Forfatter: Jens Andersen (f. 1955)
Originaltittel: Denne dag, et liv. En Astrid Lindgren-biografi, omsett av Agnes-Margrethe Bjorvand
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 479 sider
Forlag: Cappelen Damm
Den danske forfatteren Jens Andersen har ein doktorgrad i nordisk litteratur, har mottatt ei rekke priser og har skrevet om berømtheter som dronning Margrethe, Tove Ditlefsen og H.C. Andersen. Andersens siste biografi handler om kronprins Frederik av Danmark, Under bjælken, i anledning hans komande 50-årsdag neste år, og eg gler meg til å sette kloa i den (skjebnen vil merkelig nok ikkje at eg skal lese sistnemnte då bokhandelen min ikkje klarte å bestille den, og den er midlertidig utsolgt i nettbokhandelen. Oh the irony).
Det er ikkje første gongen det har blitt skrevet ein biografi om den verdskjente svenske barnebok-forfatteren Astrid Lindgren. Eg har tidlegare lest Margareta Strömstedts En livsskildring (gitt ut 1977, revidert utgåve 2001) og syns den er god. Smussomslaget kan fortelje at denne biografien går bak forfatterens fasade og går enda meir i dybden av Lindgren. Der Margareta Strömstedt var ei nær venninne av Astrid Lindgren i tretti år, har Jens Andersen halvanna år med samtaler med Lindgrens dotter, Karin Nyman, med i boka.
Eg klarer ikkje å skilje mellom disse to då det er nokre år sidan eg las Strömstedts bok, men Jens Andersens bok er god, den er velskrevet, og byr på seg sjølv med både opp- og nedturer. Eg kjøpte boka for ei god stund sidan, men den har blitt ståande ulest av diverse årsaker. Noko av årsaken er nok at den ikkje er kronologisk - den hopper og spretter i tide og utide. Gleda var derfor stor då eminente Inger Teien har lest den inn og den er tilgjengelig i Storytel. Mange timer seinare har eg lært mykje nytt, men og fått ein del repetert, og eg koste meg med boka. Jens Andersen nemner og hendingar som seinare har kome ut i bokform, som Krigsdagbøker 1939-1945 (2015) og Brevene dine legger jeg under madrassen (2015), begge er lest og funnet meget interessant. Denne dag, et liv byr og på ei lang rekke med private bilete og ei rekke med kjelder Andersen har brukt i si skriving. Anbefales!
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar