Søk i denne bloggen

torsdag 9. mars 2017

Dei nominerte til Rivertonprisen 2016 + vinnaren av Gullkulen

I føremiddag var eg i Cappelen Damm-huset på Krimfestivalen, og ca 11.15 vart dei nominerte til Rivertonprisen offentliggjort. Det er ei solid gruppe krimforfattere og ikkje mindre enn fire tidlegare vinnarar. Tidlegare har ikkje ein forfatter hatt muligheten til å bli nominert fleire gonger, men så vart det endringar i reglane. Nå kan tidlegare vinnarar bli nominert når styret i Rivertonklubben meiner at den aktuelle boka markerer ein ny start for forfatteren. Eksempelvis: Gunnar Staalesen har vunnet to gonger; ein gong for ei Dumbo og Maskefjes-bok, og ein gong for ein Varg Veum-roman.

Dei nominerte er:

  • Torkil Damhaug: En femte årstid (Cappelen Damm)
  • Karin Fossum: Hviskeren (Cappelen Damm)
  • Unni Lindell: Jeg vet hvor du bor (Aschehoug)
  • Bjørn Olav Nordahl: Dødvinkel (Gyldendal)
  • Chris Tvedt: Den som forvolder en annens død (Cappelen Damm)
Neste programpost etter Tom Egelands intervju med dei nominerte var utdelinga av den nye bokprisen til Krimfestivalen: Gullkulen. Den går til den beste oversatte kriminalromanen gitt ut i Noreg i 2016. For ei veke sidan kom kortlista, og medlemmer i juryen blant anna Fredrik Wandrup kom opp på scenen og las begrunnelsen. Eg har ikkje lest nokon av dei nominerte bøkene, men eg høyrte i salen under opplesinga at det var mange som gjetta vinnaren underveis.

Vinnaren av den aller første Gullkulen er Michel Bussi med romanen Etter styrten. Bussi hadde ikkje mulighet til å komme til Oslo, men leder i Bazar forlag (som gir ut den norske oversettelsen) las opp ein melding frå Bussi.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar