Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1980
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 57min 42sek, lest av Richard Ayoade
Forlag: Puffin
Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.
I The Twits møter me herr og fru Twit som bur i eit hus utan vindauge. Til dagleg utfører dei ondsinna triks på kvarandre rett og slett fordi dei ikkje liker kvarandre. Triksa går ut på å legge frosker i senga, bytte ut spaghettien med meitemark og lure den andre til å tru at den krymper. I hagen veks det kun brennesle og planter med torner, og dei har eit bur med apekatter. Før The Twits vart pensjonister trente dei apekatter til sirkus, og herr Twit er glad i selskapet. Kvar onsdag har ekteparet fuglepai til middag, og herr Twit har smurt greinene i eitt tre inn med lim slik at det er bare å plukke inn fugler kvar tysdag. Det speler ingen rolle kva fugl det er - fugl er fugl. Apekattane og fuglane har sett seg lei av måten ekteparet Twit oppfører seg på, og bestemmer seg for å gi dei ein lærepenge.
The Twits er ei av dei lengre korte historiane til Roald Dahl, og denne skil seg ut frå mange andre ved å ha vaksne som hovudpersoner. Idéen kom til live då Dahl ville gjera noko mot skjegg (som han ikkje likte) og den første setningen er som følger: What a lot of hairy-faced men there are around nowadays! Eg finner den morsom, men er usikker på om eg hadde likt den som barn då eg aldri har vore noko glad i å bli lurt. Anbefales!
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar