Søk i denne bloggen

onsdag 28. februar 2018

Leserefleksjonar #30 | Februar i bøker

Februar var: Akkurat nå er den isnende kald! Var ein kort tur på matbutikken for ein halvtimes tid sidan, og angra på at eg ikkje hadde på meg overtrekksbukse- og jakke. Snøen kom eit par månader for seint syns eg, og det har snøa fleire gonger i løpet av februar. Eg er nok litt i overkant opptatt av veret då eg går til jobb og gjerne vil at ungane på jobb skal få ei grei ute-tid.

I februar las eg: Ein del mindre enn i januar, men det eg har lest har eg kost meg veldig med. Eg har høyrt ferdig Harry Potter for denne gong, og begynt på ein serie med bøker frå Sherryl Woods (tanker om denne serien vil koma i eit eige innlegg).
  • J.K. Rowling: Harry Potter and the Half-Blood Prince (HP #6)
  • J.K. Rowling: Harry Potter and the Deathly Hallows (HP #7)
  • Sherryl Woods: The Inn at Eagle Point (Chesapeake Shores #1)
  • Helene Uri og Ragnar Aalbu (ill.): Perler for svin OTS
  • Sherryl Woods: Flowers on Main (Chesapeake Shores #2)
  • Jess Kidd: Himself
  • Sherryl Woods: Harbor Lights (Chesapeake Shores #3)
  • Sherryl Woods: A Chesapeake Shores Christmas (Chesapeake Shores #4)
I februar kjøpte eg: Kvart år seier eg til meg sjølv at eg trenger ingenting på Mammutsal. I år derimot kikka eg nøye gjennom katalogen, bestilte fire bøker, og har kjøpt fire utanom trur eg (utanom ein bursdagspresang). Eg syns det var veldig bra!

Månadens store leseoppleving: Ingen av bøkene ga meg den heilt store jippi-kjensla, men Woods-bøkene er perfekt kose-lesing.

I mars skal eg: Stakkars Nicholas Nickleby har blitt ignorert heile februar, men med Booker-lesing om eit par veker til Man Booker International Prize ser eg ikkje lys i enden av tunnelen for Nickleby. 12. mars kjem langlista til nemnte Booker-pris, og eg ser fram til den.

Kva har du lest og opplevd i februar?

XOXO

2 kommentarer:

  1. I februar har jeg lest Bånd av Domenico Starnone og The Unpredictability of being human' av Linni Ingemundsen. Anbefaler begge �� Noen mener Starnone er Elena Ferrante ;) Linni Ingemundsen er en jærsk forfatter som har gitt ut ungdomsbok på engelsk, men som nå er solgt til mange land,inkludert Norge ��

    SvarSlett
    Svar
    1. Spennande! Eg har høyrt om den moglege Ferrante-forfatteren :-)

      Slett