Kjelde: Frå mailen til 24in48 |
God morgon! Den offisielle starttida for 24 in 48 er klokka 0600 norsk tid, men ein kombinasjon av sjukdom torsdag kveld og dårleg søvn dei påfølgande netter gjorde sitt til at eg ikkje prioriterte å ha vekkerklokke på ein laurdag. Uansett, nå er det readathon-helg, og eg har gleda meg masse!
Eg kjem ikkje til å starte med det same, for eg må ut og gjera nokre ærender som eg ikkje har fått gjort dei siste dagene og handle inn litt godt til lesinga.
Uansett, readathonet er i full gang, på nettsiden publiserer dei innlegg kvar tredje time, og akkurat nå (10.15 laurdag formiddag) ligger time 3-innlegget ute med informasjon om dei ulike sosiale mediene og diverse. Nå skal eg hive i meg den første kaffekoppen, og gjere ærender så snakkes me om litt!
Laurdag 27. januar:
Kl. 12.00: Eg har høyrt slutten av Harry Potter and the Order of the Phoenix, og skal nå fortsetje i Nicholas Nickleby (akkurat nå på side 162). Eg ser ikkje føre meg å lese ferdig NN, men håper å kome eit godt stykke på veg då eg allerede har brukt evigheter på den boka. Ikkje fordi den er dårleg, tvert imot, men fordi eg blir sint og lei meg på karakterenes vegne.
Kl. 16.30: Eg har stoppeklokke gåande på telefonen for med utallige avbrytelser etter eg skreiv førre oppdatering vart det litt vanskeleg å halde rede på kor lenge eg hadde lest. Eg har lest nesten 2,5 timer i NN, og liker den veldig godt. Nå var det på tide med ein liten pause og den bruker eg på å rydde litt på kjøkkenet, finne litt snacks, oppdatere her og sjekke Goodreads. Veret kunne ikkje ha vore betre for readathon for det blåser opp til storm, og regnet pisker på rutene. Inne har eg tent stearinlys, skrudd opp varmen og skal finne eit pledd før eg synker ned i sofaen.
Kl. 23.00: Ca 6t med lesing og nå er det natt. Mest Nicholas Nickleby og litt Harry Potter and the Half-Blood Prince. Under andre readathon har eg pleid å pløye gjennom flest mogleg bøker, men i dag har eg fokusert på NN. Litt fordi eg gjerne vil ha lest ein del i den, og litt fordi ingenting anna frister i øyeblikket.
Søndag 28. januar:
Kl. 10.00: God morgon! Eg har kokt kaffe, det blåser ute, og eg skal synke ned i sofaen med Nicholas Nickleby. Til alle som ikkje har lest den: Meget god bok, og eg syns sidene flyr avgårde.
Kl. 17.00: Timane har flydd avgårde denne søndagen, og saman med Nicholas eller Harry Potter har eg lagd middag, drukket kaffe, rydda litt og åte sjokolade. Akkurat nå er eg ganske lei heile greia, og vurderer å gi meg for dette readathonet.
Kl. 22.00: Eg endte opp med å skru av TV etter nyhetene for eg bruker ikkje tida mi på kanalsurfing. Høyrte då ei stund på Harry Potter og gjekk og la meg etterkvart.
Harde fakta:
- 275 sider i Nicholas Nickleby.
- Ca 6,5 time i Harry Potter and the Half-Blood Prince.
13,5 time totalt av 24t i løpet av 48 timer. Godkjent!
XOXO
Jeg har ikke meldt meg på men er litt uoffisielt med siden jeg er hjemme og syk og begynte morgenen med å lese ferdig En av oss. Nå må jeg finne noe lystigere å fortsette med. Kos deg med NN :)
SvarSlettEg har og vore sjuk rett før helga, men våkna heldigvis frisk og rask i dag :-) God betring og kos deg med bok. Det hjelper som regel mot det meste <3
SlettDet hørtes ut som du var vel plassert og godt forberedt på read-a-thon denne gang. Det skal bli spennende å se om du klarer 24 av 48 :-) Lykke til! Været er ihvertfall med deg ;)
SvarSlettTil og med veret var godt førebudd denne gong ;-)
Slett