Oktober har vore ein hastig månad - den var nesten over før eg hadde fått snudd meg. Enn så lenge er morgonane relativt lyse, medan ettermiddagane blir stadig mørkare. Snart er det mørkt før eg har komt meg heim frå jobb, og det ser eg ikkje fram til. Bøkene kurerer heldigvis det meste av haustdepresjoner, og eg synker ned i den eine boka etter den andre.
Bøkene eg var borti
Det viktigaste for meg er ikkje å skrive om kvar einaste bok, og det viser tydeleg igjen når eg lager linker. Om du lurer på noko om ei bok så legg gjerne igjen ein kommentar. 14 bøker i oktober er eg godt fornøgd med. God blanding av det meste og det er slik eg liker det best!
* Helga Flatland: Vingebelastning (lånt papirbok)
* Lucinda Riley: Engletreet (lånt papirbok)
* Flannery O'Connor: Wise Blood (lånt lydbok) 1001 bøker
* Mona Levin: Mors historie (lånt papirbok)
* Winston Graham: Ross Poldark (Poldark #1) (eiga ebok)
* J.M. Barrie: Peter Pan (eiga papirbok) OTH
* Lise Myhre: Enhjørninger og avsagde hagler (Nemi #1) (lånt papirbok)
* Lise Myhre: Stjernestøv og løgner (Nemi #2) (lånt papirbok)
* Astrid Lindgren: Krigsdagbøker 1939-1945 (eiga papirbok)
* Vetle Lid Larssen: Hvordan elske en far - og overleve (lånt ebok)
* Anne Holt: 1222 (HW #8) (lånt lydbok)
* Jørn Lier Horst: Hodeskallegåten (Clue #8) (lånt papirbok)
* Colum McCann: This Side of Brightness (eiga papirbok) OTH
* Agnes-Margrethe Bjorvand og Lisa Aisato (ill.): Astrid Lindgren (eiga papirbok)
* Charles Dickens: Hard Times (påbegynt) 1001 bøker OTH
* Robert Galbraith: Career of Evil (Cormoran Strike #3) (påbegynt)
* Ketil Bjørnstad: Verden som var min. Sekstitallet (påbegynt)
Ein shopoholikers bekjennelser
Lite nye bøker denne månaden, og med dagens opprydding i bokhylla ser eg på det som positivt, og det gjer bankkortet mitt og.
* Agnes-Margrethe Bjorvand og Lisa Aisato (ill.): Astrid Lindgren (Cappelen Damm)
* J.K. Rowling and Jim Kay (ill.): Harry Potter and the Philosopher's Stone (Bloomsbury)
* John Skien og Kjell Olav Stangeland (red.): Jærstubbar. Torvald Tu (Jæren forlag)
Status lesemål (opprinnelege lesemål)
1. 119 av 100 totalt lest
2. 14 av X off the shelf
3. 10 av 25 frå 1001 bøker
4. 1 av 5 frå Booker-lista + 8 frå årets long/shortlist
5. 9 av X med større geografisk spredning
November blir ein inntrykksfull månad med studietur til Gdansk om to veker, før eg veka etter tar langhelg og reiser til Oslo på julebord med andre bokbloggere. Det kan bli spennande å sjå kor mykje eg får lest om ein månad.
Håper alle har hatt ein fin oktober, og velkommen til november!
XOXO
Søk i denne bloggen
lørdag 31. oktober 2015
fredag 30. oktober 2015
Bokhyllelesing 2015: "This Side of Brightness" (#6)
Forfatter: Colum McCann (f. 1965)
Utgitt: 1998
Min utgåve: 2010
Format: Heftet, 242 sider
Forlag: Bloomsbury
Mål/utfordringer: Bokhyllelesing, Off the shelf
Den irske forfatteren Colum McCann oppdaga eg for to år sidan då romanen TransAtlantic var på Man Bookers longlist 2013. Det var noko av det beste eg las det året som førte til at eg har fleire romaner av McCann i bokhylla, sjølvsagt ulest. Eg gjer eit forsøk på å lese mest mogleg ut av bokhylla før året er omme, og sidan eg trakk meg frå bokhyllelesingas sjette runde tidlegare i år med kategorien bok frå 1990-talet, så passer denne inn, om enn litt forsinka.
This Side of Brightness fortel to parallelle historier som etterkvart blir fletta saman. Den eine historien handler om Nathan Walker som kjem til New York i byrjinga av det 20. århundret, og starter i jobb som utgraver av byens undergrunnssystem. Det er ein til tider farleg jobb, og kjem etterkvart til å prege hans tidlege alderdom. Walker er farga, men nede i tunnelane er alle like og uansett hudfarge, nasjonalitet eller religion arbeider dei saman. Walker får utover i romanen familie på både godt og vondt, men å vera farga er ikkje det enklaste i eit rasedelt Amerika.
Den andre historien føregår på slutten av 1990-talet og handler om Treefrog som bur under jorda. Hans historie involverer ei rekke karakterer som er såkalla 'moles' og alle bur under New York City. Utover i romanen får me høyre hans historie om ein vraka familie, og korleis han bruker dagane til å overleve.
Colum McCann skriver om raseskilje, desperasjon og immigrasjon i This Side of Brightness. Det er ein interessant historie om korleis byen New York reiser seg, og om fire generasjoners kamp for å overvinne ulikheter med resten av byen. Eg syns byrjinga var best, og at det tapte seg litt mot slutten. Romanen kunne kanskje vore ein anelse kutta, utan at eg kan sei kva eg ville ha kutta. I sin heilhet var This Side of Brightness ein god roman, og eg anbefaler den gjerne vidare!

tirsdag 27. oktober 2015
Tema-tysdag #1: Litterære priser
Det er ikkje til å stikke under ein stol at enkelte forfattere mottar ei lang rekke priser for sine bøker, anten det er for ei enkelt bok eller eit heilt forfatterskap. Ved å gjere eit enkelt søk på litterære priser så får du ei lang liste over norske, svenske, danske, britiske, amerikanske og mange andre lands priser som kvart år har som mål å finne den beste boka til sine kriterier.
Det skal godt gjeras å halde rede på dei ulike prisane og kven som er mottaker, og her må ein bokelsker og liste-elsker til tider foreta eit val om kva som er viktig for kvar enkelt. Til dømes så er eg mest opptatt av Nobels litteraturpris, Booker-prisen og Bokbloggerprisen. Dei to første er noko av det største ein kan motta som forfatter, der den eine blir gitt eit forfatterskap og den andre ei enkelt bok. Nå som Booker-prisen og innlemmer amerikanerne så blir det ein pris som omfatter heile det engelske språk. Til neste år blir og den internasjonale prisen gitt ei enkelt bok, og det ser eg på som positivt. Nobels litteraturpris blir veldig ofte gitt ein forfatter som eg aldri har høyrt om, men dette året har ikkje bare gitt prisen til ein sakprosaforfatter, men og til ein forfatter eg faktisk har høyrt om.
Bokbloggerprisen har blitt delt ut to gonger, og dette er ein pris som forfatterne set pris på. Eg tenkjer at med dagens nedskjæringer av bokanmeldelser i avisene så er bokbloggerne unike i sin måte å trekkje fram forfattere som muligens ikkje får anmeldelse i avisene i det heile tatt.
I tillegg til dei tre nemnte fins det som sagt eit utall andre priser som er meir eller mindre kjent. På lista eg fant var det mange eg aldri har høyrt om, og faktum er ofte at viss ein nordmann aldri har mottatt prisen så er den ikkje så viktig for lesende nordmenn. Kvifor lese bøker ut av ei prismottakerliste når det ikkje fins ein einaste nordmann blant mottakerne? Då burde eg straks stryke heile Booker-prisen av mi favorittliste!
Så blir jo gjerne spørsmålet: Kvifor skal ein bokelsker som meg lese bøker som står på Booker-lista eller Nobel-lista? Kvifor kun lese vinnerne av krimprisane Riverton eller Glassnøkkelen og ikkje andre krimbøker? Er det bare vinnerbøkene som er bra, eller har forfatteren andre gode bøker?
Min tanke her er at har ei bok mottatt ein pris så må det jo vera ein årsak til det. I mange prisjuryer sitter det forfattere og forlagsfolk som har ein viss peiling på kvalitet og litteratur, og har gjerne lest boka fleire gonger og hatt høglytte diskusjoner om kvifor ei bok som skal få heider og ære. Det trenger ikkje bety at det kun er vinnerboka som er bra. Mange gonger er dei nominerte vel så bra, men at det kan vera inspirasjon i litterære priser er det ingen tvil om. Eg finner hvertfall mykje inspirasjon, og hadde ikkje oppdaga verken Julian Barnes, Patrick Modiano, Jørn Lier Horst eller Helga Flatland om det ikkje var for litterære priser.
Har du litterære priser du fylgjer?
XOXO
Eg har funne inspirasjon til dette innlegget HER, og satser på fleire slike innlegg framover. Håpet er å klare det kvar veke.

lørdag 24. oktober 2015
Bok: "Krigsdagbøker 1939-1945"
Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002)
Originaltittel: Krigsdagböcker 1939-1945
Utgitt: 2015
Oversetter: Lene Sandvold Evensen
Format: Innbundet, 320 sider
Forlag: Cappelen Damm
Astrid Lindgren er i dag ein verdskjent skaper av figurer som Pippi, Ronja, Karlsson, Madicken og fleire med dei. Under andre verdskrig var Lindgren husmor og yrkeskvinne, og i krigsåra skreiv ho dagbok om små og store hendingar i Sverige og verda.
Krigsdagbøker 1939-1945 var i grunnen 17 (!) handskrevne notatbøker med eigen tekst og utklipp frå aviser. Eg vil tru at det var ein relativt stor jobb å samanfatte bøkene og ikkje minst å tyde handskrifta til Lindgren. Boka er ein skildring av krigen, om små hendingar i kvardagen til Lindgren-familien og små drypp av kongeleg stoff figurerer til tider.
Det som er viktig å huske på når ein les denne boka er at det Lindgren skriver om er henta frå avisene. Det er ingen nyhetsbulletin på nettet fem sekunder etter at noko har skjedd, ingen tv-overføringer og såvidt radionyheter. Avisene hadde mykje av makta i krigsåras Sverige. Sjølv om Sverige som kjent var nøytral under annan verdskrig vart dei påverka av det som skjedde utanfor. Lindgren skriver og ein del om mat. Mat var viktig for ei husmor, og sjølv om ho til tider syns at Lindgren-familien fråtser i mat så skriver ho og at det er synd på andre land i verda som ikkje har den overfloden Lindgren-familien hadde til tider. Krigsdagbøker 1939-1945 er ein ærleg beretning om krigen, og dottera Karin Nyman skriver i etterordet:

Det er også spesielt at de kjappe nedtegningene hennes er så velskrevne at de kan gjengis uredigert og umiddelbart bli fengslende lesning. (s. 308).Astrid Lindgren vart ikkje ordentleg kjent som forfatter før etter krigen, men Pippi figurerer i dagbøkene som ein historie Lindgren flikker på først som godnatthistorie til Karin Nyman, og deretter skriver ned då ho blir sengeliggjande på slutten av krigen. Anbefales!
XOXO
søndag 18. oktober 2015
Read-a-Thon - minutt for minutt (#3)
I dag er det igjen tid for lesemaraton, og dette innlegget vil eg oppdatere utover dagen/kvelden/natta.
Mitt mål er å lese akkurat så mykje eller så lite eg ynskjer, og med tidsforskjellane i denne verda så byrjer det i Noreg klokka 14.00. Read-a-Thon har eiga nettside, og kan fylgjas på Twitter og Instagram med emneknagg #readathon. Eg har ein foreløpig haug med bøker som frister, men eg er ikkje redd for å bytte bøker om dei ikkje fenger.
Lørdag 17. oktober
Kl. 14:00 - Eg har såvidt komt inn døra etter ein liten runde på handel. Elsker kafebesøk på lørdager og med dagens readathon i minnet har eg allereie lest fleire sider i Charles Dickens Hard Times. Ei bokbloggervenninne har nyleg gitt den ei stjerne på Goodreads så det blir spennande for meg om eg er samd eller ikkje.
Kl. 16:15 - 70 sider inn i Hard Times tar eg ein pause frå den og starter på J.M. Barries barnebok Peter Pan.
Kl. 18:54 - Etter å ha kome ca halvveis i Peter Pan var eg nødt til å ha ein pause og tok meg derfor ein gåtur i det nydeleg haustveret som har vore denne veka. Det var for ca ein time sidan. Nå er eg klar for meir Peter Pan før middag.
Kl. 22:52 - Denne kvelden har flydd avgårde, men eg er øyeblikk ferdig med Peter Pan. Meget god bok, og akkurat det rette for readathon. Trur alle readathons må innehalde minst ein barnebokklassiker! Etter Peter Pan blir det nok teikneserier på senga, så ser eg kor lenge eg klarer å halde meg vaken.
Søndag 18. oktober
Kl. 09:55 - Litt over halv ett i natt sovna eg med Nemi på fanget. Eg er eit sovemenneske, og fungerer dårleg utan søvn. Nå er eg klar for resten av Nemi og meir Dickens.
Kl. 10:23 - Ferdig med Nemi #1.
Kl. 15:30 - Avslutningen har komt og gått utan at eg har registrert det. Haustens readathon passer igrunnen ikkje for i dag har foreldrene mine bryllaupsdag, og då pleier besteforeldrene mine å kome på besøk. Motivasjonen min var ikkje heilt på topp, men eg har lest ca 400 sider, stirra meg blind på Instagram-bilete og aktivt fulgt to danske bokblogger som eg liker veldig godt.

tirsdag 13. oktober 2015
Man Booker Prize 2015 - vinnaren
torsdag 8. oktober 2015
Nobels litteraturpris 2015
![]() |
| Kjelde: Nobelprisens Twitterkonto |
Så klarte akademiet å overraske meg likevel, og ga dette årets pris til kviterussiske Svetlana Alexievich. Glede i livet! Nytt forfatterskap, men dette er eit namn eg har høyrt om (i motsetning til fjorårets mottaker).
I Noreg er det Kagge og Solum som gir ut bøkene hennar, og i skrivande stund fins det 3 bøker i sal og ei som kjem ut komande veke. Gratulera til mottaker og forlag!
![]() |
| Kjelde: Nobelprisens Twitterkonto |
![]() |
| Dette biletet vart lagt ut frå morgonen av på Twitter, og vart oppdatert etter annonseringa av mottaker. Kjelde: Nobelprisens Twitterkonto |
![]() |
| Sitat frå intervju etter annonseringa i dag. Kjelde: Nobelprisens Twitterkonto |
søndag 4. oktober 2015
Bok: "Vingebelastning"
Forfatter: Helga Flatland (f. 1984)
Utgitt: 2015
Format: Innbundet, 268 sider
Forlag: Aschehoug
Den norske forfatteren Helga Flatland tok landet med storm med trilogien som tar utgangspunkt i barndomsvenene Tarjei, Trygve og Kristian i romanane Bli hvis du kan. Reis viss du må, Alle vil hjem. Ingen vil tilbake og Det finnes ingen helhet. Sistnemnte var på bokbloggerprisens langliste 2013, og det vart sagt på bokbloggertreffet førre månad at har du først vore på lista så held bloggerne eit auge med deg. Det er tilfelle for meg, for eg er ikkje sikker på om Flatland hadde blitt plukka opp viss ikkje.
Vingebelastning går føre seg i fleire ulike år. Hovudhistoria er i 2014, og hovudpersonen Andreas går i samtaleterapi hjå Bjørnar. Etter eit ublidt møte med ein bil blir Andreas som ved ein tilfeldighet plukka opp av psykiatrien. Det viser seg at utan å tenkje over det har Andreas slitt med tvangstanker gjennom store deler av livet, og blir etter ulukka sjukemeldt på ubestemt tid. Romanen veksler mellom ulike perioder av Andreas' liv etter som han fortel til Bjørnar kva som kan vera årsaker til tvangstankane.
Helga Flatland har nok ein gong levert ei solid skrevet bok, og når du les 100 sider utan å leggje merke til det så er det i mitt hovud ei bra bok. Flatland går inn i Andreas' indre og skriver godt om psykiske lidingar, korleis det påverkar hans liv og livet til kjærasten Hanna. Ho prøver så godt ho kan å forstå, medan foreldra og søskena til Andreas blir haldt utanfor. Då Andreas prøver å forklare situasjonen sin vil dei eigentleg ikkje forstå. Psykiske lidingar var og eit overhengande tema i trilogien, og Flatland har fått skryt tidlegare for sin innsikt. Anbefales!

Abonner på:
Kommentarer (Atom)