Forfatter: Gareth P. Jones (f. 1973)
Originaltittel: The Thornthwaite Inheritance, omsett av Jørn Roeim
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2013
Format: Innbundet, 280 sider
Forlag: Mangschou
Den britiske forfatteren Gareth Phillips Jones er eit hittil ukjent blad for meg, men det er ikkje så rart då eg ikkje følger så veldig med på kva som skjer i barne- og ungdomslitteraturen. Jones har hittil skrevet to bøker om Thornthwaite-tvillingene, men og ei rekke med andre bøker for barn og unge. Denne forfatteren må eg sjekke ut litt nærmere etterkvart.
Det første som står i baksideteksten er Agatha Christie møter Familien Addams. Eg er ingen stor fan av The Addams Family, trur knapt eg har sett ein heil film om dei, men Agatha Christie er ein innertier. Eg har lest dei fleste, om ikkje alle, bøkene den britiske krimdronninga har skrevet. Arvingene handler om eit tvillingpar som ikkje er heilt A4. Dei er foreldrelause, bur på ein gammal herregård, er arvinger til ein stor formue, og bruker det meste av tida på å ta livet av kvarandre. Me snakker ikkje om små skøyerstreker, her er det pirajaer i badekaret, iskrem med sprengstoff og andre morderiske saker. På trettenårsdagen bestemmer Lorelli og Ovid seg for å inngå skriftleg våpenkvile, og for første gong kan dei stole på den andre. Så kvifor fortsetter mordforsøka?
Lorelli og Ovid forstår etterkvart at den einaste dei kan stole på er den andre tvillingen, og går mordforsøka etter i saumane. Familiehistorien deira er og meget diffus, og brikkene legges ut på brettet. Kan det vera den store arven nokon er ute etter? Og i så tilfelle kven tener på at tvillingane døyr?
Arvingene er ei meget underhaldande bok som er meint for barn og unge. Likevel er det mykje i den som eg har glede av, og forfatteren veit å halde leseren på limpinnen. Kapitla er korte og greie, perfekt for lesing på senga, og historien har godt driv. Eg er spent på kva som vil skje i neste bok, Arvingene og den tvilsomme onkelen. Den har eg sett i bokhandelen, så løp gjerne og kjøp!
XOXO
Aldri hørt om forfatteren eller boka. Men høres spennende ut :-) Likte fremsiden på bok coveret. Morsom laget.
SvarSlettDet er meget bra, og det er så bra at det skrives gode bøker til barn som er midten mellom barnebøkene og ungdomsbøkene. Eg har anbefalt den til to eg kjenner som har barn i 9-10-årsalderen.
SlettDenne hørtes spennende ut! Godt å se at det finnes gode bøker for barn/ungdom, eller som du skriver i kommentaren over her: de som er midt mellom barn og ungdom.
SvarSlett