Søk i denne bloggen

lørdag 28. juli 2018

Read-a-thon minutt for minutt (#7)

Dette innlegget blir oppdatert underveis i readathonet!

Fredag 27. juli:

Dewey's 24 hour readathon med ein liten tvist! Istedet for at norske lesere begynner klokka 14 om ettermiddagen slik eg har gjort tidlegare begynner readathonet 8PM Eastern Time noko som gjer at norske lesere teknisk sett begynner kl 2 natt til laurdag! Førre veke hadde eg ikkje tanker om å begynne å lese kl 2 om natta, men akkurat nå er det 25 grader kl 23 om kvelden, og eg sover ekstremt dårleg i varmen. Så eg blir ikkje overraska om eg ender opp med ei bok i natt :-)

Eg har ikkje så mange planer for dette readathonet og som eg oppdaga førre helga då det var 24in48-maraton så var planlaust det greiaste. Les litt her, les litt der, bruke stoppeklokke, høyre lydbok når eg trengte pause. Finfine planer! Håper du vil vera med og lese, eller legge igjen ein kommentar! Happy reading!

Laurdag 28. juli:

Kl. 08.00 - God morgen readathoners! 6 timer ut i readathonet og eg har starta Agatha Christie og stoppeklokka :-) Eg har eit mål for dette readathonet og det er å slå tiden frå januar (som er på fattige 9t). God lesing til alle!

Kl. 13.30 - Litt Donal Ryan, litt Rebecca Solnit, ein heil del Agatha Christie. Det er fasiten dei siste timane. Nå skal eg sette meg godt til rette og lese med vindauget opent.

Kl. 22.45 - Det har vore litt problematisk å finna roen til å lesa i dag. Eg fungerer ikkje i varmen, og når gradestokken viser 28 C blir det i varmeste laget. Utover kvelden vart eg meir fascinert over korleis himmelen mørkna og til slutt kom regnet. Og lyn. Og torden! Lykke for meg som har tilbrakt mange minutter i vindauget under tordenskrall. Før den tid har eg høyrt ferdig ei Agatha Christie-bok, lest ferdig Donal Ryans Booker-nominasjon, lest Rebecca Solnits essay (som irriterte meg i redigeringsmåte) og høyrt Barney Stinsons The Bro Code (frå How I Met Your Mother). Nå har eg såvidt begynt på to Booker-bøker, men merker at eg eigentleg er meir enn klar for senga. Regnet renska godt opp i lufta, og mogleg eg kan sove normalt i natt.

Det vart ikkje meir lesing etter denne oppdateringa, og eg er fornøgd med 10t5min som stoppeklokka viser. Det er meir enn forrige gong, og det var målet. Neste 24 hour readathon er 20. oktober!

I løpet av readathonet har eg lest/høyrt i følgende bøker: Evil under the Sun | From a Low and Quiet Sea | Menn forklarer meg ting | The Bro Code | The Water Cure | In Our Mad and Furious City

Du kan følge mitt lesedøgn her:

XOXO

7 kommentarer:

  1. Lykke til med lesingen, Elida! Ser frem til å følge deg og jeg blir selvfølgelig med på lesingen og har nettopp meldt meg på.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk og i like måte! Gler meg til å lese med deg :-)

      Slett
  2. Jeg er også i gang, men begynner ute. Ordner blogginnlegg så snart jeg tar meg en pause fra solen. Kos dere!!

    SvarSlett
    Svar
    1. I like måte, Ann Helen! Eg skal ta meg ein tur ut øyeblikk, 28 grader ute og 24 grader heile natta, så varmt i dag og :-)

      Slett
  3. Imponert over 10 timer da! Og jeg var også veeeeldig glad for regnet, bulder og brak igår. Jeg har sovet i natt - som død!! Det er et par døgn siden det skjedde... Ser du har lest The Water Cure. Hva synes du sålangt? Jeg er kommet halvveis, og for meg er den ... underlig.

    SvarSlett
    Svar
    1. ...og, så har jeg notert meg neste Read-a-Thon. Jeg har bare vært med på ett, og det likte jeg svært godt - det norske som vi "laget". Kanskje vi skulle få til en norske-bokbloggere-readathon igjen. Det hadde vært skoi :D

      Slett
    2. Takker! Det var kjempedeilig med ei opprensking i lufta, eg har og sovet godt i natt. Eg har høyrt (ja eg gir meg ikkje på lydboka ennå) ca 40 min, og så langt så irriterer dei tre (!) lesarane meg meir enn sjølve historien. Eg har høyrt eit radioteater-høyrespel i mitt liv og den måten å lytte til bok fungerer ikkje for meg. Det kan bli interessant med The Water Cure på den måten.

      Slett