (IBP21)

Den franske forfattaren Éric Vuillard (f. 1968) er i tillegg filmregissør og manusforfatter. Han har skrevet eit titalls romaner, og eit par er omsett til norsk hjå Solum Bokvennen. Romanen De fattiges krig kom ut på eit britisk forlag i fjor haust, og er nå på langlista til den internasjonale Booker-prisen. 

De fattiges krig handler om den såkalte Bondekrigen i Tyskland - den store tyske bondeoppstanden i årene 1524-1525. Teologen Thomas Müntzer stod i front og kjempa for nye skatter. Det ville ført til at dei fattige vart enda fattigere, og det ville ikkje Müntzer. På baksida står det at boka trekker tankevekkjande paralleller til vår eigen tid, og det har baksideteksten rett i (syns eg).

Eg trudde ærleg talt eg hadde fått feil bok då eg henta De fattiges krig på biblioteket på tysdag, men dengang ei. Ei lita kort flis på 62 sider som tok meg 45-60 min å lese. Eg er ikkje den første som leser bøker som føregår før 1700-talet, og eg gjentar meg sjølv når eg skriver at eg hopper fordi eg leser frå ei liste. Språket er enkelt og poetisk; den norske omsetjaren Elin Beate Tobiassen har gjort ein god jobb og eg trur ikkje boka kunne ha vore lenger. Krigen varte vel ikkje lenger heller utan at eg har sjekka det nærmare. Trenger du ein kort og fin roman ta gjerne denne.

Forfattar Éric Vuillard og omsetjar Mark Polizzotti (frå fransk til engelsk)

XOXO

| Originaltittel: La Guerre des pauvres, omsett til norsk av Elin Beate Tobiassen | Utgitt: 2019 | Min utgåve: 2019 | Format: Innbundet, 62 sider |

fredag 2. april 2021

Bokanmeldelse: "De ansatte" av Olga Ravn (IBP21)

Den danske forfatteren Olga Ravn (f. 1986) har mange jern i ilden. I tillegg til egne utgivelser både innan roman og lyrikk er Ravn kritiker, oversetter og redaktør. I Noreg er fleire av utgivelsene hennar utgitt hjå Samlaget, og det gir meg umiddelbart lyst til å lese dei. Romanen De ansatte vart utgitt på eit britisk forlag i fjor haust, og er nå på langlista til den internasjonale Booker-prisen.

De ansatte handler om ein arbeidsplass frå det 22. århundret og er oppbygga som ein protokoll med vitneutsagn. Besetningen på ein båt, som er ein blanding av mennesker og menneskeliknande ansatte, får ei rekke gjenstander frå ein anna planet, og knytter bånd til gjenstandene utan heilt å vite kvifor. Etterkvart begynner dei å sjå seg sjølv i eit nytt lys og undrer seg over kvifor det er slik det er på denne båten.

Eg er ikkje den som leser science fiction så ofte, men vil ein lese frå lister så får ein hoppe i det og prøve noko nytt. Romanen er mystisk, men likevel gjenkjennelig. Kor mykje av vår arbeidskvardag er bestemt av andre enn oss sjølv, og kor mykje kjemper me imot nye bestemmelser frå høgare hold? I dagens pandemi-samfunn er det restriksjoner frå høgare hold, og ein del av dette styrer me ikkje over. Er det slik for den talende personen i denne romanen og? Og kor lenge går det før nokon protesterer? Konklusjonen min etter å ha høyrt denne korte romanen er at ein veit ikkje korles framtida blir, men at Olga Ravn kan skrive poetisk om ei usikker framtid er heilt sikkert.

Det eg liker best med den internasjonale Booker-prisen er dei romanane og novelle-samlingane du oppdager, og som du muligens ikkje hadde oppdaga utan denne prisen. Eg skal i alle fall finne meir Olga Ravn utover våren.

Forfattar Olga Ravn og omsetjar Martin Aitken (frå dansk til engelsk)

XOXO

| Utgitt: 2018 | Format: Lydbok frå Audible, 2t20min (hefta utgåve er på 134 sider) | Forlag: Gyldendal Dansk Forlag | 

torsdag 1. april 2021

Lesesirkel 1001 bøker | Forfattar frå Amerika (Nord-, Mellom- og Sør-Amerika)


Det er 1. april, og tid for årets fjerde kategori i lesesirkelen. Kategorien i april er Forfattar frå Amerika, og her er det kun krav til at forfatteren er amerikaner. Min plan er Mark Twain med hyllestøveren Huckleberry Finn. Tiden vil vise om eg får lest/høyrt den innimellom langlista til den internasjonale Booker-prisen. Eg har fått spørsmål tidlegare om dette med land i og med at forfattere kan flytte på seg, og eg vil nødig vera den store stygge ulven og slå i bordet. Det viktigaste for meg er at bøkene blir lest, men lurer du er du hjarteleg velkommen til å spør om mi meining.

Eg vil i år som i fjor sjekke i det stille om boka du har valgt er på den offisielle lista, og mi liste er finsjekket og oppdatert så bruk gjerne den. Eg håper dykk set pris på at eg sjekker boka/bøkene dine, og eg ser og det er liv i emneknaggen #elidas1001lesesirkel på Instagram. I begynnelsen av oktober laga eg ei gruppe på Goodreads for lettare å få beskjed om kva den enkelte har lest i sirkelen. Bruker du Goodreads, men er ikkje medlem av gruppa og har lyst til det så gi beskjed så kan det ordnes!

Eg set stor pris på eit vink om du har lest i dei ulike kategoriane for sjølv om eg er (i mine auge) ekstremt god til å sjekke ulike sosiale medier så er det ikkje alt eg får med meg. Spør og grav om du lurer på noko, og premiering blir det garantert! God lesnad!

XOXO