Originaltittel: Nils Karlsson-Pyssling, omsett av Solveig Blom, Jo Tenfjord og Agnes-Margrethe Bjorvand
Utgitt: 1949
Min utgåve: 2014
Format: Innbundet, 139 sider
Forlag: Cappelen Damm
Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.
I novellesamlinga om Per Pusling finner me i tillegg åtte andre fortellinger. Nokre av dei som Peter og Petra, Aller kjæreste søster og Mirabell er kjente for meg, medan resten er ukjente. Felles for alle, og dette skriver Bjorvand i etterordet, er den magiske barndommen. Bertil i Per Pusling har lange dager når mor og far er på jobb og dermed dukker Per Pusling fram frå museholet; Barbro i Aller kjæreste søster ønsker seg både ein hund og ei venninne og dikter opp ei tvillingsøster inni rosebusken og I Skumringslandet kan alle både gå og danse sjølv om doktoren seier motsatt.
Av dei ukjente falt eg for Prinsessen som ikke ville leke. Prinsesse Lise-Lotta har allverdens leiker og dokker, men ingenting får prinsessa til å leike. Ein dag treffer ho Maja på andre sida av slottsporten og ho lærer prinsessa å leike. Det heile ender med at dei bytter dokker, slik at Maja får ei nydeleg dokke som kan si Mamma, medan Lise-Lotta får den slitte dokka til Maja som kan leikes med.
Då denne novellesamlinga vart først utgitt på 50-talet vart fleire av både egennamn og stadnamn oversatt til norsk, men då Agnes-Margrethe Bjorvand gjekk gjennom oversettelsane før utgivelse i 2014 vart mykje endra tilbake til originalen. Unntaket er Per Pusling som i originalen heiter Nils Karlsson-Pyssling som er bokas mest etablerte karakter. Viss eg ikkje husker feil har eg sett ein filmatisering av denne karakteren, og den var skummel. Mitt uskyldige harehjarte slår til igjen! Fleire av historiane er og blitt biletbøker, blant anna Peter og Petra og Aller kjæreste søster. Når noveller skrevet i 1949 blir biletbøker på 2000-talet beviser det at Astrid Lindgren framleis er populær sjølv i våre dager. Anbefales!
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar