Søk i denne bloggen

fredag 1. juli 2016

Leserefleksjoner #7: Kjappe juni

Kjelde: Pinterest
Juni var: Travel på jobb med innkøyring av 3-åringer til stor avdeling (me gler oss til 10. august når me flytter ned) og avslappande heime med ein haug med bøker. Eg har nytt nokre dager med sol både på jobb og på terrassen, men dessverre ville det ikkje vare, og juni vart avslutta i regnklede. Håper på betre ver i juli. Kveldane har blitt brukt ein del på Netflix då den ultimate kose-seg-sofaen-serien Full House dukka opp. Juni har vore like kjapp som mai, men nå må det roe seg litt.

I juni las eg: 17 bøker! Eg er i sjokk, og forstår ikkje korleis eg har fått det til. Den gode blandinga mellom ulike format fungerer perfekt i juni og.

I juni kjøpte eg: 4 bøker, vant 2 hjå SolumBokvennen, og fekk 8 nydelege eventyrbøker hjå tanta mi då eg hjalp til med å vaske ut huset hennar. Alle bøkene er velkomne!

Junis store leseoppleving: Veldig mykje bra i juni, men den som eg ikkje klarte å legge frå meg var Margaret Atwoods Den blinde morderen. Meget bra historie, og eg gler meg til meir Atwood.

Junis lesesirkler/utfordringer: Eg har lest Agnes Grey i 1001-sirkelen, lest 7 bøker frå eiga ulest-hylle, og diktbøkene til Roald Dahl.

På julis leseliste står det: Afrika i 1001-sirkelen og svensk/dansk bok i bokhylle-utfordringa. Bookerprisens langliste kjem i slutten av juli, det same gjer den nye boka til J.K. Rowling og ei ny bok av Lucinda Riley. Ulest-hylla trenger slanking, og det blir spennande å sjå kor mykje eg har lest i slutten av månaden. Sommarferien har begynt, men eg er redd for at det kan bli lite lesing på ferieturer til Kristiansand og Bergen dei neste vekene. Time will show!

Kva har du lest og opplevd i juni?

XOXO

6 kommentarer:

  1. 17 bøker er veldig mye. Jeg har lest 9. Lett blandet, sakprosa, dikt, essay, romaner/krim.. oppsummert på bloggen min. Atwood ser jeg også frem til mer av. Skal nok lese "En halv gul sol i juli " (Afrika) Ha en fin helg og lesejuli.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Anita! Slik vart det i juni, men eg har ingen grense for kor mykje eg leser :-)

      Slett
  2. 17 bøker!! Det står det respekt av! Jeg leste 6 stk, og det er bra til å være meg. Spesielt da en var engelsk og mange av de var på 500-600 sider. "Alle" snakker om Atwood, og det er det helt sikkert en god grunn for. Jeg leser nok min første i lesesirkelen i august, da er jo nettopp det tema ;) Håper du får en fin sommerferie!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ein god grunn til at alle snakker om Atwood, og det blir bra med fleire Atwood-lesere. Eg starter på min nå i ferien tenker eg, for eg skal lese Bookerpris-bøker i august :-)

      Slett
  3. 17 bøker! Du er rå :-). Jeg leste - kremt - fire....

    SvarSlett
  4. 17! Wow, det er jo bare å si at det var mektig imponerende :D Hurra for deg! I juni leste jeg Fru Marta Oulie og Den trofaste hustru av Sigrid Undset (bacheloroppgave, hallooo), Justine av Marquis de Sade, en liten samling av Guy de Maupassants noveller, og Paul Austers Travels in the scriptorium om jeg husker riktig :) God lesejuli!

    SvarSlett