Ein kald mai er straks over, og me er på veg inn i den første sommarmånaden. Foreløpig ser det ut til at kulden ikkje vil gje slepp, men eg håper det blir skikkeleg sommar utover i juni.
Bøkene eg har vore borti
I mai har byrja på ein serie med bøker av Edward St. Aubyn. Eg er nå på tredje bok, og anmeldelse kjem når alle fem er lest. Elles har eg feira Pippi sin 70-årsdag med å lese Pippi-bøkene, og det var interessant med tanke på oversettelsen. Eg har og tatt turen til eit anna skandinavisk land og lest dei fire første bøkene om Mummitrollene. På tampen av månaden har eg både kjøpt og lest Jørn Lier Horsts nyaste krimroman. Anmeldelse kjem over helga. 14 titler er skrevet ned, og fortset det slik blir eg nøydd til å skru opp lesemålet - har jo bare 40 bøker igjen av det originale lesemålet!
* Chimamanda Ngozi Adichie: Vi burde alle være feminister (eiga papirbok)
* Edward St. Aubyn: Never Mind (Patrick Melrose #1) (lånt papirbok)
* Nikolai Gogol: Døde sjeler (lånt papirbok) 1001
* Jhumpa Lahiri: Interpreter of Maladies (eiga papirbok) OTH
* Astrid Lindgren: Pippi Langstrømpe (Pippi Langstrømpe #1)
* Astrid Lindgren: Pippi Langstrømpe går ombord (Pippi Langstrømpe #2)
* Astrid Lindgren: Pippi Langstrømpe går til sjøs (Pippi Langstømpe #3)
* Fjodor Dostojevskij: Spilleren (eiga papirbok) OTH
* Edward St. Aubyn: Bad News (Patrick Melrose #2) (lånt papirbok)
* Tove Jansson: Småtrollene og den store oversvømmelsen (Mummi #1) (lånt papirbok)
* Tove Jansson: Kometen kommer (Mummi #2) (frå barndommens bokhylle)
* Tove Jansson: Trollmannens hatt (Mummi #3) (lånt papirbok)
* Tove Jansson: Mummipappa på eventyr (Mummi #4) (lånt papirbok)
* Jørn Lier Horst: Blindgang (William Wisting #10) (eiga papirbok)
* Edward St. Aubyn: Some Hope (Patrick Melrose #3)
* Charles Dickens: Little Dorrit (påbegynt) (byttet frå Kindle til lydbok)
Ein shopoholikers bekjennelser
5 nye bøker denne månaden veier opp for bokhaugen sist månad.
* Jørn Lier Horst: Blindgang (William Wisting #10) (Gyldendal)
* Astrid Lindgren: Ur-Pippi (Damm)
* Astrid Lindgren og Sara Schwardt: Brevene dine legger jeg under madrassen (Heinesen)
* Jody Revenson: Harry Potter - Magical Places from the Films (Titan Books)
* J.K. Rowling: Very Good Lives (Little, Brown)
Status lesemål (opprinnelege lesemål)
1. 60 av 100 totalt lest
2. 10 av X off the shelf
3. 7 av 25 frå 1001 bøker
4. 1 av 5 frå Booker-lista
5. 5 av X med større geografisk spredning
Håper alle har hatt ein fin mai, og velkommen til juni!
XOXO
Søk i denne bloggen
søndag 31. mai 2015
tirsdag 26. mai 2015
Bokhyllelesing 2015: "Spilleren" (#4)
Forfatter: Fjodor Dostojevskij (1821-1881)
Originaltittel: Игрок
Utgitt: 1867
Min utgåve: 1967
Format: Heftet, 163 sider
Forlag: Gyldendals Lanterne-serie
Eg har lest min første Dostojevskij-roman og det var absolutt ikkje som å lese Tolstoj, men eg har forstått at Dostojevskij er litt tyngre. Forfatteren har fleire romaner på samvittigheten, og den mest kjente er nok Crime and Punishment. Spilleren er lest i forbindelse med Heddas bokhyllelesing.
Ifølge baksideteksten er Spilleren den mest direkte selvbiografiske av Dostojevskijs romaner. Den handler om ein fattig russisk huslærer og hans kjærleik til den lidenskapelige Polina. Handlingen foregår i Tyskland, og Aleksej Ivanovitsj er overbevist om at ein stor sum penger kan gjere sitt til at Polina vil bli hans. I det øyeblikket Ivanovitsj gjer sitt inntog i rulettens verd er han solgt, og besatt av demoner i form av spelelidenskap. Romanen er full av vanskelege russiske namn, og fargerike karakterer som generalen Ivanovitsj er ansatt hos; den nemnte Polina; ei kul bestemor som alle vil arve og fleire gjester på hotellet og i spelesalen.
Eg fant aldri tonen med denne romanen, men det betyr ikkje at den er dårleg. Det er ein studie i psykologi, og Dostojevskij er ikkje nådig i sin beskrivelse av kor fort ein kan få spelegalskap. Heilt grei roman, men eg håper andre Dostojevskij-romaner er hakket betre.

lørdag 23. mai 2015
Bøker: "Pippi Langstrømpe"
Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002)
Utgitt: 1945, 1946, 1948
Mine utgåver: 1993 (#1 og #2), 1969 (#3)
Format: Innbundet, mellom 124 og 138 sider, oversatt av Hans Braarvig, illustrert av Alice Midelfart
Forlag: Damm
I anledning Pippis 70-årsdag har eg funnet fram Pippi-bøkene i barndommens bokhylle. Den tredje boka står det 1969 i, og det er ein julepresang mi mor fekk som 9-åring. Ganske fint! Den første Pippi-boka står og på 1001-lista, og er den einaste av Astrid Lindgrens bøker som har fått plass. Lindgren var og er ein verdskjent forfatter, og er meget aktuell dette året, ikkje bare med Pippis 70-årsdag, men og med krigsdagbøker og personlige brev til ei då 12 gammal jente.
Astrid Lindgren-forskeren Agnes-Margrethe Bjorvand, som til dagleg held til ved universitetet i Kristiansand, held på med ein nyoversettelse av Pippi Langstrømpe. Det kan fort bli interessant for i mine utgåver er ord som negerkonge og hottentotter framleis med.
Pippi er eit kjent namn for dei fleste, men det var ein liten gut på tre år som fekk meg til å plukke fram Pippi på jobb her om dagen. Under lunsjen fortalte eg den historien om Pippi som eg husker best: då Pippi går i butikker og kjøper atten kilo sukkertøy. Den står i andre bok, medan i første bok får du høyre om når Pippi flytter inn i villa "Utsikten" (som det står i mine bøker), når ho er tingleter, leiker med konstabler, går litt på skulen, på tur og på sirkus, når det kjem tyver og når Pippi er i kaffeslabberas hjå mor til Tommy og Annika. I andre bok foruten butikkhandling, er Pippi med på skoletur, på marked, er skipbrudden med Tommy og Annika og går nesten ombord for å reise til Kurrekurreduttøya. I andre bok reiser ho ikkje for ho kan ikkje reise frå Tommy og Annika.
I tredje bok blir Tommy og Annika sjuke, og fru Settergren (deira mor) gir Pippi lov til å ta med seg barna sine til Kurrekurreduttøya. For som fru Settergren seier til alle tantene i den ørlille byen:
"Pippi Langstrømpe oppfører seg kanskje ikke så helt uklanderlig alltid. Men hun har et hjerte av gull." (s. 67)Pippi, Tommy og Annika har det heilt storarta på øya der dei leiker med alle dei andre barna, snakker ein hai til fornuft og hindrer perletyver. Etterkvart reiser dei heim til den ørlille byen, og i slutten av tredje bok bestemmer dei seg for å aldri bli store. Pippi finner fram dei kjente krumelurepillene, og eg syns boka slutter ganske så poetisk:
"Men Pippi stirret bare fremfor seg med drømmende øyne. Så slukket hun lyset." (s. 124)Pippi var i utgangspunktet ein godnattforteljing til Astrid Lindgrens dotter, Karin, men vart raskt kjent over heile verda. Pippi er nok ikkje min favoritt blant Lindgrens "barn", men det er ein humoristisk avkobling frå alt anna. God pinsehelg!
XOXO
lørdag 16. mai 2015
Bok: "Interpreter of Maladies"
Forfatter: Jhumpa Lahiri (f. 1967)
Utgitt: 1999
Min utgåve: 2000
Format: Heftet, 198 sider
Forlag: Flamingo/Harper Collins
Mål/utfordringar: Off the shelf, Større geografisk spredning
Den indiskamerikanske forfatteren Jhumpa Lahiri debuterte med denne novellesamlinga i 1999, og mottok Pulitzerprisen for beste skjønnlitterære verk året etter. I tillegg til Interpreter of Maladies har Lahiri novellesamlinga Unaccostumed Earth (2008), og to romaner, The Namesake (2003) og The Lowland (2013, min anmeldelse), på samvittigheten. Sistnemnte var på kortlista til Bookerprisen 2013.
Interpreter of Maladies består av 9 noveller på mellom 13 og 28 sider. Dei handler alle om ulik tilknytning til heimlandet India.
I første novelle, A Temporary Matter, møter me eit ungt ektepar, Shoba og Shukumar, som ein dag får ein notis i postkassen om at kvar kveld i fem dager vil straumen vera vekke i ein time. Ekteparet har stått kvarandre nær, men etter tapet av deira førstefødde har dei glidd frå kvarandre. Dei bruker disse kveldane til å koma nærmare, og fortel løyndomar dei har gøymt frå den andre. Ein sår historie om kor lett det er å unngå den andre parten.
I andre novelle, When Mr. Pirzada Came to Dine, Lilia og familien har ein gjest til middag kvar kveld hausten 1971. Kvar kveld får Lilia ein bit godteri av Mr. Pirzada. Gjesten har reist frå Pakistan til USA, og har ikkje sett familien sin på lenge, og han frykter at krigen mellom India og Pakistan har utsletta familien hans. Mr. Pirzada og Lilia snakker svært lite saman, men då Mr. Pirzada reiser tilbake til Pakistan forstår Lilia kva sakn er. Dette var ein av dei mest "ekte" novellene då Lahiri skriver rundt ei ekte hending.
I tittelnovella, Interpreter of Maladies, møter me ein turguide i India, Mr. Kapasi, som observerer familien han er guide for. Undervegs på turen ser han at Das-familien, og spesielt mora, er lite kjærlege mot kvarandre. På turen fortel Mr. Kapazi at hans eigentlege jobb er som tolk for ein lege, og for fyrste gong får Mr. Kapasi høyre at jobben hans er viktig. Novella sentrerer rundt Mr. Kapasi og Mrs. Das' ekteskapsproblemer, og i løpet av turen oppdager Mr. Kapasi at han blir meget betatt av Mrs. Das.
I fjerde novelle, A Real Durwan, møter me ei eldre indisk kvinne, Boori Ma, som bur under postkassene i ein leiegård. Ho får lov til å bu der fordi ho tar på seg ulike oppgaver som ein durwan ville gjort. Ho prater ofte om sin fortid som rik, men det er ingen av leietakerne som trur på ho. Ein dag blir leiegården utsatt for tjuveri og leietakerne er overbevist om at Boori Ma har hjulpet ranerne, og kaster ho ut. Denne vart eg mest berørt av, og kaster lys over behandling av eldre mennesker i samfunnet.
I femte novelle, Sexy, handler det om utroskap sett frå begge sider. Den single amerikanske Miranda møter indiske Dev som er gift, medan Mirandas indiske kollega Laxmi sitter ofte i telefonen med si kusine som har ein utro mann. Då Miranda ein dag sitjer barnevakt for Laxmis kusines sønn, får ho ny innsikt i ordet 'sexy' og må tenkje grundig over sitt forhold til ein gift mann.
Sjette novelle, Mr. Sen's, fortel historien om elleve år gamle Eliots ettermiddager hos barnevakten Mrs. Sen. Ekteparet Sen bur i USA fordi mannen underviser ved universitetet, men i leiligheten er det kun indisk som gjelder. Ei underhaldande noveller om Eliots ettermiddager, og mi meining er at Eliot hadde det til tider betre hos Mrs Sen enn hos si fjerne mor.
I syvende novelle, This Blessed House, møter me nygifte Sanjeev og Tamina (Twinkle) som har flytta inn i nytt hus. Huset var tidlegare eigd av kristne, og Twinkle finner pyntegjenstander i huset og setter dei fram. Sanjeev liker det ikkje og poengterer til stadighet at dei er ikkje kristne, men Twinkle får som regel viljen sin. Denne syns eg kaster lys over korleis ein i eit arrangert ekteskap blir nødt til å akseptere den andre partens ulikheter i forhold til seg sjølv.
I åttende novelle, The Treatment of Bibi Haldar, handler det om Bibi Haldar som har vore sjuk det meste av sitt 29-årige liv. Sjukdommen er det ingen som kan finne ut kva er, og på grunn av dette har ikkje Bibi blitt gift. Ho får til nød bu hos ein fetter og familien hans, og Bibis jobb er å halde orden med varebehaldninga i fetterens utsalg. Bibis høgaste ynskje er sin eigen familie, og forsøk på å få ho gift blir gjort. Ei sår, men sterk novelle.
Den siste novella, The Third and Final Continent, handler om ein ung indisk mann som i 1969 reiser frå London til USA på grunn av ein ny jobb. Før avreise til USA har han vore heime i India og gifta seg, og hans nye kone skal kome til USA om seks veker. I disse seks vekene leiger han eit rom hos den 103 år gamle Mrs. Croft. Då kona hans kjem til USA starter dei sitt nye liv saman, og novella fortel i raske trekk om livet deira, korleis han stadig tenkjer på den gamle dama, og korleis han og familien tar til seg amerikanske tradisjoner samtidig som dei tar vare på dei indiske.
Meget fin novellesamling om eit land eg ikkje veit for mykje om, og tradisjoner som er ulike frå våre eigne, som arrangert ekteskap. Jhumpa Lahiri skriver godt, og nå har eg kjempelyst til å kaste meg over romanen eg ikkje har lest, og den andre novellesamlinga. I utgangspunktet skulle eg lese denne med Beathe i april, men i mitt tilfelle vart april raskt til mai. Det var likevel på høg tid at denne vart lest, då den sikkert har stått i bokhylla i minst fem år, om ikkje meir. Beathe sin anmeldelse finner du HER. Anbefales!
XOXO
Utgitt: 1999
Min utgåve: 2000
Format: Heftet, 198 sider
Forlag: Flamingo/Harper Collins
Mål/utfordringar: Off the shelf, Større geografisk spredning
Den indiskamerikanske forfatteren Jhumpa Lahiri debuterte med denne novellesamlinga i 1999, og mottok Pulitzerprisen for beste skjønnlitterære verk året etter. I tillegg til Interpreter of Maladies har Lahiri novellesamlinga Unaccostumed Earth (2008), og to romaner, The Namesake (2003) og The Lowland (2013, min anmeldelse), på samvittigheten. Sistnemnte var på kortlista til Bookerprisen 2013.
Interpreter of Maladies består av 9 noveller på mellom 13 og 28 sider. Dei handler alle om ulik tilknytning til heimlandet India.
I første novelle, A Temporary Matter, møter me eit ungt ektepar, Shoba og Shukumar, som ein dag får ein notis i postkassen om at kvar kveld i fem dager vil straumen vera vekke i ein time. Ekteparet har stått kvarandre nær, men etter tapet av deira førstefødde har dei glidd frå kvarandre. Dei bruker disse kveldane til å koma nærmare, og fortel løyndomar dei har gøymt frå den andre. Ein sår historie om kor lett det er å unngå den andre parten.
I andre novelle, When Mr. Pirzada Came to Dine, Lilia og familien har ein gjest til middag kvar kveld hausten 1971. Kvar kveld får Lilia ein bit godteri av Mr. Pirzada. Gjesten har reist frå Pakistan til USA, og har ikkje sett familien sin på lenge, og han frykter at krigen mellom India og Pakistan har utsletta familien hans. Mr. Pirzada og Lilia snakker svært lite saman, men då Mr. Pirzada reiser tilbake til Pakistan forstår Lilia kva sakn er. Dette var ein av dei mest "ekte" novellene då Lahiri skriver rundt ei ekte hending.
I tittelnovella, Interpreter of Maladies, møter me ein turguide i India, Mr. Kapasi, som observerer familien han er guide for. Undervegs på turen ser han at Das-familien, og spesielt mora, er lite kjærlege mot kvarandre. På turen fortel Mr. Kapazi at hans eigentlege jobb er som tolk for ein lege, og for fyrste gong får Mr. Kapasi høyre at jobben hans er viktig. Novella sentrerer rundt Mr. Kapasi og Mrs. Das' ekteskapsproblemer, og i løpet av turen oppdager Mr. Kapasi at han blir meget betatt av Mrs. Das.
I fjerde novelle, A Real Durwan, møter me ei eldre indisk kvinne, Boori Ma, som bur under postkassene i ein leiegård. Ho får lov til å bu der fordi ho tar på seg ulike oppgaver som ein durwan ville gjort. Ho prater ofte om sin fortid som rik, men det er ingen av leietakerne som trur på ho. Ein dag blir leiegården utsatt for tjuveri og leietakerne er overbevist om at Boori Ma har hjulpet ranerne, og kaster ho ut. Denne vart eg mest berørt av, og kaster lys over behandling av eldre mennesker i samfunnet.
| Noveller blir lest med penn og papir tilgjengelig. Foto: ES |
Sjette novelle, Mr. Sen's, fortel historien om elleve år gamle Eliots ettermiddager hos barnevakten Mrs. Sen. Ekteparet Sen bur i USA fordi mannen underviser ved universitetet, men i leiligheten er det kun indisk som gjelder. Ei underhaldande noveller om Eliots ettermiddager, og mi meining er at Eliot hadde det til tider betre hos Mrs Sen enn hos si fjerne mor.
I syvende novelle, This Blessed House, møter me nygifte Sanjeev og Tamina (Twinkle) som har flytta inn i nytt hus. Huset var tidlegare eigd av kristne, og Twinkle finner pyntegjenstander i huset og setter dei fram. Sanjeev liker det ikkje og poengterer til stadighet at dei er ikkje kristne, men Twinkle får som regel viljen sin. Denne syns eg kaster lys over korleis ein i eit arrangert ekteskap blir nødt til å akseptere den andre partens ulikheter i forhold til seg sjølv.
I åttende novelle, The Treatment of Bibi Haldar, handler det om Bibi Haldar som har vore sjuk det meste av sitt 29-årige liv. Sjukdommen er det ingen som kan finne ut kva er, og på grunn av dette har ikkje Bibi blitt gift. Ho får til nød bu hos ein fetter og familien hans, og Bibis jobb er å halde orden med varebehaldninga i fetterens utsalg. Bibis høgaste ynskje er sin eigen familie, og forsøk på å få ho gift blir gjort. Ei sår, men sterk novelle.
Den siste novella, The Third and Final Continent, handler om ein ung indisk mann som i 1969 reiser frå London til USA på grunn av ein ny jobb. Før avreise til USA har han vore heime i India og gifta seg, og hans nye kone skal kome til USA om seks veker. I disse seks vekene leiger han eit rom hos den 103 år gamle Mrs. Croft. Då kona hans kjem til USA starter dei sitt nye liv saman, og novella fortel i raske trekk om livet deira, korleis han stadig tenkjer på den gamle dama, og korleis han og familien tar til seg amerikanske tradisjoner samtidig som dei tar vare på dei indiske.
Meget fin novellesamling om eit land eg ikkje veit for mykje om, og tradisjoner som er ulike frå våre eigne, som arrangert ekteskap. Jhumpa Lahiri skriver godt, og nå har eg kjempelyst til å kaste meg over romanen eg ikkje har lest, og den andre novellesamlinga. I utgangspunktet skulle eg lese denne med Beathe i april, men i mitt tilfelle vart april raskt til mai. Det var likevel på høg tid at denne vart lest, då den sikkert har stått i bokhylla i minst fem år, om ikkje meir. Beathe sin anmeldelse finner du HER. Anbefales!
XOXO
torsdag 14. mai 2015
Bok: "Døde sjeler"
Forfatter: Nikolaj Gogol (1809-1852)
Utgitt: 1842
Min utgåve: 2004
Oversetter: Erik Egeberg
Format: Innbundet, 384 sider
Forlag: Solum
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Større geografisk spredning, Back to the Classics
Denne utgåva av Døde sjeler er den første som er gitt ut komplett på norsk. Forfatteren, Nikolaj Gogol, vart fødd i det som i dag er Ukraina, og Døde sjeler er eit av hovudverka i russisk litteratur.
Døde sjeler går føre seg i eit samfunn som Peter den store skapte i byrjinga av det 18. århundre. Hovudpersonen, Tsjitsjikov, reiser frå gods til gods for å kjøpe opp "døde sjeler". Det er ein get rich fast-metode, og lukkas han med oppkjøp er planen å samla ein fiktiv formue og pantsetta alt. På sin veg møter Tsjitsjikov fleire merkelege karakterer,og felles for alle er at dei har opplevd at mange i landsbyane deira har falt frå, og enkelte er villige til å selge sine døde sjeler til Tsitsjikov. Korleis det går med svindleren vår til slutt er ikkje godt å vite då romanen ikkje vart fullført av Gogol.
I utgangspunktet var denne romanen på klassiker-utfordringa i kategorien Forgotten Classic, men då eg oppdaga at eg hadde tatt feil av ratings og reviews på Goodreads vart den flytta til A Humorus or Satirical Classic. Det betyr at eg er halvvegs i utfordringa med 7/12 kategorier lest. Døde sjeler er ifølge baksideteksten en drepende satire over den menneskelige natur og livet i Russland under tsarregimet. Nikolaj Gogol karikerer sitt persongalleri så forskjellig og overdriver dei ulikes personligheter så mykje at eg humra og smilte overbærande fleire gonger på Tsjitsjikovs ferd. I første bind møter me den søtladne Manilov, den engestelige og sparsommelige enkefru Korobotsjka, grobianen Sobakevitsj, gnieren Plusjkin og rabagasten Nozdrjov. I annet bind møter me matmonsen Petuch, superbyråkraten Kosjkarjov, og Chlobujev og hans forfalne gods. Disse ulike karakterene gjer at Gogols hovudverk på nesten 400 sider ikkje kjennes verken tungt eller vanskelig, og glir lett avgårde.
Kven veit kva som kunne ha skjedd med vår hovudperson om Gogol hadde fullført. Det er det ingen som veit og i etterordet, skrevet av Erik Egeberg, blir det fortalt at etter første bind var publisert strevde Gogol med annet bind resten av livet. Til slutt vart det brent, og Gogol avgikk ved døden ikkje lenge etter. Annet bind inneheld fire ufullstendige kapitler som vart nedskrevne i ettertid sidan Gogol hadde hatt fleire opplesninger og manuskript liggjande rundt.

fredag 1. mai 2015
Bok: "De syv søstre" (The Seven Sisters #1)
Forfatter: Lucinda Riley (f. 1971)
Originaltittel: The Seven Sisters, oversatt av Benedicta Windt-Val
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 540 sider
Forlag: Cappelen Damm
Lucinda Riley seilte for få år sidan opp som suksessrik forfatter med debuten Orkideens hemmelighet. Sidan har ho skrevet fleire gode bøker, og gjenutgitt bøker skrevet tidlegare. Riley er ei av dei få "dameromanforfatterne" eg liker, og gler meg stort over at De syv søstre ikkje er slutten, men byrjinga på ein storslått serie over sju bøker. Neste bok kjem på norsk i januar!
I De syv søstre blir me kjent med Maia D'Apliése som i byrjinga av boka er samla i barndomsheimen med søstrene etter farens brå død. Den sky mangemillionæren, Pa Salt, har adoptert alle sine seks døtre, og dei har levd eit skjerma liv i eit tilbaketrukket slott ved Genèvesjøen. Utanom Maia har dei fem andre jentene reist ut i verda for det dei trur på. Maia har budd i eit gjestehus på eigedomen, og først etter at faren døydde sprer ho vingene sine og reiser ut. Pa Salt var ein mystisk mann, og nå har lagt igjen spor som skal føre døtrene tilbake til opphavet sitt. Maias ledetråd fører ho til den andre sida av kloden, Rio Janeiro i Brasil.
I Brasil finner ho eit gammalt og forfallent herskapshus, og ein historie om ei dotter som blir nøydd til å gifte seg med den faren har vald ut for ho. Izabela Bonifacio hadde ein far som ville opp og fram i Brasils aristokrati. Då arkitekten, Heitor da Silva Costa, skal til Paris for undersøkelser til den berømte Kristusstatuen får Izabela vera med som selskapsdame og kompanjong for dottera til Heitor. Det blir ein tur utan sidestykke, og den lidenskapelege Izabela møter kjærleiken for fyrste gong. Livet blir aldri det same for ho.
I vår tid er Maia som kjent ute på tur for fyrste gong, og med ein mental bagasje som innehalder litt av kvart møter og ho kjærleiken.
De syv søstre ein underhaldande og interessant roman. Samtidig som historien er fiksjon er arkitektens namn ekte, og Lucinda Riley fletter dermed inn verkelege historiske hendingar inn i historien. Det gjer at det blir meir ekte. Karakterene er inspirert av stjernene, og hovedsakeleg stjernehopen Pleiadene, og kalt De syv søstre. Det blir spennande å fylgje søstrene i dei neste bøkene. Anbefales!
Tusen takk til Cappelen Damm for leseeksemplar.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)