Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Ilon Wikland (f. 1930, ill.)
Utgitt: 1946, 1949, 1952
Format: Innbundet, frå 72 til 94 sider
Forlag: Cappelen Damm
Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.
I løpet av eit års tid i livet til Lisa i Bakkebygrenda fortel ho om små og store kvardagshistorier. Det spenner frå tynning i turnipsåkeren, skulekvardag, om vegen til skulen, sommerferie, julefeiring og farfars 80-årsdag. Det er ting som barn kan kjenne seg igjen i, men det er og heilt annleis enn korleis barn har det i dag. Lisa bur så klart ikkje aleine i Bakkebygrenda. Ho har storebrødrene Lars og Bosse, i Nordigarden bur Berit og Anna, og i Sørigarden bur Ole og veslesøstra Kristi. Pluss at alle har mor og far, og Berit og Anna har i tillegg farfar.
Jeg heter Lisa og er ni år og bor i Bakkebygrenda. Mor sier at det heller kunne hett Bråkebygrenda, for vi barna her i Bakkebygrenda er så flinke til å bråke. (Tredje bok, side 7)
Eg har vokst opp med Bakkebygrenda og eg er ganske sikker på at historiane har blitt fortalt meg på senga før leggetid. Å lese det som vaksen er ganske morsomt for det er ting som er heilt opplagt for meg, men som Lisa eller eit barn som blir lest for hadde syns er og var ganske dramatisk. I tillegg tenker eg som vaksen at barna i Bakkebygrenda har ganske godt slingringsmonn for kva som er rett og galt. Eg hadde aldri fått lov til å bygge huler i høyet på låven, eller leike tikken blant kyrne i fjøset. Det var så klart ei annleis tid, køyring med hest og kjerre var heilt naturleg.
Barna i Bakkebygrenda er ein herleg gjeng som fint tåler gjenlesing i vaksen alder, og som absolutt dagens barn burde vere borti. Noko av det som er interessant med Lindgrens bøker er at veldig mykje er bygga på verkelege hendingar. Historiane er frå Lindgrens eigen barndom med søsknene, medan plassen Bakkebygrenda er bygga på hennar fars oppvekst på Sevedstorp i Vimmerby i Sverige. Der har eg vore og det er akkurat som å sjå Bakkebygrenda. Anbefales!
XOXO
Bakkebygrenda er en av mine Lindgren-favoritter, men så igjen; nesten alle bøkene hennes er fine ^^ Veldig koselig prosjekt å lese Lindgren!
SvarSlettDet er så langt eit interessant prosjekt fordi mange av bøkene har eg aldri lest - kun sett filmatisert som barn. Eg veit og at søstra mi er stor fan av Mesterdetektiven Blomkvist som er bøker eg aldri har verken lest eller sett på tv så det blir spennande.
Slett