Søk i denne bloggen

mandag 2. oktober 2017

Bok: "Sunnaneng"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Ilon Wikland (ill.)
Originaltittel: Sunnanäng, omsett av Jo Tenfjord
Utgitt: 1959
Min utgåve: 2004
Format: Innbundet, 101 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

"For lenge siden, i fattigdommens dager ..." og slik begynner dei fire forteljingane i Sunnaneng. Det var ikkje godt å vera fattig i Småland, og forteljingane i denne samlinga er noko av det vakraste og mest sørgelige frå Astrid Lindgren. Mest kjent er nok forteljinga om Anna og Mattias som blir foreldrelause, og må flytte inn hjå bonden i Myra. Han meiner barn er til som tjenestefolk og dei grå dagane til søskenparet blir stadig fleire. Heilt til dei ein snørik dag midt på vinteren ser ei flott raudstrupe, og fylgjer den inn porten til Sunnaneng. Dei tre neste forteljingane handler om vesle Malin som må flytte inn på fattiggården, om Stina Maria som blir henta av Gråmannen til dei underjordiskes rike, og om Nils som fantaserer seg ut av ein kraftig febersjukdom.

I disse forteljingane er det ingen som kjem med mat frå dei rikere i bygda, men kvar ein må sørge for seg sjølv. Astrid Lindgren har stor omsorg for alle samfunnslag, og i fleire av dei andre bøkene er det og innslag av fattigere folk. Emil er på besøk i fattigstua, barna i Bakkebygrenda går med mat til Kristi når det er jul, og Madicken har skolekamerater frå dei meir fattigslige strøka av byen. Sunnaneng har eg vore borti før som biletbok, men dei andre forteljingane var ukjente for meg. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Denne tror jeg skal få plass på leselista. Fint å lese noe annet enn det aller mest kjente av Lindgren. Liker dette prosjektet!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Ida! Eg har som sagt lest Sunnaneng, men ikkje dei andre forteljingane og det er veldig kjekt å finna noko som ikkje er så kjent som mange andre Lindgren-bøker.

      Slett