Søk i denne bloggen

mandag 1. mai 2017

Leserefleksjonar #18 | April i bøker

April var: Altfor kort, og med mykje rart vér. Nokre dagar er det full fart med vår, og andre dagar er ikkje kong vinter heilt ferdig med oss. Sist tysdag stolpra eg meg avgårde på isen på veg til jobb, og då eg gjekk heim var det heilt bart. Tvangslesekafé var kjempekjekt, og med så mykje skravling er det ikkje så rart eg ikkje fekk lest noko særleg. Eg trur og at noko av årsaken er totalt feil bok. Ein lærer så lenge ein lever. Eg og lillebror har sett Fast and the Furious 8 på kino, og det er ein type film eg ikkje trenger sjå meir enn ein gong. Påskeferie var herleg, men å så lang. Eg kan godt ha fri, men ein masse raude dagar (les: stengt på biblioteket) fungerer dårleg for denne damen. Fotballsesongen har starta for fullt, og takka vere ein kamp i kaldt aprilvér snufser og hoster eg verre, og er så glad for at eg er verst denne helga og ikkje neste for då skal eg servere i konfirmasjon.

I april las eg: I søkk og kav! Astrid Lindgren-prosjektet har verkeleg fått bein å gå på, og med dette tempoet blir det muligens biletbøker i sommar. Eg har tatt ein uplanlagt pause frå 1001-lista, og det viser igjen på leselysta. Eg har ikkje lyst å kutte den ut heilt, men ein pause er heilt innføre. Om eg ikkje vender aktivt tilbake til den før i 2018 så blir det spennande å sjå om eg les noko frå den utan å planlegge det. 

* J.R.R. Tolkien: The Return of the King (LOTR #3)
* Frances Hodgson Burnett: Little Lord Fauntleroy
* Nora Roberts: The Next Always (Inn Boonsboro #1)
* Roy Jacobsen: De usynlige MBIP
* Nora Roberts: The Last Boyfriend (Inn Boonsboro #2)
* Astrid Lindgren: Alle vi barna i Bakkebygrenda (Barna i Bakkebygrenda #1)
* Astrid Lindgren: Mye moro i Bakkebygrenda (Barna i Bakkebygrenda #2)
* Astrid Lindgren: Ingen steder som Bakkebygrenda (Barna i Bakkebygrenda #3)
* Astrid Lindgren: Mio, min Mio
* Charlotte Brontë: Jane Eyre
* Jacqueline Woodson: Another Brooklyn
* Astrid Lindgren: Brødrene Løvehjerte
* Astrid Lindgren: Meisterdetektiven Blomkvist (Kalle Blomkvist #1)
* Jostein Gaarder og Klaus Hagerup: Bibbi Bokkens magiske bibliotek
* Amos Oz: Judas MBIP

I april kjøpte eg: To bøker nominert til Man Booker International Prize, Little Women i ein nydeleg utgåve, og sikkert meir som eg har gløymt. Far og søsknene har rydda rundtforbi i leiligheten til farmor, og far kjenner dottera si veldig godt for han kom med bøker om kongelege til meg som dei fant i boden til farfar. Farfar var ingen lesehest, men bok om kong Haakon hadde han.

Månadens store leseoppleving: Jane Eyre! Det er seks år sidan eg las den sist, og sjølv om eg har sett diverse filmatiseringar dei siste åra er det noko heilt eige å høyre romanen om igjen. Førre laurdag høyrte eg ferdig romanen, og same kvelden såg eg heile miniserien med Toby Stephens og Ruth Wilson (som regel ser eg gjerne bare slutten). Ganske festlig med romanen så friskt i minne for i løpet av heile boka meiner Rochester at han er så stygg, også sitter du og glor på Stephens og han er absolutt ikkje stygg. Men det er eigentleg ingen av Rochester'ne eg har sett på film (og eg har sett fem ulike filmatiseringer).

Månadens lesesirkler/utfordringar: Alt er kasta over bord, men eg leser kortlista til MBIP, og nå har eg tre igjen (fire viss eg rekker Schweblin om igjen). Irene Nemirovsky er satt på vent - mogleg eg tar ho opp til sommaren.

I mai skal eg: Lese mest mogleg! Håper på greie ettermiddager med bok utandørs. På onsdag er det farfars bursdag, og det ser eg absolutt ikkje fram til. Hans bursdag var alltid kjekk, og heldigvis er det ikkje meir enn ein kort spasertur til grava hans. Det er eg veldig glad for.

Kva har du lest og opplevd i april?

XOXO

8 kommentarer:

  1. Litt av en liste! 15 bøker er ikke verst på en måned ^^ Skjønner at bursdager og andre merkedager blir litt ekstra tunge. Stor klem til deg, og så håper jeg mai blir en fin måned :)

    SvarSlett
  2. Det er så kjekt å høre at du har midlertidig pensjonert noen utfordringer, mens Astrid L. går så det suser. Mitt Hamsun-prosjekt står litt stille, og jeg sporer litt dårlig samvittighet for det, men velger å overse den. Lykke til på onsdag, jeg skjønner at du var veldig glad i din farfar og savner ham mye :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det vart rett og slett for mykje for meg ei stund, og det er nok noko av årsaken til tidvis manglande leselyst. Takk, Tine! Eg sakner han ein heil del, men det er godt å ha ei grav å besøke :-)

      Slett
  3. Imponerende måned må jeg si!

    Jeg har også slått opp med 1001lista sånn midlertidig, det er litt befriende. Pluss at jeg har en teori om at når jeg setter meg ned å teller på slutten av året, så vil det vise seg at jeg har lest en del 1001bøker helt uten å prøve...

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Stine! Eg kjenner og at det er befriande å ha slått opp med den midlertidig ;-)

      Slett
  4. Skal si du har lest mye i april! Artig at du har lest Lord of the Rings, den har jeg ulest i bokhyllen og må gjøre noe med det ja. Og Jane Eyre - fantastisk lesing! Ønsker deg en super mai :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har høyrt dei på lydbok, og det gjorde eg for nærmare 8 år sidan og. Fungerer veldig godt for meg! Jane Eyre er ei av mine yndlingsbøker, og den må leses oftere enn kvart sjette år framover ;-)

      Slett