Søk i denne bloggen

tirsdag 26. april 2011

Påskelektyre

Påska er definitivt over, og det er back to the real world. Planleggingsdag på jobb idag, og det ser spennande ut med tanke på hausten. I tillegg er det heilt vilt at om 3 uker (!) reiser me på studietur til Stockholm. Syns nettopp me planla denne turen, og nå er den her. Gleder meg! Måtte jo inn og sjekke om bokhandlere i området, men må ta ein ordentlig sjekk ein dag eg har meir tid.

Påskelektyren vart mangfoldig. Påskeferien min begynte klokka 12 onsdag i forrige veke, og vart avslutta i går kveld. Eg har lest/høyrt ein del krim, men og litt anna.

Fornuft og følelse fekk opna ballet med blogginnlegg torsdag formiddag, og Jo Nesbøs 6. bok om Harry Hole, Frelseren, fekk innlegg torsdag ettermiddag. Fredag var det middag hos gode naboer, men 15 Poirot-noveller gjekk kjapt og boka, Poirot løser gåten, fekk eit innlegg lørdag formiddag. Sara Gruens Water for Elephants og Karen Kingsburys Hannahs håp fekk innlegg lørdag kveld saman med påskesnopet. I mellomtiden har eg høyrt Jo Nesbøs bok om hodejegeren og kunsttyven Roger Brown, og boka Hodejegerne fekk eit kvasst innlegg søndag ettermiddag. Mandag var det tid for ukentlig oppdatering i regi av Bookjourney, og det er ikkje ofte eg har 6 bøker på 'finished-lista' på ei veke. Idag har eg offisielt avslutta påskelektyren med Agatha Christies Tretten til bords, og det summerer opp ein god lesepåske!

I tillegg til mange lesetimer har eg luka i hagen, for knallveret har jo ikkje tatt slutt. Nå er det riktignok for mykje vind, og då blir det fort kaldt, men eg har bestillt vindstille til torsdag:-) På søndag var eg på kino og såg Water for Elephants og det var bra film. Eg er litt partisk i forhold til Reese Witherspoon (elsker den dama), men absolutt verdt eit besøk (både med og uten boka i bagasjen).

XOXO

1 kommentar:

  1. Har ikke fått sett Water for Elephants enda, men håper på å få sett den i nærmeste fremtid:) Har ikke lest boka heller, har den på ønskelista mi:)

    SvarSlett