Søk i denne bloggen

fredag 24. mars 2017

Bok: "Fever Dream"

Forfatter: Samantha Schweblin (f. 1978)
Originaltittel: Distancia de rescate, oversatt av Megan McDowell
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2017
Format: Lydbok lest av Hillary Huber, 3t13min
Forlag: Oneworld (Audible)

Den argentinske forfatteren Samantha Schweblin har fire utgivelser på spansk ute, men romanen Fever Dream er den første på engelsk. Schweblin har studert film i Buenos Aires, og sist veke vart det kjent at ho er på langlista til Man Booker International Prize med nemnte roman.

Handlinga i Fever Dream går føre seg på eit sjukehus. Den unge mora Amanda er døande, og ved sida av ho sitter David. Han er ikkje sonen hennar, og ho er ikkje mor hans. David prøver så godt han kan å halde Amanda innføre temaet om kor dottera hennar er, medan Amanda til stadighet svinser hit og dit med tankane sine. Saman fortel dei to ein historie med psykologiske undertrekk og beviser romaner kan bli skumle sjølv om ingen kryper rundt hushjørner nattestid.

Det var igrunnen heilt tilfeldig at Fever Dream vart førstemann ut av 13 romaner på longlist då denne var tilgjengelig hjå Audible. Eg trur romanen er mykje betre enn mitt inntrykk er, og det har med formatet eg valgte og innleseren. Kjem denne boka på shortlist blir eg nødt til å lese den om igjen rett og slett for å finne ut kva som eigentleg føregår, men samtidig så trur eg at viss boka er såpass god at den hamner på Bookers liste så hadde eg fulgt med. Det andre eg har problem med er innleseren. Hillary Huber er meget flink og ho har ein behageleg stemme, men eg høyrte for ei stund sidan ho då ho les siste roman i Napoli-kvartetten til Elena Ferrante. Eg er ganske lei av Napoli-kvartetten, og Hubers stemme var det siste eg hadde lyst til å høyre.

Eg ser på Goodreads at det er mange fornøgde lesarar, og eg skulle så gjerne vore med i den klubben. Samstundes veit eg at det hadde vore frykteleg kjedeleg viss alle likte dei same bøkene. Eg håper andre leser denne boka (og at eg ikkje har skremt vekk nokon) for eg vil gjerne høyra andres meining om Fever Dream.


XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar