Søk i denne bloggen

tirsdag 28. februar 2017

Leserefleksjonar #16 | Februar i bøker

Kjelde: Pinterest
Februar var: Månaden har vore mest jobb, men med hyppige biblioteksbesøk, kaféturer og mykje god film så er det ikkje så galt. Lillebror har hatt bursdag, og programmet til krimfestivalen kom ut. Natt til mandag satt eg oppe heile natta og såg Oscar-utdelinga direkte frå USA.

Månaden ender på verst mogleg vis då farfar brått og brutalt gikk bort for 3 dager sidan. Det var så uventa at eg trur me alle sitter igjen lettare sjokkert. Nå vil eg bare ha fredag overstått.

I februar las eg: Ein heil del denne månaden og - med fokus på lystlesing. Siste del av månaden gjekk trått, og eg har levert tilbake ein haug med bøker til biblioteket for det skjer ikkje at eg les dei akkurat nå. Dei følgande har eg lest:
  • Alsterdal: En stille grav
  • Ferrante: The Story of the Lost Child (Napoli #4)
  • Dickens: The Mystery of Edwin Drood OTS
  • Lindgren: Barna fra Bråkmakergata (Lotta #1)
  • Lindgren: Lotta fra Bråkmakergata (Lotta #2)
  • Lindgren: Jo visst kan Lotta sykle (Lotta #3)
  • Lindgren: Jo visst kan Lotta nesten allting (Lotta #4)
  • Lindgren: Jo visst er Lotta en blid unge (Lotta #5)
  • Lier Horst og Sandnes (ill.): Operasjon Sjørøver (Detektivbyrå nr. 2 #11)
  • Baum: The Wizard of Oz OTS
  • Graham: Talking as Fast as I Can - From Gilmore girls to Gilmore girls (and Everything In Between)
  • Rilke: Letters to a Young Poet OTS
  • McEwan: Nøtteskall
  • Eriksen: Tyvene (Jordbærdamene #15)

I februar kjøpte eg: Ingenting utanom bøker frå bokboksen til Solum Bokvennen.

Månadens store leseoppleving: Lauren Graham har spelt Lorelai Gilmore i mange år, og då eg oppdaga at ho kom med sakprosa-bok bestilte eg den straks hjå Audible. Nå har eg bestilt den i bokhandelen for denne boka må eg ha i bokhylla.

Månadens lesesirkler/utfordringar: Eg har lest to til klassiker-utfordringa, tre frå eiga bokhylle og bøkene om Astrid Lindgrens Lotta. Bokhylleutfordringa har eg hoppa bukk over, men bok originalt skrevet på engelsk burde vera piece of cake så eg plukker den nok opp i mars.

I mars skal eg: Neste onsdag reiser eg med nattoget til Oslo og Krimfestivalen (ekstern lenke). Eg gler meg til kriminelle arrangement, gode forfattere og 3 netter på hotell. Er det andre som skal på festival? Veka etterpå skal eg i 80-årsdag til morbroren min (bror til mor). Gler meg veldig til det og då han har vore reserve-morfaren til meg og søsknene mine i alle år.

Kva har du lest og opplevd i februar?

XOXO

9 kommentarer:

  1. Leit å høre om farfaren din. Så det fine bildet av dere på FB, men visste den gang ikke hvorfor du la det ut. Slike besteforeldre er gull verdt, desto vondere å miste selv om de er gamle og grå og livet går sin gang. Håper det går lettere enn du frykter i begravelsen. Det gjør som regel det.

    Krya om dej, som Astrid og Lotta og Blomqvist og hele bøtteballetten ville sagt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Eli! 84 år er ein god og respektabel alder, men lettare sjokkert-kjensla gir seg ikkje med det første. Fredag går nok greit, eg er ikkje åleine om å sørge heldigvis.

      Slett
  2. Leit å høre om farfaren din,Elida!Alltid trist når noen nærme går bort.

    Du har fått lest mye i februar og Grahams bok skal jeg definitivt lese en gang, tusen takk for tips! Holder på å se GG på nytt sammen med datteren min nå.

    Ønsker deg en fin mars måned, Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Eg har sett det eg og innimellom dei nye episodane, og det er like bra kvar gong :-)

      Slett
  3. Var det derfor du la ut det fine bildet av deg og farfar, kondolerer Elida :(
    Du har fått lest masse gøy i februar, og virkelig kommet i gang med Lindgren-prosjektet ditt. Jeg skal ikke på krimfestival, men gleder meg til å høre fra deg og andre som er der :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Stemmer det - minnene tar me vare på :-)

      Eg sliter litt med kva eg skal lese nå av Lindgren, men eg kjem vel på noko :-)

      Slett
  4. Kondolerer så mye, Elida! Trist å høre om farfaren din.

    Synes du har fått lest mye i februar. Håper mars blir en fin lesemåned!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Mars blir bra etterkvart :-)

      Slett
  5. Enkel og likevel innhaldsrik oppsummering! Har du lese ungdomsbøkene til Astrid Lindgren, om Kati?
    Her er mi oppsummering: http://sorlandslesehest.blogspot.no/2017/03/lesehesten-oppsummerer-februar_37.html Høgdepunkt var Harry Potter-tur og "Slik har jeg det nå" av Meg Rosoff.

    SvarSlett