Søk i denne bloggen

lørdag 12. mai 2018

Bok: "Våre sjeler om natten"

Forfatter: Kent Haruf (1943-2014)
Originaltittel: Our Souls at Night, omsett av Solveig Moen Rusten
Utgitt: 2015
Min utgåve: 2016
Format: Innbundet, 232 sider
Forlag: Pantagruel

Den amerikanske forfatteren Kent Haruf er ein prisbelønna forfatter som var finalist til National Book Award i 1999. Han var godt utdanna, og alle hans romaner har hatt sin base i Colorado slik som forfatteren sjølv. Our Souls at Night er den siste romanen han skreiv før han gikk bort etter kreftsjukdom i 2014.

Våre sjeler om natten handler om Addie Moore som ein kveld går bort til nabo Louis og ber han om noko heilt spesielt. Dei har begge vore aleine lenge etter deira respektive gikk bort, og Addie kjenner på einsemda om natta. Nå spør ho Louis om han vil ligge hos henne om natta, og etter litt betenkningstid svarer han ja. Dette blir starten på samtaler og eit vennskap ulikt alt anna. I den vesle byen Holt går ryktene og snakket, men Addie og Louis er begge så gamle at dei gidder ikkje bry seg. Det blir verre då dottera til Louis og sonen til Addie får nyss i det.

Romanen er filmatisert av Netflix med stjernene Robert Redford og Jane Fonda i hovudrollene. Filmen har vore i radaren min ei stund, men det var ikkje før tidlegare i veka eg oppdaga at det er ein roman bak filmen. Eg angrer ikkje på at eg les boka først, men nå undrer eg meg over om eg vil sjå filmen. Våre sjeler om natten er heilt spesiell, og er eit lite stykke kjærleikshistorie mellom to einsame mennesker. Det var aldri meininga at det skulle bli dei to, men romanen kunne med fordel ha vore litt lenger så ein kunne fått vite om Addie kom heim igjen til Holt. Bygdesnakket er berykta, og det er ikkje lett å snike seg rundt når det er øyrer og auge overalt, men det skal ein av og til plystre langt etter. Muligens fleire burde vore som Addie og Louis. Anbefales!

XOXO

6 kommentarer:

  1. Jeg har lagt merke til filmen på Netflix men ikke sett den ennå,nå fikk jeg lyst til å lese boken først. Høres ut som en fin bok og film :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du vart inspirert til å lese boka :-)

      Slett
  2. Jeg har sett filmen, den var kjempefin

    SvarSlett
    Svar
    1. Då må den nok sees ein kveld :-)

      Slett
  3. Denne boken høres både fin og spesiell ut, en litt annerledes kjærlighetshistorie. Måtte sjekke med en gang om den fantes på eBokbib, det gjorde den dessverre ikke, men kanskje jeg ramler over den et annet sted(akkurat nå er jeg i gang med prosjekt "rydde bokhyllene"). Håper du har en flott mai-uke, Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur ikkje den er så kjent til tross for Netflix-filmen, men eg vart positivt overraska då den faktisk var oversatt og fantes på biblioteket. Eg var ganske sikker på at eg måtte ty til Amazon :-)

      Rydding i bokhyllene er spennande. Gjorde det for eit par måneder sidan og kvitta meg med 25 kilo med bøker. Rydder du ut eller rydder du i system?

      Slett