Søk i denne bloggen

søndag 15. oktober 2017

Bok: "Rasmus på loffen"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Eric Palmquist (ill.)
Originaltittel: Rasmus på luffen, omsett av Jo Tenfjord
Utgitt: 1956
Min utgåve: 2004
Format: Innbundet, 232 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Ni år gamle Rasmus bur på barneheimen Vesterhaga der frøken Høk regjerer. Når potensielle foreldre kjem på besøk ønsker dei seg aldri strihåra gutter, men heller krøllhårete søte jenter, og Rasmus trur han kjem til å bli der for alltid. Ei natt rømmer Rasmus frå barneheimen, og treffer Paradis-Oskar. Oskar er ein ekte landstryker, og vil helst synge og spele for mat og kontanter - arbeidssky som han er. Rasmus får slå fylgje med Oskar, og saman kjem dei oppi eit stort tyveri. Det kunne endt riktig galt, men Astrid Lindgren er snill med sine små gutter, så alt ender godt til slutt.

For nye lesere er det best å ikkje skrive for mykje, for i denne boka går det fort i svingane. Eg kan ikkje huske at eg har lest denne boka før, men eg veit eg har sett filmen. Det er nokon år sidan, og det einaste eg erindrer er Rasmus og Oskar i ein høylåve - resten av den spennande handlinga husker eg ikkje. Rasmus på loffen trur eg framleis kan appellere til unge lesere, men mitt vaksne eg ser helst at små niåringer får seg ein heim og ikkje flyr rundt vegane og jakter tyver. Boka er som sagt spennande, mitt harehjarte slår litt til igjen, men det er nok mest for at denne skjønne guten skal overleve. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar