Søk i denne bloggen

lørdag 9. juli 2016

Bok: "Lady Susan"

Forfatter: Jane Austen (1775-1817)
Utgitt: 1871
Min utgåve: 2001
Format: Lydbok, 2t30min48sek, lest av Harriet Walter, Kim Hicks og Carole Boyd
Forlag: Naxos Audiobooks

Den britiske forfatteren Jane Austen er godt kjent for sine romaner om Elizabeth og Mr Darcy, og Ellinor og Marianne, og min favoritt, Anne og Captain Wentworth. I tillegg til dei seks mest kjente romanane skreiv ho eit par mindre verk, og Lady Susan er ein av dei.

Lady Susan blir fortalt i brevform mellom 7 personer. Lady Susan Vernon er på jakt etter ein ektemann til dottera, Frederica, og ein ny til seg sjølv. Susan Vernon skyr svært få midler for å få tak i det ho vil ha, og brevene beskriver i stor grad intrigene til hovudpersonen. Lady Susan er i utgangspunktet ei intelligent og driftig dame, men når målet i livet hennar er å finne ein rik mann via manipulasjon seier det seg sjølv at forholdet til brevskriverne er noko lunkent til tider.

Eg syns dette var ein festlig liten roman, og leser den gjerne om igjen. Denne gongen høyrte eg den på lydbok, og sleit litt til tider med å vite kven som førte ordet. Enkelte gonger er papir betre enn lyd når stemmen endrer seg i løpet av handlinga. Eg har vore lite borti brevskriving som fortelling, men det var ein god måte å gjera det på. Innleserne var behagelige å høyre på, og lydboka fins hjå Storytel. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar